now the hungry lion roars/and the wolf behowls the moon/whilst the heavy ploughman snores/all with weary task fordone

eg står på verandaen under markisa. klokka er nærmare tolv, det regnar men det er lyst ute endå. det trommar. eg ser vassdråpane overalt rundt meg, men eg er like tørr. kanskje det er difor ein eigentleg invisterer i markiser, kanskje det er difor ein eigentleg slår dei opp, for å ha ein tørr stad å ta seg ein røyk, sjølv når himmelen opnar seg ei juli natt i 2012. ikkje veit eg, men det er fint. fint å høyre lyden av regn mot stoff. fint at klokka er nærmare midnatt, og likevel ser eg over vatnet og heilt bort til grendahuset. fint, nei, nydeleg, å speide over marka som ligg så fint og badar seg i smørklokker og speglar seg i fjellvatnet. så utruleg hjarteskjærande fint å vere på barmen att.

inne er det varmt. der går alle og snakkar med ein hyggeleg tone, flirer, drikker litt øl og tar seg på magen for å demonstrere nettopp kor mette ein er. vi er ikkje mange. det er kristin, alexander, pappa myklebust og marianne. ja, og meg. som står ute på verandaen og tar ein røyk og høyrer på regnet og er melankolsk, men på ein bra måte, på ein fin måte, for alt er så fint. så magisk. så himla bra. sommaren då eg var seksten budde eg her, i dette huset. ein morgon fann eg og kristin ein babyflaggermus med broten vinge på altanen. denne altanen eg står på no. eg hugsar ikkje heilt kva vi endte opp med å gjere med den. vi ville hjelpe den, og mor til kristin, magni, kom, men eg hugsar ikkje kva det vart til. eg trur vi måtte avlive den. den var veldig hardt skada. det var sommaren då eg jobba i rakfiskbedrifta til foreldra til kristin. då eg og kristin kom i avisa med bilde av oss, i store kvite t-skjorter, gule oljebukser, hårnett og gummistøvlar medan vi sløygde fisk. det er lite rakfiskmakarar her til lands. det var også samme sommaren då eg drakk meg full på malakoff for fyrste gong, og kristin var forelska og eg gledde meg til å flytte på hybel. det var den finaste sommaren.

eg stumpar røyken og går inn og skyll han i do. dei andre har flytta seg inn i stova. sit der, mette, småtrøytte og glade. vi har hatt skalldyrkveld. hummer, kreps, krabbe og kongekrabbe. for det meste fiska i eigne ruser og teiner. det er slikt som er ekstra fint med vestlandssommaren. eg smået litt sjokolade og ler av vitsar og anekdotar som blir fortalt. når dei vaksne går og legg seg går vi opp i grillhytta og fyrer bål i peisen. veden er rå og knitrar. utanfor høyrer vi så vidt ei ugle hutre, og vi snakkar om livet og planar framover. om meg som skal til roma, og kristin som skal studere til hausten, om kristin og alexander som nettopp har blitt sambuarar. og så slår det meg ein gong til, slik det slo meg på altanen. skuldrane mine, dei slappar heilt av. hovudet mitt er tusen tankar lettare. mobilen min er utladda, men eg bryr meg ikkje. eg har fri i morgon. dessutan, så er det så mykje bedre å slappe av med gode venner. neste dag når eg vaknar, kjem kristin inn på rommet mitt og vekker meg. det er mamma i telefonen. tanta mi har fått baby.

bilde: a midsummer night’s dream, edwin landseer (1848)
sitat: a midsummer night’s dream, william shakespeare

One comment