han og ho, ikkje tristan og isolde (fiksjon)


eg likar ikkje å snakke om ting. så ikkje spør meg. om kva eg føler eller tenker, for eg kjem berre til å avfeie deg. ikkje sjå på meg eller smil til meg eller sei hei til meg. for då dør eg. inni meg. og når vi ikkje lenger har kvarandre i syne, kjem eg til å springe til eg finn eit offentleg toalett, og eg kjem til å låse døra. skru på vasken og sette meg på golvet. som ei scene i ein klein film med brittany murphy i hovudrolla, utan å snakke vondt om dei døde. for ho har sine fine filmar ho også. eg kjem ikkje til å gråte. eg grin ikkje. varme tårer kjem til å svi seg lydlaust nedover kinnet mitt og eg kjem til å gni dei irritert vekk og prøve å puste i roleg takt. når eg endeleg klarer det, kjem eg til å forsvinne inn i hovudet mitt. i alle tankane eg ikkje deler med deg, men avfeier om du spør. og ikkje spør meg om det. eg kjem til å flytte inn dit, på det offentlege toalettet og leve i ei boble av alle tankane og kjenslene eg ikkje snakkar om.  og  eg kjem ikkje til å tørre å gå ut på minst halvanna time, berre fordi eg ikkje vil møte på deg ein gong til. og eg veit det er barnsleg. og eg veit eg er barnsleg. men det er då endå slik denne soga går. den gyngar i takt til dei tragiske, barnslege, klisjèfylte bølgene av forutsigbarhet. dette er ikkje soga om tristan og isolde, om ask og embla, hamlet og ophelia, romeo og julie. dette er soga om meg og deg. like forutsigbar og identisk som den om han og ho. dei andre sogene, dei er ikkje ekte. dei er berre på leik. skapt for å fore manuset til den verkelege storyen. den vi lever. den som er faktisk og på ordentleg ekte. den om han og ho, som eigentleg er heilt identisk den om meg og deg. og det morosamme er, eg likte eigentleg aldri deg, du berre fall gjennom, som ein komet. full av stjernestøv og faenskap. men ta det med ro, eg jobbar med det. å tette ozonlaget som kretsar rundt meg. neste gong du, eller han, eller kven soga vil eg skal danse med prøver å komme deg atmosfæren, kjem du til å brenne opp lenge før du treff bakken. men ein ting skal dei, liksom-sogene. dei endar nestan alltid tragisk. det gjer det litt bedre. det forar faenskapet i sjela mi.

 

(og før de spør, ja, eg er utruleg inspirert av miranda july sine noveller om dagen, og ja, eg leste nettopp soga om tristan og isolde. igjen.)

bilde 1: ophelia, John Everett Millais (1852)
bilde 2: ending (romeo and juliet), annie leibovitz for vogue US (2008)
bilde 3: tristan og isolde, John Duncan (1912)

translation: a short fiction text about being heartbroken.

4 comments