god only knows what i’ll be without you

(har blitt instagramhore, og slik ser livet mitt ut gjennom den slørete linsa til mobilen min)

røyndomsflukt til barmen for å drikke raudvin og ete scampi saman med kristin, kjærasten hennar alex og pappaen til kristin (som er “adoptiv”pappaen min) og kjærasten hans. den finaste kvelden heile sommaren.

spontan roadtrip til ålesund saman med mamma og stine. møte på ann iren, røyke fancysigg og snakke tull.

har offisielt endra namn. kjennest godt etter å ha snakka om det i fleire år og brukt nytt namn like lenge.

roadtrip til florø på bursdagen min (12.mai) saman med finaste janne og arne jon.

mimra tilbake til mars, då eg hadde vondt i hjartet og trudde sommaren aldri kom til å komme.

kunsta litt.

feira bursdagen min med 20-tals tema med alle vennane mine. fekk endeleg sjå finaste veronika igjen, og de kan berre tenke dykk kor fint vi hadde det.

vore på hyttetur med janne og ein gjeng kjekke folk.

feira måløydagane med dei finaste flatrakarane som fins, og som eg knapt har sett i heile år.

vore fyllesjuk, radikal og sinna på samfunnet saman med den mest fantastiske hanne.

sovna på bohemloftet mitt til bleike netter og bølgeskvulp og tenkt at no er sommaren her. verkeleg. og om under to månader, kristina, då flyttar du til roma.

(heiter kristinaaurore på instagram, kva heiter du? og kva har du bedrive tida med den siste halvanne månaden?)

translation: my last month and a half through instagram. i’m called kristinaaurore, what are you called? and what have you been up to lately?

3 comments