kaleidoskop

vi tar pauser fordi vi er slitne. pauser fordi vi ikkje har meir å gi. og så legg vi oss ned, på senger, i sofaer, på marka, på golvet, på asfalten. og vi stirrer opp, lukker og opner auga i trufast takt. tar inn det vi ser. tar inn det vi tenker. ser tak, ser mørke, ser lys, ser himmel. langt vekke, som i ei boble, høyrer vi lydar som minner oss på kva som eigentleg er. men vi skrur ned volumet. lukkar auga og opnar dei ikkje, men ser for oss det vi såg for eit splittsekund sidan. ser for oss stjernetåke og solstormar. ser for oss skyer som klumpar seg til figurar. ser for oss lysekroner som dinglar som i eit kaleidoskop. ser for oss det, til vi ikkje høyrer anna enn det stille suset av våre eigne lunger som fyller og tømmer seg, den stille tromminga av hjartet som spenner og løsnar seg og fyller årer og tømmer vener for blod. luft og blod. og det går opp for oss at det er alt vi er og alt vi kjem til å bli, og den dagen lungene tømmer seg utan å fylle seg att, den dagen hjartet strammar seg utan å løsne, er den dagen vi ikkje er meir. den dagen kaleidoskopet sluttar å snurre og vi ser at alt er speil og illusjon og vi blir eitt med det. og så sovnar vi. søv ein stille søvn, ein djup søvn som berre kjem ein gong i blant, når ein verkeleg treng det, når ein endeleg er trygg. og når vi vaknar er vi utkvilt og vi forstår; vi tar pauser fordi vi er slitne, vi vaknar fordi vi må.

foto: linka til kjelder.

2 comments