raudvin, onsdag, sigarettar, patti smith, parisbohemen og susanne sundfør.

det er onsdag, klokka er ti over halv seks på ettermiddagen og eg sit på balkongen min, drikk raudvin rett frå flaska og røyker marlboro. eg har på meg den raudoransje kjolen eg kjøpte på eid for akkurat ei veke sidan, og gule sko, like gamle. det strøymer fransk pop frå sekstitalet frå høgtalarane til macen min og eg les susanne sundfør sitt intervju i musikkmagasinet eno. ein kan sei mykje om susanne, men eg likar ho. ho er dyktig, ho er menneskleg, ho er kunstnar. eg tar ein sup til av flaska, tenner ein ny røyk og tenker at eg også vil vere kunstnar. så inderleg at eg kanskje vil det for mykje. for mykje til at det kan bli noko bra. ein ny sang slår takt og eg kjem på at det var akkurat slik patti smith tenkte då ho og robert mapplethorpe budde i den vesle leilegheita si i brooklyn. og patti smith vart jo kunstnar, ein av dei største i vår tid, spør du meg. ikkje at eg trur eg nokon sinne blir like stor som ho. så lenge eg kan skape noko og tjene nok av det til å betale husleige, rekningar og ei flaske raudvin i ny og ne, er eg nøgd. berømming fristar ikkje så mykje, eg vil berre vere fri. frå samfunnet og normer. eg vil vere parisbohem på tjue-talet. ha pseudointellektuelle samtalar med hemingway om litteratur og kunst, som i woody allen sin midnight in paris. men parisbohemen er død. om ikkje utrydda, og det gjer meg så inderleg trist. eg veit det er ein klisjé å sei at ein føler ein er fødd i feil epoke, men eg gjer det. eg snakkar liksom ikkje same språket som dei rundt meg. ser ikkje dei same situasjonane eller bekymringane. eg ser kun moglegheiter. om vegen er stengd, la oss klatre over gjerdet då, for faen.

då eg vakna i dag tidleg, var himmelen blå og sola skein, no er det ettermiddag og sola ligg løynd ein stad mellom himmelen og skodda. alt er grått og grønt. grå himmel, grå sjø, grøn mark. det er alt her er, det er alt eg er. det og raudvinslepper. på twitter heiter det emoonsdag, på facebook vesle laurdag, for meg er det ein stad midt i mellom. akkurat som onsdag i seg sjølv. midt i mellom himmel og helvete. eg lurer på kor mange gongar den setninga er skriven før? mellom himmel og helvete, det er jorda det, for alle som trur på slikt. eg veit ikkje kva eg trur på. i alle fall ikkje gud, og ikkje satan heller. før sa eg at eg trudde på menneska, på fakta, men eg veit ikkje. det einaste eg med handa på hjarte kan sei eg trur på, er kunsten. kunsten å puste, å leve, å skape, å bevege ein fot foran den andre. å stramme stemmebanda, munnen og bevege tunga slik at det formar seg ord og setningar å meining. tenk så mykje vi faktisk skaper kvar dag utan å ein gong tenke over det. det er nestan overveldande.

når røyken sloknar skal eg gå inn igjen og rydde ferdig rommet. det er det eg eigentleg driv med i dag. ryddar opp rotet mitt, ryddar hovudet mitt. kristin sa ein gong til meg at ho har det ikkje roleg inni seg, om det er rotete rundt ho. eg veit kva ho meiner. dei siste vekene har eg levd i eit tjernobyl av kle og bøker som har lagt slengt over alt kring meg. eit kaos. no skal eg gjere som susanne sundfør, forvandle kaos til kosmos. kanskje blir det enklare å vakne om morgonen då? kanskje blir det enklare å skape noko ordentleg då? kanskje kan eg skrive ei setning og vite at den ikkje har blitt skriven av hundretusen andre, hundretusen gongar før. det ligg mange opne vegar løynd i eit kanskje.

foto: linka til kjelde.

translation:
sitting on my balcony a wednesday afternoon, smoking marlboro, drinking red wine straight from the bottle and reading art-magazines. wondering what will happen in the future and how it will be and waiting for the future to arrive.  

4 comments