the beginning of a romance


eg ser på sida og den er tom. ingen ord eller bilder, berre eit tomt lerret som ventar på blekk og maling. så eg byrjar. eg løftar pennen, dyppar malekosten i vatn, og prøver mitt beste på å skape noko. noko verdt å sjå på. noko verdt å lese. og det er så uendeleg skummelt.

eg står i rommet og det er tomt. bak meg står alle esker, posar og koffertar. dei ventar på at eg skal ta dei inn i varmen og pakke dei ut. innrede dei og gjere dei ein del av den nye verda mi. denne verda. det er vanskeleg å puste, men lungene fyller og tømmer seg likevel. eg har gjort dette før, eg burde vite korleis det kjennest og kva eg skal gjere. men alt eg kjenner er kor utruleg skummelt tanken og idéen om å byrje på nytt er.

men det er ikkje berre skummelt, men også spennande og fantastisk. og eg gleder meg over det. det er noko heilt eige å stå ein ny stad, sjå utover eit nytt landskap og ikkje ha nokon aning om korleis ting kjem til å sjå ut om ei veke, ein månad, eit år. det er kanskje den mest skremmande og frigjerande kjenslen i heile verda.

så her står eg, på ny grunn, og skal ønske dykk alle velkommen. velkommen til mi nye verd, mitt nye tilfluktsrom. velkommen!

for de som kjenner meg frå før, så veit de at eg i fjor på denne tida, då kristinakvaale.wordpress.com fyllte eit år og 22 dagar, haldt ein konkurranse. og, for å feire to års dagen til den gamle bloggen og byrjinga av denne nye, er det igjen tid for konkurranse!

vinnarane (det blir to) får kvar sin pakke pukka-te pluss ein liten overrasking til å gå saman med te-en. denne konkurransen er på ingen måte sponsa og premien kjem rett frå mine eigne pengar. alt de treng å gjere er:

1. skrive eit dikt eller ei novelle om det å vere forelska

eller

2. ta eit bilde som illustrerar korleis det kjennes å vere forelska. 

fristen går ut 1. november og bidraga kan enten sendast på e-post til meg (kristinaaurore alfakrøll live dott com) eller de kan legge det ut på dykkar eigen blogg, linke til dette innlegget og sende meg linken i kommentarfeltet. eg håper mange blir med og eg gler meg til å lese og sjå gjennom bidraga dykkar. de er alle heilt fantastiske og eg trur eg er litt forelska i dykk alle saman!

 

 

foto: linka til kjelde

translation: 
welcome to my new blog! i feel like i am standing in the hall of a new apartment, with all my bags and boxes behind me, waiting to be unpacked and furnished. to start the new blog off i am hosting a contest. the winner will get a pack of pukka-tea and also a surprise to go with it. the contest is by no means sponsored and the prizes are all paid by me. all you have to do to enter is either;

1) write a poem or a short story about how it feels to be in love.
or
2) take a picture that you feel depict the feeling of being in love 

the last day to enter/send me the texts/pictures is november 1st. you can send me your additions either by e-mail (kristinaaurore at live dot com) or post it to your own blog, link the post to this one and give me the link through a comment. i hope many will participate, and i can’t wait to see what you’ve created! you are all so incredible and i think i am a little in love with all of you!

photo: linked to source

 

ps: berre fordi eg må: Følg min blogg med bloglovin

14 comments

  1. gnistregn

    så utrolig spennende, dette ser ut til å bli veldig, veldig bra, gleder meg til å følge :]
    sender deg også et konkurransebidrag, såklart ^_^

  2. ida Therese

    Nå ble jeg nesten litt redd; hadde nettopp begynt å lese bloggen din, og så skulle du slutte?! Men dette ser bra ut, gleder meg:)
    Jeg blir med i konkurransen også, sender deg link når jeg har skrevet noe;)

  3. Karen

    Gratulerer så mykje med nytt domene! Vart litt redd for at du skulle slutte å blogge heilt då eg byrja på innlegget på den gamle bloggen. Det ville vore trist

  4. Pingback: Om å elske | rosapille
  5. Pingback: flickr favorittar oktober | Photographs & Imaginary Pixies
  6. Karoline

    Så fin blogg du har og kul konkurranse <3 Sendte nettopp bidrag på mail fordi jeg elsker konkurranser og vil ellers ønske alle andre deltakere lykke til =D Ha en fin dag!

  7. Egwene

    Jeg har skrevet noe inspirert av dette, men fant ikke noe bra sted å sette inn link.. oh well! Ser ut som om du har fått mange bra bidrag regardless! OG, jeg synes siden din er fin og at du er fin <3

  8. Pingback: konkurransepåminning! | Photographs & Imaginary Pixies
  9. Pingback: Photographs & Imaginary Pixies › bursdagar og kvardagskjærleik (konkurranse)