i haven’t fucked much with the past, but i’ve fucked plenty with the future.

av og til må ein berre forsvinne litt. bli til støv og fly av stad med vinden. gløyme alt og skru av hjerna. drikke kaffi på trammen saman med den beste vennen ein har, medan ein tar seg ein røyk og diskuterar nekrologane i lokalavisa og bilkræsj. av og til må ein det. hoppe på bussen og sei siste endestopp utan å heilt vite kvar det er. sette seg til rette i bussetet, trekke beina opp til magen og sette på patti smith på full guffe i øyret. eller damien rice. eller bob dylan. eller susanne sundfør. stirre ut vindauget på alle bilar, mennesker, fjellskrentar, tre og hus ein kjører forbi og berre la dei forsvinne forbi som eit vassmaleri nokon har sølt ein kopp kaffi på. det er uansett ikkje viktig om eit år. og i alle fall ikkje om fem. og ikkje i det heile tatt om ti. og alt er sikkert gløymt om femten. så berre pust ut, gi slepp og la vinden rive deg med til framtida. begrave seg i litteratur og skrivebøker og berre skrive. skrive til fingerspissane blør og hjartet har slutta å hamre like hardt. sjølv om hamrande hjarter er noko av det finaste i heile verda, av og til er det fint når det sluttar å hamre så jævla hardt også. les. les til orda mistar meining og handlinga er gløymt. les til ting verkar mindre fucked up enn dei er. og skrål høgt ut i byrjinga til gloria: in excelsis deo av patti smith. JESUS DIED FOR SOMEBODIES SINS BUT NOT MINE.


dikt: patti smith

foto: linka til kjelde.

translation:
things to do when life just seems to fucked up to function.
photo: linked to source

2 comments