kaféar med vinterhage, beethoven på boks, tom trauberts blues og kvardagens konstante variasjon

ein. vi går i singel, ei lita sidegate ved siden av dei ni gatene. eller midt oppi, alt etter korleis du ser på det. leitar etter vintagebutikkar og søte kaféar vi kan besøke. kanskje nokon som sel ekstra gode og ekstra søte cupcakes som gjer livet litt lysare og litt søtare enn det allereie er. for livet i amsterdam er ganske lyst og fint, faktisk, der eg går og småpratar med anette, tenker eg at her kunne eg lett budd. i eit av desse skeive husa langs denne endelause kanalen i dette obskønt flate landet, her kunne eg lett budd. eg. vestlandets dotter. eg som vaknar kvar morgon med å sjå ut i ope hav og høge fjell. eg som får angst av det rolege austlandet, for der er ingen fjell (men også av årdal, for der er for mange fjell), eg trur eg vil bu i amsterdam ein gong. anette seier noko, eg svarar og spør om vi ikkje berre skal sette oss på kaféen der borte. den med vinterhage, slik at vi kan sitte å sjå på alle folka som går forbi. så gjer vi det. eg bestiller ein kopp svart kaffi, anette ein varm sjokolade med krem. vi snakkar om mummitrollet og barndomen og alt som vi kjem på medan vi snakkar om det. eit norskt ektepar sit bak oss og tilbyr å ta eit bilde. med eit hjarte som dunkar litt ekstra hardt i frykt for at dei skal stikke av med mitt kjære monster, gir eg dei kameraet mitt og vi smiler. klikk seier det og så var det gjort. vi takkar og smiler og drikk opp kaffi og kakao. rett over gata ligg ein bokhandel med engelske bøker, og vi berre må.

to.  står inne på the american book center i singel gata. ser berre hylle etter hylle med bøker. alle slags bøker. og ei trapp opp, hyller på veggen fulle av endå fleire bøker og ein etasje med meir igjen. det er nesten overveldande. så stort, så fullt, så… vakkert. fingrane mine dansar over bokryggar, glir over titlar og blar forsiktig gjennom sider. just browsing, seier eg om nokon spør om eg treng hjelp. ser på fotobøker, biografar, diktsamlingar, romanar, vil kjøpe alt. kjøper patti smith sin just kids og why we broke up av daniel handler, bevegar meg mot køen foran skranken. det overraskar meg at ein så stor bokhandel kun har ein skranke, men så kan det hende at der er ein i overetasjen også. eg veit ikkje. på bokhylla vedsiden av meg står det bittesmå speledåsar, slike i metall. slike ein hadde då ein var mindre, som spelar pippi langstrømpe, yellow submarine og as time goes by. eine speledåsen spelar beethovens für elise, eg snurrar på hjulet og høyrer dei forsiktige tonane klinge ut. enkle, klare, som stjerneskot. eg tenker på veslesystra mi, som også heiter elise. tenker på kor lenge det er sidan eg har sett ho no, på kor fin ho er, med det kvite håret sitt og dei lyseblå auga. ein liten engel, ei prinsesse, langt langt borte. så eg gjer som alle storesystre i ukjende land gjer når dei saknar veslesystra si. eg kjøper ho speledåsen, ein liten beethoven på boks. og så sender eg ho ei melding, eit lite hei frå amsterdam.

tre.  eg kjem heim frå jobb med dunking i hovudet. alt eg greier å tenke er dunk dunk dunk. hamrar og strammar og presser. skrur på springen og lar vatnet renne til det er kaldt. så kaldt at det svir når eg sjekkar temperaturen med peikefingeren. finner fram ein ibux 600 milligram og svelger den fort, så eg ikkje kjenner kor stor den er. legg meg i senga og latar att auga. tenker på tom waits, på tom traubert’s blues. nynnar stille på den medan dunkinga forstett. brukar den som beat, innebygd slagtromme i hovudet mitt. wasted and wounded, it ain’t what the moon did, got what i paid for now. dunkinga avtar sakte, men eg fortsetter å nynne. syng den bort i såra ord lånt av tom. det byrjar mørkne ute og sakte byrjar det å slakne grepet rundt tinningen. nesten som om mørkret jagar dunkinga vekk. mathilda’s the defendant, she killed about a hundred, and she follows wherever you may go. eg opnar auga forsiktig. heilt mørkt. famlar i mørkret. finn brytaren på veggen. lys. stille går eg ut på balkongen, stirrar i havgapet og ser opp på stjernene. så dette er kvardagen, tenker eg og prøver å sjå for meg korleis kvardagen ser ut om fire fem månadar. om seks månadar. om eit år. alt kvardagsleg endrar seg, ingen kvardag er lik, vi berre latar som dei er.

foto: linka til kjelde

translation:
three texts. one about sitting in a café in amsterdam, looking at the people and talking about moomin and childhood memories and all that relates to that. the other about standing in the biggest bookstore i’ve ever been to, finding a music box playing für elise by beethoven and suddenly missing my little sister, elise, immensely. the last one about coming home from work with a migraine. singing tom traubert’s blues while waiting for the painkiller to kick in. looking at the stars and realizing that no ordinary day is ever ordinary. they are all constantly changing into something new, a new ordinary. and i wonder what mine is changing into. photo: linked to source. 

6 thoughts on “kaféar med vinterhage, beethoven på boks, tom trauberts blues og kvardagens konstante variasjon

  1. Dette var fint, veldig fint. Likte veldig godt der hvor ‘wasted and wounded, it ain’t what the moon did, got what i paid for now.’ kommer inn. Er det fra en låt? Slutten av teksten likte jeg også, hverdagsromantiker som jeg er. Liker at det ikke er noe komma mellom fire fem månadar. Liker også refleksjonen over at du er ei vestlandsjente og at landskapet betyr så mye, for det gjør det jo. Det tenker jeg veldig mye på. Jeg lurer på hva som gjør at vi blir glad i noen byer, mens vi ikke blir glad i andre byer. Eller steder eventuelt, trenger jo ikke være byer. For så enkelt som at noen steder er vakre, kan det jo ikke være. Vestlandet er jo drop dead gorgeous vakkert, men likevel føler jeg meg ikke hjemme i dette landskapet, det er likesom altfor mektig og fremmed. Men nok vas. Fin tekst var det i hvertfall!

  2. karoline: åh, så koseleg! og tusen takk <3

    kathleen: dei engelske sitata er frå sangen tom trauberts blues av tom waits, den er heilt nydeleg og full av herlege setningar. eg trur landskapet er veldig definerande for om ein trivst. eg har vakse opp på nord-vestlandet, i nesten alle krikar og krokar som fins i ytre nordfjord, har eg budd. så for meg er fjella ein sikkerhet, noko som vaktar over meg, på ein måte. og havet, det opne, mektige, skjøre, vakre havet, det er liksom alle moglegheitene i verda. for meg er det alltid rart å komme til ein stad der havet er langt vekke, då føler eg meg alltid litt fanga. trur det er difor eg likar bergen og oslo og amsterdam så godt, dei ligg alle ved vatnet. om du forstår? hehe. og tusen takk, kvardagsromantikarar united burde vere ein offisiell klubb!

    julie anett: tusen takk <3

    linda: du kjem nok til å reise dit, og du kjem aldri til å angre på at du gjorde det. for der er så fint. eg forventa ein travel by full av menneske og larm, men faktisk, så lenge ein ikkje reiser midt i turist sesongen, er amsterdam ein ganske fin og roleg stad. ein føler seg automatisk trygg, og det er veldig fint!

    tine katrine: tusen takk <3 åh, du må reise ein gong, der ER så utruleg vakkert!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>