janne frå finland

eg tenkte eg skulle introdusere dykk for ein av dei finaste personane eg veit om. nemleg janne. eller jannepanne. eller køllemor. eller janne frå finland, som eg kallar ho, sjølv om ho aldri har satt sin fot i finland. vi har alle ein person som vi kan ringe til når alt er dritt og ein berre må ha nokon å skrike til i telefonen, utan at dei tar det feil. du veit, den same personen som du ringer når noko sinnsjukt bra skjer og du berre må sei det til nokon. same personen som du ringer ein måndagskveld fordi du kjedar deg og berre sit og ventar på at dobbeltepisoden av sex og singelliv skal byrje på tv3. den personen. eg er så heldig at eg har to slike personar, janne og kristin. men i dag skal eg snakke om janne.

janne er den personen som ringer meg når eg sit på seinvakt og seier “hei! eg berre stakk til måløy eg, er du med ut?!”. og så stikk vi ut når eg er ferdig på jobb og drikk vin frå flaska på kaia i måløy og nynnar på sangar og finn opp våre eigne filosofiar for kva livet er. og om nokon motstridar det, berre ser vi på kvarandre, seier WE GIVE A FÅKK, ler og går der i frå. sjølv om vi veit at det er gramatisk inkorrekt, vi berre gir litt faen.

ho er den personen eg hoppar på bussen og rømmer til når eg berre er for lei av hav og fjell og vind og regn. og så ser vi dårlege tv-seriar på pcen hennar, smugrøyker ved garasja og kjører rundt i audien hennar med harryhøg musikk og berre syng og dansar og latar som om alt teit og vondt ikkje eksisterar og snakkar om teite gutar og fine gutar og livet og slikt. det er slike venner ein skal ta vare på.



translation:
i want to introduce you to one of my absolute favorite people, janne.  she is my person. the one i call when everything is just shit and i need someone to yell at, who doesn’t take it the wrong way. she is also one of the persons i call first, when something amazing has happened and i just need to share it with someone. and also the person i call on a mundane monday night, when i’m just bored and waiting for the dubble-episode rerun of sex and the city to start. she’s the person who calls me when i am about to finnish my nightshift on a saturday night, and says HI I’M IN MÅLØY, WANT TO GO OUT? and then we do and we sit on the docks drinking wine straight from the bottle making up our own life-philosophies. 

2 comments

  1. Kathleen

    Det er så fint å ha en sånn bestevenn. En å sitte på verandaer med om sommernettene og drikke øl og røyke sigg og snakke om gutter og livet med, eller sykle med, sykle rundt i hele byen og stoppe på trestammer og ta seg enda en røyk og alltid være blakke, men alltid ha råd til øl likevel, en å danse på kjøkkenet til den samme sangen på repeat til klokken ti om morgenen med, en å ligge i parkene og le med og alt det der.