Category: tekst og kjærleik

& the christmas tidings & the new years resolutions & all the tired people

Skjermbilde 2013-12-28 kl. 15.56.49

eg sit på mine siste tjuefire timar heime på vestlandet. juletredet lyser endå og julestrømpene henger skeivt på kaminen. veslebror éin ser på film og veslebror to spelar mindcraft og eg berre sitter her. kanskje er det ein direkte konsekvens av å flytte vekk og leve eit ulikt liv ein anna stad, men det er travelt å reise heim til jul. kosleg, fint, deilig, men travelt. om tjuefire timar pluss minus sit eg på flyet tilbake til oslo og i dag er den fyrste dagen sidan eg kom der eg eigentleg har ingen planar eller ting eg skulle gjort. (eg seier eigentleg for om ein times tid tutar vi bort til bestemor og bestefar på kaffibesøk, og før idag åt vi julebrønsj med familievennar, men alt er jo relativt osv).

denne jula har eg kosa med hunden, besøkt alle fine små eg er “tante” til og gitt juleklem til onklar og tante og besteforeldre og sambygdingar. eg har drukke raudvin og dansa i full storm. skråla med til vestlandsfanden på vorspiel med mennesker eg har kjent sidan fødselen. eg har tatt ferja til den finaste plassen eg veit å vere og besøkt familien som eigentleg ikkje er min, men som er det litt likavel. og vi har ete meir mat enn menneskleg mogleg, grilla i grillhytte, spelt twister og besserwisser til langt på natt med simon & garfunkel knitrande på vinyl i bakgrunnen. og det har vore ei så utelukkande kosleg og fin jul, at eg nesten høyres urealistisk ut når eg snakkar om det.

derimot har det blitt lite med bilder, med unntak av nokre få eg tok på sjølve julafta og eit foto-oppdrag eg hadde i går. det har generelt vore lite med bilder i 2013, spesielt det siste halvåret. det er kanskje like greit. eg er ei av dei som syns det er meir enn ok at 2013 tar slutt om berre to dagar. personleg likar eg å sei at det som skjedde i 2013 skal forbli i 2013. det er på tide å slå ein strek over ting, legge bak seg all dritten og gå det nye året med nye erfaringar, men heva hovud i møte. ikkje at eg eigentleg har så veldig mange nyttårsforsett på lur. eg skal slutte å røyke, vere meir sosial, bli meir strukturert og jobbe meir (og bedre) med foto og skule og alt som eg driver med. alle desse generell nyttårsforsetta vi alle har i bakhovudet på eit eller anna bevisst eller ubevisst nivå når klokka slår midnatt den 31. desember kvart år. kanskje er det bra. eg gruar meg litt til den nyttårsafta då eg står der, med stjerneskot i handa og ikkje  har nokre forventingar til året, til den dagen eg står der og ting på ingen måte kan bli bedre nokon sinne. sånn sett er det greit når eit år har vore gjennomsnittleg shitty, der er alltids eit forbedringspotensiale i året som kjem.

uavhengig av alt håpar eg ellers at de alle har hatt ei god jul og at de får ei fin nyttårsfeiring med folk de likar og er glad i og at de har ekstra mykje champagne og stjerneskot. må 2014  bli bedre enn sin forgjenger og må stjerneskota glitre.

translation: 
it’s my last day with my mum out west. it’s been a really nice christmas, and i’ve been with family and partied with friends and all in all smiled and laughed a good lot. tomorrow i’ll be boarding the plane back to oslo, hoping 2014 will bring more good things than 2013 did. merry christmas & happy new year! 

 

livet är som en torktumlare och man bara sitter och flänger rundt där inne

Skjermbilde 2013-12-12 kl. 15.08.37

er ferdig med eksamen. ferdig med kant, gadamer, dewey, hegel og baudelaire. ferdig med emerson, salinger, plath, fitzgerald og faulkner. ferdig med fyrste semester på universitetet og alldeles tom for luft. om ni dagar sit eg på bussen tilbake til vestlandet saman med janne og har ferie. eg har ikkje hatt ordentleg juleferie (utan å måtte jobbe) sidan eg var 15/16 år gammal. eg gler meg til julemat og julebrus. sånn ordentleg julebrus. slik ein ikkje får tak i, i oslo. sånn raud frå hansa. brygga i regnet osv. mamma ringte å fortalde at veslebror(12) hadde kjøpt ein pose full av favorittgodteriet mitt til eg kjem heim. slike småting som motiverar meg gjennom den neste veka med jobb før fri.

ellers er eg sliten. eg drikker kaffi på edvards med anette. går turar rundt om i oslo med åshild og et makronar og snakkar om livet og feminisme og kjærleiken og vennskap. prøver å finne ut kva eg skal gjere når anette reiser til asia i fire månader over nyttår. kven som skal gi meg gratis kaffi og stryke meg over håret når eg får influensa på oscarnatta og koke champagne&jordbærte til meg fordi vi er for blakke til å drikke faktisk champagne og ete faktisk jordbær. blir rart. men det går seg til. før eg flytta til roma kunne eg ikkje forstå korleis eg og janne skulle klare oss på kvart vårt kontinent. men det gjekk heilt fint. det går som regel heilt fint. eg veit ikkje heilt kva anna eg har å fortelle. dagane mine har bestått eine og åleine om eksamen dei siste to vekene. i helga skal eg danse. men akkurat no skal eg ligge på sofaen. slappe av og høyre på podcasten til sandra og michelle. den burde alle høre på.

translation:
I’m all done with my exams. done with kant, gadamer, dewey, hegel and baudelaire. done with emerson, salinger, plath, fitzgerald and faulkner. done with my first term at the university of oslo and completely out of air. in nine days i’ll be on the bus with janne on our way home to celebrate christmas. i haven’t not worked during christmas since i was around 15 or 16 years old. i can’t wait for christmas foods, christmas soda (the real, red kind), the one you don’t get in oslo. my mum phoned me to tell me that my little brother (12) had bought all of my favorite candy for my arrival home next week. little things that motivate me through the oncoming week of work. 

besides that i’m just tired. i drink a lot of coffee at edvards with anette. go for walks around olso with åshild. we buy macaroons and talk about life and feminism and love and friendship. i am trying to figure out what i am going to do when anette leaves for asia after new years. who is going to feed me free coffee and stroke my hair when i get the flue during the academy awards wake and give me champagne&strawberry tea because we’re broke and can’t afford to drink champagne and eat strawberries. it’ll be strange, but it’ll work.  remember before i moved to rome and i thought it would be impossible for me and janne to be on different continents for a whole semester. but it turned out to go on without a hitch. it’s wise to remember that things always have a way of turning out good in the end. even if the end takes a good long time to come. i don’t really know what else to say. my days the past two weeks have been eaten by my exams. i’m going dancing this weekend. but right now i am going to lie on the couch. relax and listen to sandra&michelle’s podcast. it’s awesome. 

oktobersøndagar.

Skjermbilde 2013-10-13 kl. 20.10.16Skjermbilde 2013-10-13 kl. 20.07.14Skjermbilde 2013-10-13 kl. 20.09.10
(foto linka)

oktobersøndagar burde brukast til lengre kafébesøk med notatbøker og penal, eller berre ei god bok. spontanturar til kon tiki museet og vikingskipsmuseet. frukost i senga, med juice, presskannekaffi og eggerøre på toast. på å gå rundt i byen med det nyaste albumet til veronica maggio på øyret og berre kjenne kroppen dunke litt medan ein ser seg om. ein burde gå meir rundt i byen og berre sjå seg om.

oktobersøndagar burde brukast til å drikke bringebær&rabarbara saft berre fordi det er godt. til å sjå episodar av seriar ein følger med på eller har gløymt ein følger med på eller berre fordi ein ikkje har noko anna å sjå på. til gamle filmar, som casablanca, breakfast at tiffany’s, duck soup, valley of the dolls, une femme est une femme og barefoot in the park. til altfor lange telefonsamtalar med mammaer eller bestevenner eller besteforeldre eller brødre eller folk ein alltid ellers gløymer å ringe.

til å lese alle dei utgåvene av morgenbladet ein kjøpte i løpet av veka, men endå ikkje har rukke å lese. til turar i skogen eller på fjellet, med kaffi eller sjokolade på termosen. til sykkelturar på kronglete stiar eller langs humpete fortau. til champagne til lunsj og raudvin til middag. til alt, untatt å vere åleine.¨

translation:

sundays should be used for sitting at a café for hours with a notebook and a pen, or just a good book. for impromptu visits to places like the kon tiki museum and the viking ship museum. breakfast in bed, with juice and coffee and scrambled eggs on toast. to walk around the city with veronica maggio’s latest album playing and just feeling your body pounding a little while you watch the people and the places. people should walk more around in the city and just watch. sundays should be used to drink raspberry&rubarb juice just because it’s good. for watching episodes of tv-shows you follow, or forgot that you follow or watch just because you don’t have anything better to watch. for old movies, like casablanca, breakfast at tiffany’s, duck soup, valley of the dolls, une femme est une femme and barefoot in the park. for way too long phone calls to mothers or best friends or grandparents or brothers or people you normally never remember to call. for reading all the issues of that paper you bought but didn’t find the time to read. for hikes in the woods or up the mountains, with a thermos filled with coffee or hot chocolate. for biking in terrain or on asphalt. for champagne for breakfast and red wine for dinner. for everything, except being alone. 

olymp de gouges

Skjermbilde 2013-09-02 kl. 11.50.20

denne gongen  fekk eg velje og skrive om månadens chérie hjå ohcherie. og eg valgte olymp de gouges. som levde under den franske revolusjon og blant anna skreiv kvinnerettserklæringa som ein reaksjon på at den franske menneskerettserklæringa frå 1789. om de vil lese meir så trykk her her her.

translation:

i got to choose this months chérie at the online magazine i write for, ohcherie. i chose olymp de gouges, who lived during the french revolution, and who, among other things, wrote the women’s rights declaration as a reaction to the french human rights declaration from 1789. it’s in norwegian, but you can read more here here here

åh, vestland, vestland, når eg ser deg slik.

av og til får eg heimlengsel. ikkje i same forstand som då eg nettopp flytta til oslo og ikkje visste kvar eg skulle gjere av meg i hovudstaden fordi det var vinter og eg kjende tre fire personar og ting var relativt kjipt og alt eg ville var å sette meg på nattbussen heim. berre enkel heimlengsel slik at eg saknar å sitte på balkongen min og sjå på havet medan eg røyker og tar eit glas raudvin. at eg saknar å sjå andletet til mamma når eg snakkar med ho og lukte parfymen hennar og berre det å gje ho ein klem. saknar at hunden min trippar over golvet og hoppar opp på fanget mitt og sovnar. saknar veslebroren min som masar om vi må bake noko eller spele spel eller sjå ein pirates of the carribean film, eller harry potter. eller berre det å springe til postkassa for å hente posten når det er storm og vinden bles i 30 meter i sekundet og himmelen er mørkegrå og havet brusar som ein rista glasscola. enkle ting. ting eg gler meg til å sjå igjen, og ting som er deilig å forlate når eg reiser. i dag har eg litt slik heimlengsel. eg saknar september heime med hauststorm og allværsjakker. varme dusjar etter forblåste og gjørmete turar på fjellet. krabbefest med fine folk og krabbe som stefaren min har fanga sjølv då han var ute med båten og sat teiner dagen før. men eg har det likevel veldig fint. for det er endå ein liten bit av sommar att i oslo. og været er roleg og eg kan gå ut utan strømpebukse eller ytterjakke og eg drikk vin på operaen med marie og tar siste tbana heim etter øl på løkka og alt for mykje latter. eg les pensum og skriv oppgåver og jobbar og tar bilder og er opptatt men lukkeleg. så når eg ligg i senga på søndagskveldar og saknar krabbe og nordfjorddialekta og storm og havet, så ser eg på filmane eg har frå heime og tenker at det er jo ikkje så ALT for lenge til eg tar turen vestover att. og så siggar eg for siggens skuld og nyt at det endå er pittelitt sommar. høyrer på fjordårets speleliste og tenker på at for eit år sidan på denne tida budde eg jo faktisk i roma.

og når eg verkeleg saknar vestlandsgalskap berre ser eg denne videoen av bror min og onkelen min som jammar heime hjå farmor:

translation:
sometimes i miss home. not in the sense that i did when i first moved to oslo, but in a sense where i just miss familiar things. like the smell of my mums perfume and just to hug her. or sitting on my balcony having a cigarette and watching the ocean or running to get the mail when there’s a storm and the wind is going over 30 meters a second. and then i just watch these videos i made when i used to live there. of the landscape and of parties and my brother and my crazy uncle jamming in my grandmother’s living room. and then i just look forward to the next time i go home, whilst i am also really enjoying the fact that autumn has come with storms and all to the west, but here in oslo it is still some summer left before fall sets in. 

so… where are you, what do you do and why?

'favorites emerge / days rising through water'UntitledUntitled

2. eg har byrja å studere att! ved universitetet i oslo, på det humanistiske fakultet har eg så smått byrja på ein bachelor i estetiske studier og litteratur vitenskap. her studerar eg estetikk, kunsthistorie og litteraturhistorie. samt, dette semesteret, tar eg også eit enkeltemne innan kjønnsstudier. så ved siden av å vere fulltidsstudent, prøve å overleve to veker med fadderuka og skitbillig øl, så jobbar eg vakter på bensinstasjonen og prøver å få timane i døgnet til å strekke seg akkurat nok til at det går. og det går alltid.

3.  fordi eg er ein fotograf og skribent som ønsker fagleg og relevant tyngde som styrker dei to svært så ubeskytta arbeidstittlane. og kunsthistorie, estetikk og litteraturhistorie gjer nettopp det. samfunnsvitskapelege fag kan eg ta som fri einskildsemner ved sidan av. som eg gjer når eg tar tverrfagleg kjønnsforskning dette semesteret ved sidan av estetikk og amerikansk litteratur. fordi om eg aldri blir ein veldig god fotograf eller noko, så vil eg ha ein bachelor som kan gi meg jobbar innan emner eg likar, som på kunstmuseum eller i eit forlag. fordi det alltid er lurt å studere vidare uansett kva du studerar og ingen kunnskap er bortkasta kunnskap.

1.ellers er eg  endå i oslo, sjølvsagt. men mellom flytting, ny jobb, nytt studier, nye venner, migrener og akutt søvnbehov blir alt anna liksom skyvd unna. eg gir meg sjølv difor litt tid. til å komme inn i nye rutinar. kjenne meg heime i min nye heim. bli kjent med mine nye venner. bli kvitt migreneannfalla (som har plaga meg heile livet, men som den siste veka har det vore notorisk) og sove inn litt av søvnen som vart tapt i alt kaoset. det er livet mitt akkurat no.

ciao.

ellers går alt i autopilot: fire punkt frå livet

ein. det er sol og alt for varmt og eg er raud og full av frekner på bringa og i andletet og på skuldrane. livet er hovudsakeleg aircondition og lunka vatn i pappbeger på jobb. alle skal ha jogurtis (vanilje, jordbær eller blanda). og ein god del skal ha rustico med kylling og pesto. eg et nudlar og blomkålblanding med krydder på når eg kjem heim.

to. ser ferdig skins duologien til cassie og ringer mamma med tornado i brystet. seier: eg såg skins, og no er eg trist. så svarar mamma: men du veit at du ikkje kan sjå skins når du er åleine. og eg tenker at eg kan jo ikkje sjå det når eg er saman med folk.  for dei ser ikkje alltid det eg ser, eller får vondt bak ribbeina av det samme som eg får. så det funkar jo ikkje.

tre. dansar til bob dylan når han syng if you got to go, go now (or else you’ve got to stay all night). kjederøyker melankolsk til bob dylan når han syng  at det ikkje er heilt mørkt endå, men det blir det. søker studielån, leiter opp pensumbøker og bakar blåbærpai midt på natta. saknar folk. blir skuffa av folk. og blir sjarmert og forbløffa av folk. lagar kjøleskapspoesi og lurer litt på kva det er med bokstavar som, satt i riktig rekkjefølge, har krafta til å målbinde ein heilt.

fire. prioriterar siggarettar over mat, som resulterer i at eg ser meg i spegelen og andletet mitt er beinete og innsunkent. mistar berre vekt frå  andletet. resten av kroppen forblir det samme. det får vere det samme med det. eg er for gammal til at eg klarer å late som om eg ikkje bryr meg om å bry meg om kropp. snakkar i to timar på telefon med kjersti. evig avvist offer. vår humor. legg meg om nettene og saknar roma og sigg og raudvin. sovnar om nettene og saknar havet og sigg og raudvin. ellers går alt i autopilot.

sukker, jordbær og truman capote.

UntitledSkjermbilde 2013-06-16 kl. 01.09.25UntitledUntitledthe kiss

– hugsar du for typ ein og ein halv månad sidan? då du kom klisjblaut heim frå jobb og sank grinande ned i sofaen medan du rista og sa våren kjem ikkje. den fins ikkje. sommaren fins ikkje. hugsar du det? ho dyppa jordbæret i sukker og så i vaniljesaus. forsiktig lot ho tærne lage ringar i vatnet medan ho beit jordbæret i to. – mhm. eg hugsar.

dei satt i småbåthamna med kvar sin pils og såg på solnedgongen. før på dagen hadde dei reist ut med båten hans. kjørt til ei av småøyene ute i fjorden. laga piknik, sola seg, høyrt på radio norge og parodiert reklamene. ho las leaves of grass av walt whitman, og han las in cold blood av truman capote. av og til stoppa dei og las høgt til kvarandre. eller nokon kom på noko som dei berre måtte sei. som korleis truman capote hadde vakse opp saman med harper lee og at i boka to kill a mockingbird hadde lee skrive capote inn som ein av ungane. for far til harper lee var advokat og harper og truman pleidde å sjå på rettsakane i staden for å gå på kino, for eksempel. og slik fekk harper lee inspirasjonen til å skrive to kill a mockingbird. eller at det var tomt for melk heime og at dei måtte hugse å gå på butikken når dei kom på land att, for dersom ikkje kom dei til å måtte ete frukostblandinga tørr om morgonen.

etterpå kjørte dei midtfjords og stupte frå båten. det var berre ei lita jolle med motor, men det var meir enn nok for to. og eigentleg var det onkelen hennar sin, men ho hadde aldri tatt båtførarprøven så ho fekk aldri offisielt låne den, sjølv om ho avgjort var ein betre båtførar enn han. og no sat dei i småtbåthamna med føta dinglande i det kaldvarme sjøvatnet og åt jordbær med sukker og vaniljesaus og drakk øl. – men sommaren kom likevel, smilte han, og kyssa ho på skuldra. ho smilte så freknene dansa på kinnet hennar. lente hovudet bakover og smilte. – mhm. eg trudde aldri eg skulle kjenne sola varme meg i andletet nokon sinne igjen. men sommar. tenk det, sommar.

 

(ein liten småtekst, sidan de har spurt så fint om eg ikkje kunne legge ut ein).

 translation:
a short story depicting that summer is finally here, and how it seemed unimaginable just one and a half month ago.

eksamen, skuleslutt og fine sommarting.

UntitledUntitledLa mano sugli occhiBeloved

det er siste veka mi på bilder nordic. vi har heimeeksamen og på torsdag er det over. det er så sjukt rart å tenke på. eg har jobba så hardt det siste halvåret. med fulltidsstudie og skulearbeidet som kjem ved siden av, samt ein deltidsjobb tre gongar i veka. eg har lært så mykje og utvikla meg enormt. ikkje berre som fotograf, men også som person. eg har invistert utallige timar, stress, søvnlause netter og energi i månadane som har gått, at det no verkar heilt uverkeleg at det er over. ein sommar fyllt med jobb verkar som sommarferie i samanlikning. noko som kanskje er like greit sidan eg skal jobbe ein god del i sommar.

mange spør meg kva eg har tenkt å gjere vidare til hausten. og sjølv om eg formulerar og evaluerar planar, veljer eg å halde stilt og svare at eg faktisk ikkje har peiling, så ikkje spør. det einaste eg veit er at eg kjem til å forbli i oslo. eg kan heller fortelje om sommarplanane mine. som er den største motivasjonen min no i eksamensinnspurten. i sommar skal eg nemleg:

♡ ta toget til gjøvik og besøke finaste kjersti og feire 20 årsdagen hennar med konfetti og champagne. og raudvin.

♡ reise heim til mamma og havet. stupe frå kaia og pilse på verandaen.

♡ springe på fjellet med vofsen og høyre på dickie dick dickens medan eg spring.

♡ ta bilder av finaste kariann som er høggravid. blir fintfintfint.

♡ reise tilbake til oslo og byrje i ny jobb.

♡ pilse oftare i parken og ete så mykje jordbær som overhovudet mogleg.

♡ toge til bø og besøke janne. verdas absolutt beste janne.

♡ svaie og synge med den høgste mannen på jorda på malakoff festivalen og hugse tilbake til då eg såg han i roma, og han spelte akustisk i ei steinkyrkje midt i sentrum og kyrkja hadde skjenkeløyve, så vi fekk drikke heineken på glasflasker.

♡ generelt malakoff festivalen.

♡ og resten er løyndom. og alle løyndomar blir til slutt avslørt. men ikkje heilt med det fyrste.

translation:
it’s my final week of exams and i’m soon done with my semester at bilder nordic school of photography. it feels so incredibly strange. i’ve been working my butt off the last six months, juggeling work three times a week and a full time study and all the extra hours that comes with photography studies. i’ve learned so much and grown immensely, not only as a photographer but also as a person. so many hours i’ve invested, so much stress, sleepless nights, and now it’s almost over. a summer of working seems hardly like work after months like these. many people ask me what i am going to do now that i’ve finished at bilder. and even though plans are being made and evaluated i still choose the right to remain silent, saying only that i haven’t the slightest idea, so please refrain from asking. the only thing i know for sure is that i will remain in oslo for the time being. i can however shed light on some of my plans for the summer. i’m going to visit a few friends, go home for a week, take maternity photos of my second cousin kariann who’s due in july. i am of course going to malakoff rock festival, drink a lot of champagne, red wine, beer, smoke, eat strawberries, run in the mountains, swim in the ocean and make plans. plans that for now are secret. and even though all secret eventually come out, these will stay secret for just a little while longer.

pictures linked to source on flickr.