Category: lukkeleg

keep calm and carrie on

255860822550699342_YNb5SBeE_c

siste dagen av 2012 er her. magen min er full av kålrabistappe og m&m’s. eg har krølla håret, augeloka glitrar i gull og eg har på meg ein handsydd, rosa silke kjole. den er oversize og ikkje eigentleg min stil i det heile tatt, og eg elskar det. om ein liten time reiser eg på fest, då skal eg drikke vin og øl og le og smile og gå inn i det nye året med vennar eg har hatt i nærare eit tiår. men akkurat no, akkurat no sit eg i sofaen. mamma og stefar er hjå naboane og drikk vin og kosar seg og veslebror på 11 går nyttårsbukk. eg sit i sofaen og drikk øl og ser på sex and the city, for det er tradisjonen. det er målet. å gå inn i kvart nye år slik carrie bradshaw ville gjort det. det høyrest ordentleg cheesy ut. så pass mykje at eg knapt tør å skrive det. men det er sant. for eg kan ikkje tenke på ein bedre måte å gå inn i nyåret på enn med vennar, vakre kjolar, champagne, fyrverkeri, latter og kos. optimisme og ekstravagans. det er det ein treng når januar tar til. ein treng ein fabelaktig start med fabelaktige vennar.

godt nyttår! eg håpar alle kosar seg, om de sit åleine eller er omringa av venner og familie. om livet er kjipt, eller meir fantastisk enn nokon sinne. godt nyttår!

 

andreas

UntitledUntitledUntitled

i dag har veslebroren min gebursdag og blir heile ti år gammal. og like gammal som eg var den dagen i desember då han vart født. ein tidleg julegåve, den finaste julegåven, gullet mitt. gullet mitt som skulle bli stor og vaksen og byrje med karate og bli kjempeflink i det. gullet mitt som pleidde å krype opp på fanget mitt, gje meg ein stor klem og sei finaste tinaen til meg. gullet mitt som elskar star wars og clone wars og som skarrar på r-en og snakkar haugesundsdialekt. ti år. eg blir nesten litt satt ut.

og til alle som lurer, eg har fem brødre og ei syster.

systra til jon erik, broren til kristina. kristina og jon erik.


julekalender luke 3: eit bilde av din beste venn

eg var eit år og ein månad minus ein dag då veslebroren min valgte å ankomme denne verda. eg hugsar lite av det. faktisk ingenting. eg hugsar berre at han alltid har vore der og at han alltid har vore mindre enn meg. alltid vore veslebroren min. han var blond og fekk krøllar og eg fekk nesten heilt svart hår og frekner. eg var ansvarleg og engsteleg, og han ville berre ha det kjekt og leike. i tre, på hustak, i fjellskrentar. no er eg tjue og han nitten. eg er i oslo og han er i bergen. og endå er han den einaste i heile verda som kan få meg til å smile når alt kjennest ut som om det er dritt dritt dritt dritt dritt dritt. for ingen kjenner meg som han og ingen kjenner han som meg. ingen av oss kan nokon sinne hugse eit liv utan den andre. pseudotvillingar kallar dei det. eit begrep som beskriv søsken født med mindre eller maks 18 månaders mellomrom. i dei fleste situasjonar vil desse søskena utvikle eit tvillingliknande forhald. det er fint syns eg. alle burde ha ein pseudotvilling.

bilda ovanfor er tatt i det, då, brune huset på høgebakkane, der vi budde frå eg var 4 til eg byrja på skulen. ofte tenker eg at det var den lykkeligaste tida i livet mitt. berre gode minner. ingen bekymringar. berre kristina, jon erik og mamma, lukkelege. det siste er frå årets 17. mai feiring. likar det bildet så sjukt godt.

my thoughts are stars i cannot fathom into constellations

– john green

-ts. eliott

woody allen vart 77 år her om dagen og sigurd rós sin musikkvideo fjögur pianó er det vakraste eg har sett på lenge. eg røyker paramount sigarettar for å spare pengar og prøver å skrive, sjølv om eg aldri blir fornøgd eller inspirert nok. oslo er kaldt, men friskt. eg ser my so called life og freaks and geeks medan eg skriv ned fine sitat som minner meg om korleis det var å vere seksten og usikker. i kjøleskapet står der kake og eg er sjeldan åleine. og dette er livet akkurat no.

katinka og selma

for ei veke sidan tok eg bussen frå vesle flatraket til eid for å besøke finaste katinka og ta bilde av ho og den då 10 dagar gamle dottera hennar. det var så kosleg, eg kunne nesten ikkje stoppe å sjå på alle dei bittebittesmå fingrane og tærne til vesle selma. så pittepittelite! de hugsar kanskje katinka frå i sommar, då eg tok gravid bilder av ho? om ikkje kan de sjå dei bilda her.

det er så sinnsjukt kosleg å ta slike bilder, av det mest dyrebare i verda til nokon. og så hyggeleg og spesielt å følge med frå graviditet til nyfødt. om nokre veker, når eg reiser heim att, skal eg ta familiebilder av dei, katinka, inge og selma. gler meg så sinnsvakt mykje!

her er nokre av bilda eg tok av vesle selma og katinka:

UntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitled

ps: dersom du er interessert i fotografering, så er det berre å sende meg ein mail på kristinaaurore alfakrøll imaginarypixies dott com. er for tida i oslo/oppland området, men har annleiing til oppdrag andre stader også.

 

translation:

one week ago i took the bus from my village to nordfjordeid to visit katinka and take some pictures of her and her one week old daughter, selma. you might remember that i took some photographs of katinka this summer, when she was pregnant? if not, you can see them here. it was so much fun taking pictures of selma, with her ittybitty fingers and toes and her perfect pink babyness. she is just so incredibly cute. 

ps: if you want to book a photoshoot, please send me a mail at kristinaaurore at imaginarypixies dot com! i am currently based in oslo and oppland, but i am availble for shoots other places also. 

oh, mickey, you’re so fine, you’re so fine you blow my mind!

i dag er det verdas mannedag. og difor tenkte eg vi kunne feire dette med bilder av nokon av dei kjekkaste, mest fantastiske og awesome mannfolka på denne jord.































de finn alle bilda med kjelde her.

translation:
today is the international mens day, so i thought i would honor it by posting some pictures of the most awesome, hot, amazing men i know. all the photo’s can be found with source here. 

My mother is a poem I’ll never be able to write, though everything I write is a poem to my mother. – mamma i roma del 2

– sharon doubiago

Untitled

eg viste mamma og jentene favorittgata mi, via pellegrino, som startar i via giulia og endar på campo de fiori, der vi hadde pause med cappuccino, latte og ferskpressa appelsinjus.

Untitled

mamma var avslappa og fornøgd

 

Untitled

det var vi alle eigentleg

UntitledUntitled

campo de fiori sin daglege matmarknad

Untitled

vi gjekk i fine butikkar, som civico 93 og såg på fine kle.

UntitledUntitled

så kidnappa eg mamma og hadde ho heilt for meg sjølv nokre timar. vi åt blant anna italiensk crepes hjå mimi e coco. som er noko av det beste du kan bestille der!

translation: 
my last day with my mum when she came to visit. 

A mom’s hug lasts long after she lets go – mamma i roma del 1

UntitledUntitled

finaste mammaen kom til roma med venninnene sine, så då måtte eg sjølvsagt ta dei med på den beste restauranten vi visste om i byen, nemleg bar del fico.

UntitledUntitledUntitledUntitledUntitled

som er så sjukt fin og eklektisk dekorert!

Untitled

fine, glade, vakre mamma.

Untitled

vi åt appetizers

UntitledUntitled

dei åt biff

Untitled

eg åt pizza vegetariana

UntitledUntitledUntitledUntitled

etter eit overdådig måltid på bar del fico, tusla vi på abbey’s og drakk irish coffee, irish chocolate, irish applecider og irish toddy. nam nam nam!

UntitledUntitled

fine veggane på abbey’s!

Untitled

mamma fekk trubaduren til å synge blue valentine av tom waits.

Untitled

fine mammaen min og fine vibekke!

Untitled

translation:
my mum came to rome and brought her friends. on the first day i took them to bar del fico for dinner and then to abbey’s for irish whiskey based drinks. my mum got the troubadour at abbey’s to play blue valentine by tom waits. 

There’s the moon asking to stay long enough for the clouds to fly me away

UntitledUntitledUntitled

då mamma var i roma, hadde ho med seg noko heilt fantastisk vakkert i kofferten sin, nemleg kåpa eg bestilte på nettet i slutten av september. den er svart og fin og og varm og nydeleg og eg er reint forelska i den!

translation:
when my mum came to rome, she brought with her something utterly fantastic and beautiful in her suitcase, the wintercoat i ordered online in the of september. it is black and warm and beautiful and i am completely and utterly in love with it.