Category: lukkeleg

no rest for the wicked // sommar & frilans & festival

kk_200714_0034kk_180714_0167kk_180714_0267kk_180714_0243kk_180714_0006kk_180714_0007nellikenkk_180714_0020kk_180714_0028kk_180714_0054kk_180714_0059

mellom å jobbe omlag seks dagar i veka, drive på med tre fire frilansprosjekt og prøve å få inn så mykje tid saman med venner og familie som mogleg før sommaren tek slutt, var eg på malakoff festivalen på eid førre helg. for fyrste gong som presse med pressepass. det var ei helg fylt med gode venner, familie, god musikk og upåklageleg stemning. de kan lese meir om sjølve festivalen i artikkelen min for oh chérie her.

ellers lever eg, eg er berre veldig oppteken, som de kanskje forstår. det er eigentleg ganske fint. fint med prosjekt og pressepass og slikt. fint med fast jobb for sommaren. fint å føle eg får til noko. fint å vere med folk eg ellers brukar energi på å sakne. kanskje roar ting seg litt med semesterstart, men eg håpar eigentleg ikkje det. eg er rastlaus om dagen, har ikkje tid til å kvile eller roe ned. vil ikkje kvile eller roe ned. vil berre jobbe meir, bli ferdig med meir og starte på nye ting.

i’ve made mistakes in my life that i just can’t hide

Skjermbilde 2013-11-12 kl. 00.40.55Skjermbilde 2013-11-12 kl. 11.41.41Skjermbilde 2013-11-12 kl. 12.06.32Skjermbilde 2013-11-12 kl. 12.07.19Skjermbilde 2013-11-12 kl. 12.07.24Skjermbilde 2013-11-12 kl. 12.10.57Skjermbilde 2013-11-12 kl. 13.58.46Skjermbilde 2013-11-12 kl. 12.19.58Skjermbilde 2013-11-12 kl. 16.53.48Skjermbilde 2013-11-11 kl. 15.50.05Skjermbilde 2013-11-11 kl. 18.20.33Skjermbilde 2013-11-11 kl. 18.27.37Skjermbilde 2013-11-11 kl. 18.27.55Skjermbilde 2013-11-11 kl. 18.41.54Skjermbilde 2013-11-11 kl. 18.41.56Skjermbilde 2013-11-11 kl. 21.30.15Skjermbilde 2013-11-11 kl. 21.31.36Skjermbilde 2013-11-11 kl. 22.06.18Skjermbilde 2013-11-11 kl. 22.09.54Skjermbilde 2013-11-11 kl. 22.11.11Skjermbilde 2013-11-11 kl. 22.20.20Skjermbilde 2013-11-11 kl. 22.22.54Skjermbilde 2013-11-11 kl. 22.23.00Skjermbilde 2013-11-10 kl. 17.28.26Skjermbilde 2013-11-10 kl. 17.28.40Skjermbilde 2013-11-10 kl. 22.26.15Skjermbilde 2013-11-12 kl. 17.20.25Skjermbilde 2013-11-12 kl. 17.27.21Skjermbilde 2013-11-12 kl. 17.30.40Skjermbilde 2013-11-12 kl. 17.30.57Skjermbilde 2013-11-12 kl. 17.31.03Skjermbilde 2013-11-12 kl. 17.31.07Skjermbilde 2013-11-12 kl. 17.31.13Skjermbilde 2013-11-12 kl. 18.09.33Skjermbilde 2013-11-12 kl. 18.09.46Skjermbilde 2013-11-12 kl. 18.09.52Skjermbilde 2013-11-12 kl. 18.10.03Skjermbilde 2013-11-12 kl. 18.55.52Skjermbilde 2013-11-12 kl. 21.44.40Skjermbilde 2013-11-12 kl. 21.44.44
er der ein ting eg elskar så er det tv-seriar med truverdige, sterke, kvinnelege roller. med sterk og truverdig meinar eg ikkje ei superdame, men ei menneskleg dame. som hannah horvath i girls, eller frances i frances ha, carrie bradshaw i sex & the city. feilbare, følsome, mennesklege og sjølvstendige. difor er eg litt flau over at eg ikkje eigentleg har følgt med på ally mcbeal før. det er jo sjølvsagt ikkje heilt på tryne at det er slik, i nitten-nittisju var eg fem år gammal og ally mcbeal var berre ein tv-serie på eit språk eg ikkje kunne som mamma såg på. seksten år seinare fann eg ally mcbeal på netflix, trykte play og eg skulle ønske eg hadde gjort det før. eg elskar den. elskar ally sine nevroser, tragedier, fantasiar og oppturar. så sjå ally mcbeal. for å le, smile, gråte, whatnots. om enn berre for nittitals musikk, mote og hårfrisyrar. kva er vel bedre enn det?

translation:
i’m in love with the tv-show ally mcbeal. 

 

october through instagram

instaoktober1

oktober byrja med kakao og søndagskos på ein vekedag med finaste anette på hotel bristol sin bibliotekbar. annbefalast!

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.18.04
verdas aller finaste hanne var i noreg (ho bur jo i los angeles) og kom til oslo. det var så fint. vi drakk vin og øl, spelte biljard, dansa til langt på natt på café sør og snakka om alt ein har å snakke om når det er eit heilt hav imellom ein og ein ikkje har sett kvarandre sidan jul.

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.18.14
eg og johanne møttest på kafé liebling ein søndag for å drikke kaffi og konspirere. kos kos kos.

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.18.25

 

eg vart sjuk og låg tre dagar i strekk i senga med høg feber. eg drakk rabarbara&bringebær saft, varm mjølk med honning, knaska paracetar og las & me skal bli omskapte.

instaoktober2

eg var på vikingskipsmuseet og på kon tiki museet. anbefalast!

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.19.08instaoktober3

eg tok eksamen i tverrfaglege kjønsstudier. skreiv om virginia woolf og mary wollstonecraft. og om undertrykking og girl power og besto (det var bestått eller ikkje-bestått, ingen bokstavkarakterar).

janne kom til oslo og vi dansa i prøverommet til monki.

instaoktober4

såg ellers for det meste slik ut. byrja å springe på tredemølle på treningssenter (ein vane eg har vore svært dårleg med å opprettehalde).

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.20.02

 

eg og johanne hadde konspirasjonskaffi att ein tysdag på litteraturhuset. då vi var ferdige å konspirere for dagen tok vi trikken til villa paradiso og delte ein pizza før vi møtte finaste åshild og eva utanfor saga for å sjå frances ha. som absolutt alle burde sjå fordi greta gerwig er fantastisk og det er filmen også.

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.20.14

eg fekk nye visittkort i posten frå moo og vart svært lukkeleg i sjela. feira sjølvsagt med raudvin.

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.20.25
eg byrja så smått å lese til eksamen og med kvalifiseringsoppgåva i estetikk.

instaoktober5

avslutta oktober med ein herleg halloweenfest saman med åshild, johanne og eva hjå luca. herregud så fint det var.

om du vil følge meg på instagram, så heiter eg kristinaaurore.

translation:
how my october looked like through instagram. you can follow my instagram, i’m called kristinaaurore

 

 

in search of lost time

eg reiste til haugesund i helga for å besøke søskena mine. og medan eg var der drog eg veslesyster mi, elise, ut i hagen for ein spontan photoshoot. det er ganske fint å ha ei fin veslesyster å ta bilde av. alle burde ha småsøstrer.

UntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitled

translation:
i went to haugesund this weekend to visit my brothers and sister. and during this time i dragged my little sister, elise, outside for a little impromptu photoshoot. it’s so nice to have a beautiful sister to use in pictures. everyone should have little sisters. 

maybe you were happy, i was bored.

eg har jo tidlegare sagt kor mykje eg elskar kortfilmane og musikkvideoane som kinga burza lagar. og difor så må eg berre vise desse to musikkvideoane ho filma for gabrielle aplin. berre lyset, vinklingane, historiene som ligg i mellom akkordane og det filmatisk narrative. elsk elske elsk. (eg vil lage slike musikkvideoar også!)

translation:
you all know how much i adore kinga burza’s shortfilms and music videos. and i have fallen absolutely in love with her work for singer gabrielle aplin. the lighting, the angles, the stories hidden between the accords and the narrative in the film. i absolutely love it. (i want to make music videos like this too!)

ava, seks dagar gammal.

eigentleg skulle det vore fleire timar i døgnet og eigentleg skulle bilda brukast meir tid til. men slik vart det ikkje i denne omgongen, men bilder vart det. og tantekosing (for eg er blitt “tante” att). det er litt rart å tenke på at desse bilda eg tok av kariann i juni, var dei aller fyrste bilda av ava. in vitro. og no er ho her. eit heilt eige lite menneske med pittesmå fingrar og tær, som rynkar på nasen og skrik når ho vil noko. og lily har blitt storesyster. kariann og tommy har blitt tobarnsforeldre. og det er ganske så veldig fint, faktisk. i røynda er ava no heile 23 dagar. men då eg fekk sjå ho og halde ho og ta bilder av ho for fyrste gongen søndagen etter malakoff, var ho berre seks dagar. heile livet hennar var under ei veke. og det er også ganske fint og rart.

UntitledUntitledUntitledUntitledUntitled
(
thea og ava)

neste gong blir det bedre tid. tid til kaffi og kos og bilder. til då.

translation:
some pictures of my new “niese” ava which i took when she was only six days old! such a wonderful, tiny little creature

 

brian

UntitledUntitledUntitledUntitled

 

i påska var eg heldig nok til å ha tre dagar med verdas skjønnaste brimsebroms, syskjenbarnet mitt, brian. han er ni månader gammal, har dei største blå augene og dei mjukaste kinna og er oppkalla etter brian jones i rolling stones. kjærleik.

translation:
this easter i was lucky enough to have three days with the cutest little brimsebroms in the world, my cousin brian. he is nine months old, has the biggest bluest eyes, the softest cheeks and is named after brian jones in the rolling stones. love.

then i was young and unafraid, and dreams were made and used and wasted. there was no ransom to be paid, no song unsung no wine untasted

før jul besøkte eg oldemora mi, astrid. ho er 95 år gammal og bur i det vesle kvite huset i den vesle bygda som ho alltid har budd i. tjue meter unna ligg farmora mi sitt hus og om våren er marka rundt eigedomen full av påskeliljer, krokusar og kirsebærblomar. om sommaren finn du moreller i trea og roser i buskene. om hausten veks det plomer og epler. og slik har det vore så lenge nokon av oss kan hugse. då eg kom inn i stova til oldemora mi, låg der gamle fotoalbum på bordet. slitne album med gulna sider og analoge bilder. her er nokre av dei som eg syns var vakrast, då eg vi åt julekaker og ho fortalde historier frå alle eventyra og om oldefar og alt ho kan hugse av 95 år på denne jord.

Untitled
oldemor astrid og oldefar jon.
Untitled
farmor og oldemor 17. mai ein gong for lenge lenge sidan.
Untitled
stramme karar på 30/40-talet!
Untitled
piknik på fjellet og elegante bilar
Untitled
ukjent slektning på motorsykkel. anno 40-talet. elskar dette bildet.
Untitled
farmor ca. 19 år gammal.
Untitled

oldemor og oldefar på tur

translation:
right before christmas i visited my great grandmother at her house. she is 95 years old. when i came in i saw some very old albums lying on the coffee table. here are some of my favorite photographs from those albums.