Category: lister//ocd

i am a drinker with writing problems.

– brendan beham

som de allereie veit så skriv eg jamnleg små artiklar, eller kronikkar om de vil, for nettstaden ohcherie. noko eg elskar. dessverre har eg vore svært dårleg på å informere her på bloggen når eg har lagt ut ein ny artikkel. så difor tenkte eg at eg skulle legge ut linkane til dei tre artiklane eg så langt har skrive. framover skal eg bli flink til å legge ut link med ein gong artikkelen er ute.

ein ode til oslo

Skjermbilde 2013-04-01 kl. 17.08.08

frustrert kreativitet

Skjermbilde 2013-04-01 kl. 17.07.50

girl power 2.0

Skjermbilde 2013-04-01 kl. 17.08.27

 

om de ser godt etter vil de også legge merke til mange av bilda mine i andre sine artiklar hjå ohcherie også. sjølvsagt oppgitt med kjelde nederst i artikkelen. så veit de litt meir om kva eg driv med om dagen.

translation:
as you know i am writing some articles for the norwegian web-magazine, ohcherie, and since i’ve been very bad at letting you know when the latest article is out, i decided to make this post with links to all my articles. if you look closely at some of the other articles in ohcherie, you might see that many of them contain some of my photographs. so now you know a little more about what i am doing these days, besides school and work. in the future i’ll be much better at letting you know when my article is out. 

things i love tuesday

1. denne musikkvideoen.

Passion Pit – Carried Away from BREWER on Vimeo.

2. nicole nodland sin editorial av lana del rey for l’officiel paris

LanaDelReyLofficiel13LanaDelReyLofficiel9LanaDelReyLofficiel7LanaDelReyLofficiel11LanaDelReyLofficiel3LanaDelReyLofficiel4

 

sjå heile editorialen her.

3. 14 actors acting for times magazine regissert av sølve sundbø.

4. dette intervjuet med sandra beijer

5. at det er påskeferie og at eg er på besøk med farfar og at eg har tid og energi til å stå opp tidleg å ete ordentleg kaffi, lese avisa og drikke fleire koppar kaffi.

6. sesong 2 av girls. lena dunham er eit geni.

GirlsSeason21d1aa43046fc66718bbfa7d4f7efff883913db799ffe59e02c1c41057ab335742girls13_06_FULL1Girls-Season-2-Episode-10-Together-5Skjermbilde 2013-03-19 kl. 01.12.13

translation:
six things i love on an easter tuesday. 

åtte sanningar

eg har blitt utfordra av ida til å skrive åtte sanningar om meg sjølv. og det tar eg jo sjølvsagt på strak arm.UntitledUntitledUntitledUntitled

ein. ein dag ønsker eg å bu i new york. skrive kronikkar og bøker og ta bilder og aldri trenge å jobbe ein deltidsjobb igjen.

to. eg saknar vestlandet. veit ikkje heilt om eg likar oslo så godt, eigentleg. roma var mykje bedre.

tre. av og til får eg røyndomsangst og gøymer meg i senga med stormaraton av buffy eller charmed og berre latar som om røynda utanfor ikkje eksisterar.

fire. eg har enorme kroppskompleks. noko som irriterar meg grenselaust for eg hatar slikt, eg syns det er tøv. men så er det endå slik at når eg ser i speilet vil eg berre ha flatare mage, fem centimeter til på sokkelesten samt strammare og mindre lår.

fem. eg er livredd for å gå glipp av noko, og er skikkeleg dårleg til å seie nei til folk. noko eg har byrja jobbe med den siste tida.

seks. det fins ikkje ein verre kjensle i verda enn det å vere forelska.

sju. eg har ei greie for menn med skjegg.

åtte. eg elskar når folk seier eg liknar på audrey hepburn. sjølv om eg veit det ikkje er sant. det er ein liten livsløgn á la vildanden av ibsen og eg har ingen planar om å avsløre den.

eg veit eigentleg ikkje heilt kven eg skal sende ballen vidare til. så kva med at den som vil, ta ballen, hiv den i lufta og sjå kva som skjer. ein, to, tre.

translation:
i was challenged by  ida to reveal eight truths about myself. 1. one day i wish to live in new york, write articles and books and take pictures. 2. i miss the west of norway, i don’t know if i like oslo that much. rome was much better. 3. sometimes i get reality anxiety and hide away in my bed watching buffy or charmed from beginning to end, trying to block out the real world. 4. i have awful issues about my body, which annoys me. because i think it is a waste of energy, and still all i wish for is a flatter stomach, to be five cm taller and for my thighs to be firmer and thinner. 5. i am petrified to miss out  on something and have an awful habit of saying yes to everything. almost. 6. there is nothing worse than falling in love. 7. i have a thing for men with beards. 8. i love it when people say i look like audrey hepburn. even though i know it isn’t true. it’s what henrik ibsen would describe as a life lie, and i love it. 

bits and bobs

eg gjekk gjennom fotobiblioteket mitt og fann nokre bilder eg trur aldri fekk sjå dagens lys på bloggen. så difor drar eg dei fram no!UntitledUntitled

morgonen på 20 års dagen min 12. mai. janne som søver og føter som fryser.Untitled

fine bakgårdar ved colosseum.UntitledUntitled

romaregn sett frå baderomsvindauget til resten av kollektivet. (eg og kjersti hadde jo eige bad)UntitledUntitledUntitledUntitled

diverse bilder av susanne frå romaUntitled

lappen med kontaktinformasjonen til den ekspresjonistiske malaren (som forresten var kledd i tweed frå topp til tå og likna på ein italiensk poirot) som ville male portrett av meg og kjersti. vi fekk aldri sjansen til å sjekke det ut, då det var dagen før vi flytta heim att.Untitled

mummikalenderen min og eit bilde frå ein kunstbrosjyre, som begge hang på veggen vår i roma.Untitled

den fyrste frukosten heime i noreg.UntitledUntitled

to bilder eg tok rett etter at eg kom heim til noreg, som eg har gløymt heilt av i etterkant.

translation:
picture’s that i have completely forgotten about, and now want to share. 1&2: from the morning of my twentieth birthday on may 12th of last year. janne is sleeping and my feet are cold. 3: cozy backyards behind the colosseum. 4&5: rainy days in rome. 6-10: photo’s of Susanne from when she visited me in october. 11: the moomin calendar and a picture from an art catalogue that we hung on our wall in rome. 12: the first breakfast back home. 13&14: two pictures i took right after returning to norway in november, which i’ve both completely forgotten everything about.

girls

Corpus ChristiMarie AntoinetteTinaArtek, un été en Crimée / A summer un Crimea
då eg var fire år gammal var spice girls det største i heile verda. eg og to av nabojentene i byggefeltet eg då budde i pleidde å samlast i ei stove, kle oss ut i fjær og kjolar, med mødrene våre sine alt for store høghælar og synge wannabe for full hals. det var kanskje fyrste gongen begrepet girl power byrja å manifestere seg sjølv i hovudet mitt. veslebror min på 19 seier alltid at sjølvsagt er han feminist, han har tross alt vakse opp med meg og mor mi og vore ein minioritet av testosteron i hushaldet. noko som alltid får meg til å flire. for om det var kjønnsdiskriminering i vårt hushald under min oppvekst, så var det eg som drog veslebror etter bukseselane og tvang han til å vere min personlege slave.

likevel så er feminisme er for meg så mykje meir enn kvinner som brenner bhar, lar håret gro villt alle plassar og hatar menn og sex. ekte feministar hatar ikkje menn og sex. ekte feministar elskar menn og sex. slik er det berre. feminisme handlar ikkje om at kvinner er overlegne mannen, det handlar ikkje om eit amazone samfunn eller om eit brennande hat mot det andre kjønn. det handlar i bunn og grunn om likestilling. om lik lønn for likt arbeid. om like rettar og like sjansar. det handlar om utdanning, arbeid og valg.

eg er heldig og har vakse opp i ein familie full av sterke, kunnskapsrike og suksessfulle kvinner. oldemora mi, som no er 96 år, var mor til fem og gift med ein sjømann. gift med mannen ho elska. og når han var på sjøen over lengre periodar var det ho som tok seg av barna sine, og tidvis også andre barn som trengde det. ho var, og er, det varmaste og snillaste og mest inkluderande menneske eg veit om.bestemor mi valgte å utdanne seg og vere yrkesaktiv kvinne på ei tid då dette ikkje var vanleg eller enkelt. ho vart lærar, gifta seg med bestefar min, fekk fire barn og jobba. ho var til og med ein av bakkvinnene til å opprette leirskuleordningane på 70-talet. og per dags dato så er ho den smartaste personen eg kjenner. bestefar min var den fyrste i bygda som trilla barnevogn. farmora mi er kanksje ei av dei modigaste kvinnene eg kjenner. i ei tid då skilsmisse verken var vanleg eller, på mange måtar, respektert. skilte ho seg og var aleinemor for tre gutar. ho jobba hardt og lot aldri nokon trakke på ho. ho er det beyonce, kelly og michelle kallar ein surviver.. eg har også ein heil bråte av flotte og flinke tanter og filletanter som alle, uten unntak, brillijerer i det dei gjer. dei reiser, dei snakkar fleire språk og dei er snille og varme og fantastiske og heilt ulike. og til slutt så har vi mammaen min. den flottaste, mest reflekterte, omsorgsfulle og støttande, varme mora eg kan tenke meg. mammaen min som studerte, jobba og var aleinemor for meg og veslebror (19) samstundes. som viser at ein kan ha den jobben ein ønsker, den utdanninga ein ønsker, det livet ein ønsker, så lenge ein jobbar for det. så lenge ein vil. uavhengig av noko anna enn vilje og valg og prioriteringar.

difor syns eg at det er så forferdelig kjedelig og trist at vi, i 2013, lever i eit samfunn som i staden for å fortelje unge jenter og kvinner om alt dei kan gjere og få til, er mest opptatt av å fortelje dei at dei ikkje er bra nok. ikkje tynne nok, pene nok, smarte nok, sexy nok, morosamme nok eller anstendige nok. ofte kan det verke som om media prøver å kviskre til underbevisstheten vår at: uansett kva du gjer, vil det aldri vere bra nok. er du ei karriere kvinne med ungar, ja, då er du sikkert ei iskald kjerring som aldri har tid til ungane sine eller bryr seg om deira velver. er du heimeverande mor? ja, då er du sikkert dum og utan ambisjonar eller mål i livet. er du feit er du lat. er du tynn er du anorektisk eller bulimisk. er du midt i mellom er du ikkje bra nok då heller, for då er du akkurat for feit til å vere tynn og for tynn til å vere feit. og alt dette her er heilt vannvidd.

eg kjenner heimeverande mødre som har mastergrad i økonomi men som velger å vere heime med barna sine nettopp fordi dei kan velge. eg kjenner karrierekvinner som er fantastiske og ganske svært så tilstedetverande mødre. og eg hatar tanken på at vi, 100 år etter at den norske kvinne offisielt fekk stemmerett, endå blir satt i slike stereotypiserte båsar om korleis vi er utfrå sivilstatus, yrkesstatus og utsjånad. spesielt trist blir eg når eg ser at desse båsane ofte er oppretta av kvinner. horestempel, kroppskompleks og baksnakking kjem oftare frå andre jenter enn menn. det at jenter er med på å halde jenter tilbake og øydelegge vårt eige syn på oss sjølv, knuser hjartet mitt. for vi er alle gode nok. vi kan alle gjere kva vi vil. vi må berre bestemme oss for det, arbeide for det, prioritere, satse og velge. det er tross alt nettopp det feminismen handlar om. fridom til å velge.

difor blir eg så lukkeleg og så motivert og inspirert når sterke, kunnskapsrike og talentfulle jenter går saman for å skape eit medium som svar mot all denne jentehetsen. eit medium for jenter med vett i skallen, avbalanserte skuldra, ambisjonar, kunnskapar og humor. eit medium som ikkje fortel deg kor mykje vekt du kan miste raskast, eller korleis du kan bli kvitt cellulittane dine. men som tar utgongspunkt i at du er fantastisk akkurat slik som du er, og berre vil motivere jenter til å fortsatt vere fantastiske og flotte og gro bein i nasen. og det heilt utan å kastrere mannfolk eller disse motebransjen. for ein kan vere feminist, mannegal og moteinteressert i ein og samme pakka. det lærte carrie bradshaw oss for lenge sidan. det gledar meg å fortelje at i dag vart eit slikt nettmagasin lansert og at i neste veke kjem det endå eit. og i motsetnad til kva folk ofte seier, så kan det faktisk aldri bli nok av det gode.

under arbeid

Skjermbilde 2013-01-25 kl. 18.54.13

under arbeid vart lansert i dag. det er eit spennande og interessant nettmagasin som appellerar til unge jenter og kvinner. under arbeid har som mål å vise eit sunnare syn på det å vere kvinne. eit magasin som handlar om girl power og alt det fantastiske av potensiale vi sit inne med. det handlar om virginia woolf, björk, frida kahlo, astrid lindgren, mødre og døtre. det handlar rett og slett om jenter. skrive av jenter for jenter. og eg syns det er heilt fantastisk.

oh cherie

ohcherie_01

fyrste februar blir nettmagasinet oh cherie lansert. dei flotte jentene bak dette magasinet er carina, ida og ulrikke, som muligens kjenner til frå bloggverda frå før. oh cherie er eit utruleg spennande prosjekt og appellerar til unge vaksne kvinner med vett i hovudet. om oh cherie har jentene bak sida skrive:

[trenger vi enda et nettmagasin for kvinner?] Vi gjør det. Det er behov for et nettmagasin skrevet av dyktige, sterke jenter. Det er behov for et nettmagasin som vil styrke jenters selvbilde og være litt feministisk, uten å bli for politisk. Vi trenger et nettmagasin som fremmer sunne verdier, fremfor å gi deg tips om hvordan du kan bli slankest mulig til sommeren. Vi vil være rett på sak og skrive morsomt, frekt og personlig. Tekstene skal ha gjenkjennelsesfaktor eller vekke ettertanke. Vi skal ha fokus på kultur, men skal også skrive om livet, sex, kjærlighet og tanker om det som skjer i samtiden.

kan det bli bedre?

translation: 
two new, norwegian internet magazines for girls and women are launching now. today under arbeid launched and on 1st of february oh cherie is launching. these two magazines are different from others, they are all about girl power and feminism and not about telling girls they need to be a certain way or look a certain way. because girls are fabulous just the way they are. and as a feminist i love this. i also wrote a text about how feminism isn’t about hating men, but about equality, education, work and most of all choice. bodily hair and fluids have absolutely nothing to do with the subject.

2012: oktober – desember

OKTOBER:

UntitledUntitled

eg klipte håret kort og farga det lystUntitledUntitled

oda var mykje på besøk og vi hang ut av dei store vindauga i stova og sat med føta dinglande gjennom balkonggjerdet, drakk raudvin, røykte uansvarleg mange sigarettar og snakka om livet. UntitledUntitledUntitled

eg og kjersti baka kake!UntitledUntitledUntitled

oda, kristin og jorun kom på middag og vi drakk mykje raudvin og åt kake og alt for mykje pasta.UntitledUntitledUntitled

sondre hadde bursdag, som sjølvsagt måtte feirast! UntitledUntitledUntitledUntitled

vi var mykje shishabaren på campo de fioriUntitledUntitledUntitledUntitled

susanne kom på besøk og vi tusla gjennom romas varme gater og var sightseeing og drakk øl og tok bilderUntitledeg leste til exfac eksamenUntitledUntitledUntitledUntitledUntitleddet vart halloween. kjersti var JFK og eg var Jackie Onassis. mange i klassen reiste ut av byn for å feire, men vi ville vere i roma. så vi drakk raudvin og vodka og for på abby’s og hadde ein heilt fantastisk fin kveldUntitledeg og kjersti blei invitert på middag hos oda, kristin, jorun, ronja, jørgen og tora. igjen, raudvin, pasta, latter og kjempegod sjokoladefondu til dessert.UntitledUntitledUntitledUntitledså reiste vi til venezia og det vart flom og vi gjekk i billige støvlar med søppelsekkar som sokkar for å ikkje bli våte på føta.

NOVEMBER

UntitledUntitledUntitledUntitledmamma kom til roma saman med venninnene sine. vi åt god mat, drakk vin og irish coffee, mamma fekk trubaduren på abbey’s til å spele tom waits og lo mykje.Untitledforelesningane nærma seg slutten og det gjorde opphaldet vårt ogsåUntitledeg gjekk rundt med eit lurt smil og ein minicrush UntitledUntitledeg og kjersti satt mykje på favorittkaféane våre og drakk capuccino med tre posar sucro på skummet. UntitledUntitledUntitledeg tok bilder av utsikten vår og var melankolsk og trist fordi eg ikkje ville heim. UntitledUntitledUntitledUntitledså kom den siste dagen og den siste kvelden. og vi gjekk gjennom romas gater om kvelden, for roma er vakrast om kvelden. og vi drakk vin og møtte på oda og sa at i morgon går verden under, så difor så må vi kose oss ekstra mykje i kveld! og så var vi alt for lenge oppe og alt for trøtte på flyplassen neste morgon.UntitledUntitledog plutseleg, som om ingenting hadde hendt, var eg heime i den vesle bygda heilt ut med havet att. og det var tomt og stille og rart.UntitledUntitledUntitledUntitledeg rømte til barmen, der finaste kristin og pappaen hennar venta. vi laga blåskjellsuppe frå botnen og åt hummar og krabbe og kreps og suppe og det var den beste måten å komme heim på.UntitledUntitledeg tok bilder av finaste iris og ine-sofieUntitledUntitledUntitledeg tok bilder av nydelege katinka og søtaste selma, som var berre 10 dagar gammal.UntitledUntitledUntitleddet var rart og vere heime att, og var rastlaus, så eg rømte vidare til valdres med bestemor og bestefar. besøkte tanta og onkelen min. las til eksamen, smugrøkte og drakk presskannekaffi i mummikoppar.UntitledUntitledUntitledså reiste eg til oslo, budde hos frank, tok eksamen og feira vel overstått eksamen på peppes saman med finaste romagjengen som det var så alt for lenge sidan eg hadde sett!

DESEMBER

(i desember tok eg lite bilder. i desember sto alt stille, samstundes som tida flaug av gårde. så dei fleste bilda er tatt med mobilen min og ligg på instagramen min)

d7e4d7443c9d11e2aeda22000a1f973b_7

eg budde med frank og vi sov i skei og såg film og snakka og eg søkte jobb i oslo frå eg sto opp til eg fekk krampe i handa.

df9d25583f0a11e2a38422000a1f96a9_7

eg hjalp til å male kjøkkenet

5d3af45a3e4711e2871d22000a1f92db_7

var med kjersti på legestudentane sitt mannskor, sangvinerne, sin konsert.

aa7985703d6a11e2aeb222000a1f9e7e_7

eg møtte finaste susanne for kaffi og kino. vi såg the perks of being a wallflower og var begge heilt emosjonelt tomme og overbelasta etterpå.

2dea97a242dc11e2a55d22000a1fbcd5_7

janne kom heim frå bali og eg reiste heim til nordfjord. og livet var kjempefint, som det er når bestevenninna di endeleg er på samme kontinent som deg.

f4d47f9c479e11e2aadd22000a1fbd6a_7fca4f3cc50eb11e28faf22000a1f99f9_791c3df6e46dc11e28e2d22000a1fbe71_79df3875444a611e29d0322000a1f97e3_7

oldemorbesøk, tantekos, familiekos og pepperkakebaking.

fe46b8a6454611e2b1d222000a1fb859_7UntitledUntitledUntitled

eg reiste til sandane og møtte bård og jon erik (veslebror 19). jon erik hadde eksamens konsert og eg tok bilder og var typ den stoltaste systra i historia.

18e089ea47d011e2a7d622000a9e298f_77e87c080457611e2bfae22000a9e0782_70522219445d611e2822f22000a9f09ca_7

etter konserten hadde vi surpriseparty for jon erik. og den blei nesten ikkje noko av, men så fekk vi det til likevel. og det var noko av det koslegaste og artigaste eg har vore med på. og eg sovna på sofaen til johanne og vakna opp til snø og tomme ølboksar og glømte att all sminka mi.

5b7a2f8c4b8511e2a50222000a1fb870_7ec9196a04ba211e2a8b522000a9f3cba_7

eg var på julebord med gamlejobben. UntitledUntitleddet blei jul!4ef56628506211e282a722000a1f9d5f_781eb28405fdc11e29a6422000a9e06c4_7aeb835845fdc11e2b74e22000a9e07d7_7

og romjul. og hanne var heime frå los angeles og på gymmen hadde dei konsert med heilt fantastisk lys. og eg tenkte i am standing in the light of delirium. 5eee969e53a011e2af5a22000a9f18fb_7555d592653a011e2a8b522000a9f3cba_7

så vart det nyttårsafta og eg feira med nokre av dei eldste vennane mine i selje. drakk øl og dram og vin og dansa linedance, makarena og slike ting ein gjer på bygdedans med fine folk.

translation:
my year october – december.

 

things i like monday

1. kinga burza sin filmar (ho er mitt nye store forbilde)

(den siste har de nok sett eit par gongar før, men den er så søt og fin at det gjer vel ingenting å sjå den ein gong til?)

2. soko – happy hippie birthday (trist musikk, fantastisk søt fransk britisk aksent og skjøraste, vakraste vokalen)

3. spelelista mi vodka bitter and the disgustingly ugly hate

Skjermbilde 2013-01-14 kl. 17.24.24Skjermbilde 2013-01-14 kl. 17.24.40

4. at eg har fått jobb

5. raudvin og lange telefonsamtalar med janne, som no bur i bø og er langt vekke, men endå på samme kontinent i samme land, til og med.

6. oh comely magasinet eg kjøpte på narvesen då eg tok nattbussen heim i natt. mariell øyre har ein liten tekst der. då vart det trippelt så fint.

IMG_0791

translation:
things i like monday: kinga burza’s movies (she’s my new idol!), the song happy hippie birthday by soko, my playlist  vodka bitter and the disgustingly ugly hate, that i’ve got a job, red wine and hour long phone calls with janne. who now lives in bø, but is still on the same continent and in the same country as me. oh comely magazine. 

2012-lista

det meste frå lista har eg lånt frå mariell. men noko er lånt frå sandra og noko har eg putta inn sjølv.

UntitledUntitledUntitled

fem ting som har vore bra med dette året:

– flytta til roma

– besøkte firenze og venezia og såg mykje kunst og fine kle

– blei kjent med kjersti

– kom inn på bilder nordic igjen.

– reiste til amsterdam med anette
fem ting som har vore verst dette året:

– vondt i hjartet i byrjinga av året

– reise frå alle vennane mine

– å vere sjukmeldt i lengre tid frå jobb i vår

– då eg fann meg sjølv sittande i ein kald bil ei mainatt gråtande til ein av mine bestekompisar og forsto at det var på tide å legge noko bak seg og gå vidare.

– å vere blakk

kva har du lært i år?

det er dei vennane ein kan gå fleire veker og månader utan å snakke med, men som, når ein møtes, er alt som før. det er dei som teller. at tattoveringar eigentleg ikkje gjer så vondt, og at when you first go ink you never go back.
UntitledUntitledUntitled
vart året som du hadde tenkt deg?

både ja og nei. eg gjekk inn i 2012 med ingen forventingar. det einaste eg visste var at når hausten kom måtte eg vekk. så langt vekk som mogleg. helst til utlandet. og slik vart det jo. samstundes har det vore det mest surrealistiske året så langt.

kva klede har du brukt mest?

den grøne kjolen som janne la av til meg då ho jobba på klesbutikk, berre fordi ho tenkte på meg då ho såg den. den raude kjolen eg kjøpte dagen derpå fordi eg trengte noko som ikkje lukta fyll og hadde maskaraflekkar på seg. det svarte schoolgirl skjørtet eg kjøpte på zara i via del corso, det fyrste italiaplagget mitt. det svarte blusen eg kjøpte i firenze og, min store kjærleik dette året; den svarte skinnvesten eg kjøpte på ein vintagebutikk rett nedafor piazza navona.

kva har du høyrt på for musikk?

eliza doolittle, pete doherty, the tallest man on earth, seigmen, simon and garfunkel, damien rice, ex-vivan, fun., jarle bernhoft, the mamas and the papas, dusty springfield, bright eyes, jeff buckley, håkan hellström og lars winnerbäck and so forth.

kva har du sett på?

girls, sex and the city, criminal minds, alle exorcist filmane nokon sinne produsert (frå då alt var crap og hjartet hamra og eg var relativt nummen og likegyldig), don’t trust the bitch in apartment 23, gravity (de berre MÅ sjå!), supernatural, freaks and geeks, my so-called life, pluss pluss pluss.

UntitledUntitledUntitled

kven har du hengt mest med i år?

janne. og kjersti.

kva for nye personar har du blitt kjent med i år?

kjersti, oda, jorun, susanne og ein heil bråte til med fine folk. romafolk, oslofolk, folk.

kva er det finaste du har fått i år?

ein godtepose frå janne natta til 20 årsdagen min, som inneholdt favorittraudvinen min og marlboro raud. for akkurat då var ting vanskeleg og alt eg trengte var bestevenninna mi, favorittvinen min og sigarettar.

UntitledUntitledUntitled

kva er det beste du har lest?

just kids – patti smith

the unbearable lightness of being – milan kundera

the great gatsby – f. scott fitzgerald

on the road – jack keruac

pappaen og havet – tove jansson

det kjem ei liste med bøker frå 2012 om ikkje så alt for lenge.

kva land har du vore i?

nederland, sverige, italia og tyskland.

gjorde du noko du aldri har gjort før?

eg flytta utanlands. reiste til nederland og italia som eg aldri har vore i før. var på peggy guggenheim i venezia og på van gogh museet i amsterdam.

vart nokon av vennene dine foreldre i år?

ja, katinka!

UntitledUntitled

kva var din største framgang i 2012?

byrja å gje litt faen og slutte å bry meg om kva andre tenker eller seier. folk burde ha nok med seg sjølve og sine eigne liv og slutte å bry seg så mykje om kva andre gjer med sine.

kva kan seiast å ha vore mottoet ditt i 2012?

give a fåkk! (som i gje no faen i det). eg trur det er veldig sunt å gje litt faen frå tid til anna. folk stressar for mykje og lagar alt for mykje drama.

beste kjøp?

skinnvesten min, vintage dr martens, flybillettane til berlin for å møte hanne, skulepengane til roma.

UntitledUntitledUntitled

kva brukte du mest pengar på?

reise, kle, mat og drinkar.

kva skulle du ønska at du hadde gjort meir?

reist meir, jobba meir og spart meir pengar.

kva gjorde du på bursdagen din i 2012?

reiste på roadtrip til florø med janne og arne jon.

UntitledUntitledUntitled

korleis skulle du beskriva stilen din i 2012?

svart, sterke fargar, mod, 60’s, 70’s og 90’s. med litt vamp her og der.

kvar er du om eit år? 

ein eller anna plass i utlandet med ei handfull av nære vennar, champagne, vodka, sigg, rakettar og stjerneskot. helst ein stad der det var varmt og fint og med masse mennesker og bra musikk. og så sjølvsagt ein eller anna flott mann á la ryan gosling eller  jude law å kysse ved midnatt. det hadde vore fint det.

UntitledUntitledUntitled

kva kjem du til å sakne dette året?

roma, kjersti, varme, roma. eg kan late att auga mine og sjå heilt klart for meg vittorio emanuelle 2, og høyre lydane, og sjå tabacchiane, og folka og bilane og menn i dress på scooterar, og kjenne vinden i andletet og sola på skuldrane. men når eg åpnar auga att er eg heime, i noreg, på flatraket. og klokka er halv fem og det er mørkt og kaldt og nesten folketomt.

mål for året?

bli flinkare til å ta bilder oftare, ta bedre bilder, skrive oftare og faktisk fullføre noko. få ballar nok til å prøve å frilanse litt med tekstane mine. kanskje. vi får sjå. bli flinkare på å vise folk kva eg føler. ein amerikaner sa til meg i roma at eg var den vanskligaste personen å lese som han nokon sinne hadde møtt. pokerfjes av stål. eg veit ikkje heilt om det er ein bra ting.

translation: 
a list of questions about 2012 and 2013. 

2012: juli – september

juli:

juliUntitledUntitled

juli var sommar, sol, skodde, jordbær og moreller.

UntitledUntitled

eg og veslebror (11) hadde james bond kveld ein dag etter jobb.

UntitledUntitledUntitled

det var finfint familiebesøk på stårheim

UntitledUntitledUntitled

eg gjekk mykje på fjellet når eg hadde fri eller var ferdig på jobb.

UntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitled

eg hadde besøk av verdas finaste søsken og søskenbarnet mitt.

UntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitled

det vart malakoff!! endeleg! og eg fekk sett seigmen og sondre lerche og meshuggah og turboneger. og drakk øl og jägermeister og åt cartoon kjeks og jordbær med nokon av dei absolutt flottaste og beste folka på jord.

UntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitled
eg reiste på spontanroadtrip til gøteborg med finaste tiril og jonathan. vi campa på liseberg sin camping, tok karusellar og hadde det heilt fantastisk fint.

august:
augustUntitledUntitled

eg fekk meg ordentleg skrivemaskin.

UntitledUntitledUntitled

tok graviditets bilder av vakraste katinka

UntitledUntitledUntitled

tok baby bilder og var barnevakt ei veke for nydelegaste “tanteungen” min, lily caroline.

Untitled

HANNE HADDE BURSDAG! og dette måtte feirast!

Untitled

eg såg slik ut

UntitledUntitled

vi feira sjølvsagt med vår vennar, raudvin og jägermeister

standing in a nebula between all the stars swimming in the universe

og eg gjekk berrføtt heim på natta i sølepyttar som likna på galakser og stjernetåker

UntitledUntitledUntitledUntitled

eg hadde ny photoshoot med hanne. kanksje den photoshooten eg til dags dato er mest nøgd med.

eg var i oslo og tok tattovering. tolkien sitat frå hobbiten.

UntitledUntitledUntitledUntitled

EG FLYTTA TIL ROMA!

Untitled

vart roomies med finaste, vakraste, herligaste kjersti!

Untitled

vart kjent med frida, og tok toget ut av byen for å fare på stranda

UntitledUntitled

vi hadde fellesmiddag i leiligheten

Untitled

eg oppdaga vinen min

Untitled

såg slik ut

Untitled

og var mykje ute med fine folk og drakk vin og drinkar.

september:

september

september var ein latterleg fin månad

UntitledUntitledUntitledUntitledUntitled

på tysdagane var vi på abbey’s og drakk øl, åt nachos og kosa oss.

UntitledUntitledUntitledUntitledUntitled

vi i fiorentini leiligheten åt middag på mimi e coco

UntitledUntitledUntitledUntitled

vi gjekk på vandring rundt om i byen, den flotte flotte byen vår.

Untitled

piazza navona

Untitled

eg såg trevi fontena for fyrste gong

Untitled

vi reiste til firenze

Untitled

der var huset dostojevski skreiv idioten i

UntitledUntitledUntitled

vi åt god mat og kosa oss

Untitled

i gata var det utekino, pirates of the caribbean på italiensk

Untitled

vi åt is midt på natta

Untitled

gjekk på museum

Untitled

og såg på alle hustaka frå takterrassen på hotellet vårt

UntitledUntitledUntitledUntitled

tilbake i roma var kvardagen byrja komme. og det var som å leve i ein endelaus sommar. lys, varme og italia

eg lagde ein liten film av rommet mitt og nabolaget mitt i roma.

UntitledUntitledUntitled

vi hadde fellesmiddag på bar del fico alle studentane og nokre av forelesarane rett før haustferien

UntitledUntitled

eg og kjersti var på eventyr

UntitledUntitled

vi inviterte blant anna anja og karen over på raudvin

Untitled

eg hadde midtskill og såg for det meste slik ut

Untitled

så reiste eg til berlin

Untitled

for å møte finaste hanne, som mellomlanda der på veg til los angeles der ho skulle byrje studere på musicans institute.

Untitled

vi gjekk på hard rock café

UntitledUntitled

og åt alt for mykje mat

UntitledUntitled

det var filminnspeling på takterrassen ved siden av leiligheten vår.

eg, kjersti, jorun og kristin var på pete doherty konsert

UntitledUntitledUntitledUntitled

vi hadde fest i leiligheten

vi var ute på trastevere

UntitledUntitled

og siste dagen i september slo eg på stor tromma og laga ordentleg fin og god frukost til meg og kjersti.

translation:
2012: july – august. amazing months.