Category: lister//ocd

mars. | ting som inspirerar meg akkurat no.

1. Florence + the Machine sin nye singel & musikkvideo; WHAT KIND OF MAN. [det beste med sangen er kanskje heilt i byrjinga før gitarriffet når ho synger: “i already had a sip/ so i reasoned i was drunk enough to deal with it” truer words have never been spoken, me thinks].

2. Philip Trengove sine backstage-bilder frå GILES’ AW15 runway show i London.

1111310111130011113131111311

3. At veslebror (21) sitt band, the Dandelion Deadbeats nyleg slapp sin fyrste singelen, Hoodlum Havoc, frå det kommande albumet sitt, the Ballad of Dan the Lion, på spotify. Den kan de høyre her! Og så må de høyre radiointervjuet Jon Erik (veslebror og gitarist) og Jarle (vokalist og gitarist) hadde tidlegare i veka HER! [eg er superstolt storesyste].

Skjermbilde 2015-03-03 kl. 12.09.26

4. Lykke Li og Gucci

5. Basquiat.

basquiat

basquiat2 basquiat3 basquiat4

ellers så drikker eg mykje kaffi. et loff med sjokade til frukost og pasta til middag. skriver kvalifiseringsoppgåve om john keats og gjer meg klar til å ha framføring om friedrich kittler i moderne estetisk teori. det er vår i oslo og sol og kvardagen er enkel og fin. det var på tide med mars no.

ting å gjere på ein fredag

– kline med ein bartender fordi du er full og han er kjekk.

– drikke kaffi med nokon som du ikkje har sett på alt for lenge.

– ete middag med nokon av dei kulaste folka.

– drikke øl.

– høyre på dancing in the streets av the mamas and the papas.

– sitte på biblioteket og lese noko som ikkje er pensum.

– bruke raud lebestift.

– ringe mammaen sin berre for å seie hei, eg er glad i deg og eg saknar deg.

– sjekke kontoen og sjå at ein har fått både lønn og stipend.

– sovne alt for seint.

2013.

(sidan 2013 eigentleg ikkje var eit veldig bra år for meg og ting ikkje var så bra, så har det liksom ikkje vore noko stort poeng i å lage ein kavalkade ut av det heller. men til tross så lånte eg denne lista frå sandra, så her kjem eit lite innblikk i korleis dei førre 365 dagane var)

gjorde du noko i 2013 som du aldri har gjort før?

eg flytta til oslo, byrja på fotoskule, byrja skrive fast for oh chérie, tok eksamen, var midlertidig heimlaus, byrja på universitetet

kva for land besøkte du?

ingen. føler litt at det er sjølve symbolet på nettopp kor blakk eg var dette året og kor gjennomsnittleg dårleg det var.

kva var din største framgong i 2013

hadde ein tydleg framgong fotomessig. fann ut kva eg vil gjere med livet mitt, sånn ordentleg, og korleis eg skal komme dit. blei mindre sjenert.

det beste kjøpet?

den svarte kjolen eg kjøpte på monkii i oktober. enkel, fin, kjærleik.

gjorde noko deg oppriktig glad? 

eg fann ein ny plass å bu etter ein sommar med loffing og angst. og ikkje berre var det ein plass å bu, men kanskje det beste eg nokon sinne kunne fått. å sjå janne igjen malakoff helga. å besøke søskena mine haugesund, som eg ikkje hadde sett på over eit år. det gjorde meg kanskje mest glad av alt i heile verda. 

var det noko som gjorde deg trist?

masse. som å gå i begravelse til ein liten engel med eit alt for kort liv. å ikkje finne nokon plass å bu. å sjå at eit forhald ikkje fungerar. å vere blakk. som faen.

kva for sangar vil alltid minne deg om 2013?

Highasakite – Winners Don’t Come Easy
Fergie – A Little Party Never Killed Nobody (All We Got)
Norlie & KKV – Tröjan du hatar
Ex Vivian – Is It Possible
Peter Sarstedt – Where Do You Go To My Lovely

var det eit bedre eller eit verre år enn før?

verre.

kva skulle du ønske at du hadde gjort meir?

tatt fleire bilder. hatt fleire fotoprosjekt. skrive meir. dansa meir. ledd meir. drukke meir champagne. klina meir. lest meir.

kva skulle du ønske at du hadde gjort mindre av?

stressa.

blei du forelska i år?

ja. eg var saman med ein veldig snill, søt og poetisk svenske i nokre månader. og det var veldig fint, og sjølv om det vart slutt fordi forelskelsen dabba av og ting ikkje fungerte, så er vi endå venner og det er ganske fint.

Favorittprogram på TV?

girls.
doctor who.
don’t trust the b**** in apartment 23
game of thrones

årets beste film?

frances ha! herregud. følte det var livet mitt i ein svartkvitt indiefilm. også har eg tidenes girlcrush på greta gerwig!

årets finaste bok?

the fault in our stars – john green.

fekk du noko du ønska deg? 

doc martens til jul!

kva gjorde på fødselsdagen din?

fyrst vart eg vekt midt på natta av nokre herlege kompisar heime som sang gebursdagsangen til meg og sa at dei sakna meg. så fekk eg kake servert av jossan som eg budde med på tidspunktet. dagen etterpå brukte eg og stine på å ete stratos, drikke tuborg og sjå doctor who. og det var himla fint.

kva ville gjort året ditt bedre?

om eg ikkje hadde vore så blakk som eg var ei periode, slik at eg slapp å jobbe så mykje og kunne fokusert meir på skulen og på venner. om eg hadde vore meir strukturert. det var mykje som skjedde og vart gjort i 2013 som gjerne kunne vore gjort annleis og bedre.

kva gjorde at du hadde bra. 

svensken i den perioden det varte. vennar. øl. sommaren.

saknar du noko frå 2013 som du vil ha i 2014?

kanskje motivasjonen eg hadde på slutten av sommaren. haldninga om at no må ting ordne seg for no er eg lei og der fins ingen alternativ.

kva for kjendis var du mest forelska i?

ryan gosling og adam driver.

kven sakna du?

mamma og janne.

dei beste nye folka du møtte?

trur kanskje eg må sei stine og åshild. jævla bra flickor.

Högsta önskan just nu?

at eg leverte skattekortet i tide. at eg får fri den helga eg skal til bergen. at eg står på den eksamenen som det endå(!) ikkje har kome sensur på. at 2014 knuser 2013 så grådig ned i støvlane.

october through instagram

instaoktober1

oktober byrja med kakao og søndagskos på ein vekedag med finaste anette på hotel bristol sin bibliotekbar. annbefalast!

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.18.04
verdas aller finaste hanne var i noreg (ho bur jo i los angeles) og kom til oslo. det var så fint. vi drakk vin og øl, spelte biljard, dansa til langt på natt på café sør og snakka om alt ein har å snakke om når det er eit heilt hav imellom ein og ein ikkje har sett kvarandre sidan jul.

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.18.14
eg og johanne møttest på kafé liebling ein søndag for å drikke kaffi og konspirere. kos kos kos.

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.18.25

 

eg vart sjuk og låg tre dagar i strekk i senga med høg feber. eg drakk rabarbara&bringebær saft, varm mjølk med honning, knaska paracetar og las & me skal bli omskapte.

instaoktober2

eg var på vikingskipsmuseet og på kon tiki museet. anbefalast!

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.19.08instaoktober3

eg tok eksamen i tverrfaglege kjønsstudier. skreiv om virginia woolf og mary wollstonecraft. og om undertrykking og girl power og besto (det var bestått eller ikkje-bestått, ingen bokstavkarakterar).

janne kom til oslo og vi dansa i prøverommet til monki.

instaoktober4

såg ellers for det meste slik ut. byrja å springe på tredemølle på treningssenter (ein vane eg har vore svært dårleg med å opprettehalde).

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.20.02

 

eg og johanne hadde konspirasjonskaffi att ein tysdag på litteraturhuset. då vi var ferdige å konspirere for dagen tok vi trikken til villa paradiso og delte ein pizza før vi møtte finaste åshild og eva utanfor saga for å sjå frances ha. som absolutt alle burde sjå fordi greta gerwig er fantastisk og det er filmen også.

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.20.14

eg fekk nye visittkort i posten frå moo og vart svært lukkeleg i sjela. feira sjølvsagt med raudvin.

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.20.25
eg byrja så smått å lese til eksamen og med kvalifiseringsoppgåva i estetikk.

instaoktober5

avslutta oktober med ein herleg halloweenfest saman med åshild, johanne og eva hjå luca. herregud så fint det var.

om du vil følge meg på instagram, så heiter eg kristinaaurore.

translation:
how my october looked like through instagram. you can follow my instagram, i’m called kristinaaurore

 

 

things i love on mondays

1. kaffi.

2. koray birand sine bilder av erin heatherton for elle russia. sjå alle her.

800x1093xerin-heatherton-koray-birand5.jpg.pagespeed.ic.tEpwU28MXM

3. dior homme sin nye film kampanje med robert pattinson.

4. Federico de Angelis sine bilder av Coco Rocha for L’Officielle Russia sin oktoberutgåve. elskar bilda og stemningen, for ikkje snakke om kleda stylist Ksenia Berezovskaya har valgt ut. flott fint fantastisk. sjå alle her.

coco-rocha-pictures2723x960xcoco-rocha-pictures9.jpg.pagespeed.ic.y9cqVLeGhG

5. den nye spelelista mi som er perfekt for måndagar når ein har heimekontor eller sit på bussen eller går til trening eller til butikken eller er på vorspiel. we’re driving caddilacs in our dreams

6. at serien don’t trust the b**** in apartment 23 ligger på netflix. elskar krysten ritter og james van der beek i den serien. vart knust då dei avlyste serien midt i andre sesong.

7. desse maleria av henry matisse.

c404566925d889d6d265d8c0fe4b5ca95c503f3820319da5581ebda06b3ab91dcfb7b968e185ca4a7162b13f59c4ed99

8. lovely things mappa mi på pinterest

c6d5c891bdf932d33dee6e77459187188939ca037b86aea2da5969342c97f83e542d73d5bd63dfa99603ff62e114a03df901dd4e3a3fd808cd6bf4c389474a6ad788f7aa3bac0a75721b602179727d8cd1d2685e01140a01e424e0033e2d691d

 

 

translation:
things i love on mondays.

if i had a million dollars/dear santa/dear mum

det er endå ei stund til jul, men i år ønsker eg å vere tidleg ute. tidleg ute med å kjøpe julegåver, tidleg ute med å finne ut kva og til kven eg skal kjøpe julegåver, og tidleg ute med mi eiga ønskeliste. for kva er vel eigentleg meir morosamt enn å lage ønskelister?

1. cinema city samira clutch frå kate spade.

Skjermbilde 2013-09-23 kl. 19.25.38

2. denne lighteren frå opening ceremony.

16d64950a32f17dfb4de2daf0675d489

3. grace: a mémoire av grace coddington. og gjerne også tim walker: storyteller.

Skjermbilde 2013-09-29 kl. 13.37.39

 

4. armbandsklokke. eg er ganske forelska i desse frå michael kors (1 og 2), denne frå marc jacobs (her) og denne frå kate spade (her).

Skjermbilde 2013-09-29 kl. 15.23.49

 

5.  vinylskiver, blant anna: pretty in pink soundtrack, drive original soundtrack og nico: all tomorrows parties.

Skjermbilde 2013-09-29 kl. 15.31.05

6. fuck off sovemaske. her.

Skjermbilde 2013-09-29 kl. 15.36.53

7. feminist ryan gosling. altså, HALLO!

8. polaroidkamera med film. fordi eg alltid seier eg skal kjøpe det og alltid utsetter det og HALLO.

9. nye doc martens. her.

Skjermbilde 2013-09-29 kl. 20.44.27

10. denne stjerneteikn kalendaren. den er så utruleg fin!

Skjermbilde 2013-09-29 kl. 15.48.17

11. desse søte putetrekka: 1, 2 og 3.

Skjermbilde 2013-09-29 kl. 15.58.31

12. vinterjakke. likar desse (1, 2 og 3) skikkeleg godt.

13. selbuvottar

14. tjukkelester

15. parfymen dahlia noir frå givenchy – har leita etter den heilt sidan eg ikkje kjøpte den i venezia. angrar, angrar, angrar.

o.14224

16. ein liten vofsevofs.

5eec8d484e873218e22db7b475a48a1a

17. ronja røverdatter på dvd.

18. bilderammer, enkle, fine bilderammer som lar bilda puste. gjerne i sølv.

19. alt av kjøkkenutstyr o.l. frå lisbeth dahl.

f32d8c989d385a8fb1e99719ffb9d5a6

20. raudvin. italiensk raudvin.

21. matkrydder.

22. ny ekstern harddisk på gjerne 2TB med usb3 og thunderbolt. som for eksempel denne.

bd93e130-81c8-4b47-b226-04bf6891b6f3

23. docking høgtalarar til iphonen min.

24. husleige.

25. vinylspelar.

26. mariusgenser! (i vanlege fargar, ikkje noko pastellskit).

27. malakoffbillett.

Untitled

28. ferie til ein eller anna roleg, solfylt plass med bading og kultur. som marrokko. eg har skikkeleg lyst til å reise til marrokko.

29. konsertbillettar.

30. ny ullkåpe. som for eksempel denne eller denne eller denne.

image1xl imagde1xl

31. gainsbourg is god genseren frå bella freud.

Je-taime-Jane-Product-LR

32. er superforelska i desse kjolane frå topshop (1, 2, 3 ) og desse skjørta frå miss selfridge (1, 2) denne kjolen frå house of hackney (her)

men aller mest ønsker eg meg fri og godteri og god mat og fine romjulsfestar og fin nyttårsfest og å kose meg med både familie og vennar.

translation:
my wishlist for christmas.

fine ting på blåe tysdagar

306366_183052368494856_168746150_n

1. miljøpartiet dei grønne kom inn på stortinget med eitt mandat.

2. alle sesongane av gilmore girls kom ut under bush-administrasjonen.

3. at demokratiet fungerar.

4. frode grytten si nye bok som handlar om the clash og snart skal bli mi.

5. liste over ord ein burde bruke oftare.

9ed1c9dd1ea543e51f001efb377e563a

6. erlend loe. berre det. erlend loe.

7. denne nettbutikken som selger litterære t-skjorter. eg ønsker meg spesielt desse:

Skjermbilde 2013-09-10 kl. 11.51.08Skjermbilde 2013-09-10 kl. 11.51.20Skjermbilde 2013-09-10 kl. 11.51.31Skjermbilde 2013-09-10 kl. 11.53.37Skjermbilde 2013-09-10 kl. 11.53.48 Skjermbilde 2013-09-10 kl. 11.53.58 Skjermbilde 2013-09-10 kl. 11.54.07

 

8. ingrid olava sitt nye album.

9. bloggen FraüLei.

10. mummitrollet.

dbf62c421e7082bd624f82135c87d145df1556695178457b63f4fa0dbb1453ace28a35547d98a2abfcfb7556c3be0610

 

ellers håpar eg at folk har vore flinke til å benytte stemmeretten sin. og om du ikkje gjorde det så har du inga grunn til å klage.

translation:

the right wings won the norwegian election yesterday and i am comforting myself with 1. the facts that the environment party got a seat in the parliament (stortinget),2.  that absolutely every singel season of the gilmore girls came out during the bush-administration. 3. that our democracy clearly works. 4. that frode grytten’s newest book is about the clash and that it will soon be mine. 5. with words i ought to use more often. 6. the norwegian author erlend loe. just because he is erlend loe. 7. this online store which sells t-shirts with bookprints on them!.8. ingrid olava’s newest album. 9. the blog FraüLei. 10. moomin. on a different note, i hope that people voted and took use of the right to vote, and to those who didn’t, you don’t really have any good reason for complaining of the outcome now. 

so… where are you, what do you do and why?

'favorites emerge / days rising through water'UntitledUntitled

2. eg har byrja å studere att! ved universitetet i oslo, på det humanistiske fakultet har eg så smått byrja på ein bachelor i estetiske studier og litteratur vitenskap. her studerar eg estetikk, kunsthistorie og litteraturhistorie. samt, dette semesteret, tar eg også eit enkeltemne innan kjønnsstudier. så ved siden av å vere fulltidsstudent, prøve å overleve to veker med fadderuka og skitbillig øl, så jobbar eg vakter på bensinstasjonen og prøver å få timane i døgnet til å strekke seg akkurat nok til at det går. og det går alltid.

3.  fordi eg er ein fotograf og skribent som ønsker fagleg og relevant tyngde som styrker dei to svært så ubeskytta arbeidstittlane. og kunsthistorie, estetikk og litteraturhistorie gjer nettopp det. samfunnsvitskapelege fag kan eg ta som fri einskildsemner ved sidan av. som eg gjer når eg tar tverrfagleg kjønnsforskning dette semesteret ved sidan av estetikk og amerikansk litteratur. fordi om eg aldri blir ein veldig god fotograf eller noko, så vil eg ha ein bachelor som kan gi meg jobbar innan emner eg likar, som på kunstmuseum eller i eit forlag. fordi det alltid er lurt å studere vidare uansett kva du studerar og ingen kunnskap er bortkasta kunnskap.

1.ellers er eg  endå i oslo, sjølvsagt. men mellom flytting, ny jobb, nytt studier, nye venner, migrener og akutt søvnbehov blir alt anna liksom skyvd unna. eg gir meg sjølv difor litt tid. til å komme inn i nye rutinar. kjenne meg heime i min nye heim. bli kjent med mine nye venner. bli kvitt migreneannfalla (som har plaga meg heile livet, men som den siste veka har det vore notorisk) og sove inn litt av søvnen som vart tapt i alt kaoset. det er livet mitt akkurat no.

ciao.

eksamen, skuleslutt og fine sommarting.

UntitledUntitledLa mano sugli occhiBeloved

det er siste veka mi på bilder nordic. vi har heimeeksamen og på torsdag er det over. det er så sjukt rart å tenke på. eg har jobba så hardt det siste halvåret. med fulltidsstudie og skulearbeidet som kjem ved siden av, samt ein deltidsjobb tre gongar i veka. eg har lært så mykje og utvikla meg enormt. ikkje berre som fotograf, men også som person. eg har invistert utallige timar, stress, søvnlause netter og energi i månadane som har gått, at det no verkar heilt uverkeleg at det er over. ein sommar fyllt med jobb verkar som sommarferie i samanlikning. noko som kanskje er like greit sidan eg skal jobbe ein god del i sommar.

mange spør meg kva eg har tenkt å gjere vidare til hausten. og sjølv om eg formulerar og evaluerar planar, veljer eg å halde stilt og svare at eg faktisk ikkje har peiling, så ikkje spør. det einaste eg veit er at eg kjem til å forbli i oslo. eg kan heller fortelje om sommarplanane mine. som er den største motivasjonen min no i eksamensinnspurten. i sommar skal eg nemleg:

♡ ta toget til gjøvik og besøke finaste kjersti og feire 20 årsdagen hennar med konfetti og champagne. og raudvin.

♡ reise heim til mamma og havet. stupe frå kaia og pilse på verandaen.

♡ springe på fjellet med vofsen og høyre på dickie dick dickens medan eg spring.

♡ ta bilder av finaste kariann som er høggravid. blir fintfintfint.

♡ reise tilbake til oslo og byrje i ny jobb.

♡ pilse oftare i parken og ete så mykje jordbær som overhovudet mogleg.

♡ toge til bø og besøke janne. verdas absolutt beste janne.

♡ svaie og synge med den høgste mannen på jorda på malakoff festivalen og hugse tilbake til då eg såg han i roma, og han spelte akustisk i ei steinkyrkje midt i sentrum og kyrkja hadde skjenkeløyve, så vi fekk drikke heineken på glasflasker.

♡ generelt malakoff festivalen.

♡ og resten er løyndom. og alle løyndomar blir til slutt avslørt. men ikkje heilt med det fyrste.

translation:
it’s my final week of exams and i’m soon done with my semester at bilder nordic school of photography. it feels so incredibly strange. i’ve been working my butt off the last six months, juggeling work three times a week and a full time study and all the extra hours that comes with photography studies. i’ve learned so much and grown immensely, not only as a photographer but also as a person. so many hours i’ve invested, so much stress, sleepless nights, and now it’s almost over. a summer of working seems hardly like work after months like these. many people ask me what i am going to do now that i’ve finished at bilder. and even though plans are being made and evaluated i still choose the right to remain silent, saying only that i haven’t the slightest idea, so please refrain from asking. the only thing i know for sure is that i will remain in oslo for the time being. i can however shed light on some of my plans for the summer. i’m going to visit a few friends, go home for a week, take maternity photos of my second cousin kariann who’s due in july. i am of course going to malakoff rock festival, drink a lot of champagne, red wine, beer, smoke, eat strawberries, run in the mountains, swim in the ocean and make plans. plans that for now are secret. and even though all secret eventually come out, these will stay secret for just a little while longer.

pictures linked to source on flickr.

 

 

inspoheaven friday

for tida har vi ein fashion workshop med motefotografen julie pike på skulen. noko som fører til tonnevis av inspirasjon og motivasjon for denne vesle skrotten, som så lenge har vore utan nokon av delane. og difor tenkte eg at eg kunne dele litt av den inspirasjonen med dykk, i håp om at andre også kjenner det stikker til av motivasjon ein stad mellom hjartet og ribbeina.

echo of spring av antia pagant

spring-antia-pagantspring-antia-pagant1spring-antia-pagant7spring-antia-pagant5spring-antia-pagant6

camilla akrans when life was exotic for japanske vogue:

camilla-akrans-vogue-japan3camilla-akrans-vogue-japan2camilla-akrans-vogue-japan6camilla-akrans-vogue-japan10camilla-akrans-vogue-japan11

alt av julie pike

WEB_4880JULIE 210_905Julie Pike 6 ContributorJulie Pike 8 Contributorulie Pike 6Julie Pike 13Julie Pike15 outfit VII5867335915_8a6c7c6369_o_9055867336815_b06b2b91d2_o_9055867891414_86d2d32e9f_o5044474100_69a8cf41e9_o5043850411_43fe88423c_o_905

 

desse filmane:

translation: 
we’re having a fashion workshop these days with fashion photographer julie pike. and since i love fashion photography, and julie pikes work, i find myself all of a sudden filled with a new sense of inspiration and motivation. so i thought i should show you some of the things that are inspiring and motivating me these days. and maybe it will motivate you too.