Category: kaffi&kvardag

i’ve made mistakes in my life that i just can’t hide

Skjermbilde 2013-11-12 kl. 00.40.55Skjermbilde 2013-11-12 kl. 11.41.41Skjermbilde 2013-11-12 kl. 12.06.32Skjermbilde 2013-11-12 kl. 12.07.19Skjermbilde 2013-11-12 kl. 12.07.24Skjermbilde 2013-11-12 kl. 12.10.57Skjermbilde 2013-11-12 kl. 13.58.46Skjermbilde 2013-11-12 kl. 12.19.58Skjermbilde 2013-11-12 kl. 16.53.48Skjermbilde 2013-11-11 kl. 15.50.05Skjermbilde 2013-11-11 kl. 18.20.33Skjermbilde 2013-11-11 kl. 18.27.37Skjermbilde 2013-11-11 kl. 18.27.55Skjermbilde 2013-11-11 kl. 18.41.54Skjermbilde 2013-11-11 kl. 18.41.56Skjermbilde 2013-11-11 kl. 21.30.15Skjermbilde 2013-11-11 kl. 21.31.36Skjermbilde 2013-11-11 kl. 22.06.18Skjermbilde 2013-11-11 kl. 22.09.54Skjermbilde 2013-11-11 kl. 22.11.11Skjermbilde 2013-11-11 kl. 22.20.20Skjermbilde 2013-11-11 kl. 22.22.54Skjermbilde 2013-11-11 kl. 22.23.00Skjermbilde 2013-11-10 kl. 17.28.26Skjermbilde 2013-11-10 kl. 17.28.40Skjermbilde 2013-11-10 kl. 22.26.15Skjermbilde 2013-11-12 kl. 17.20.25Skjermbilde 2013-11-12 kl. 17.27.21Skjermbilde 2013-11-12 kl. 17.30.40Skjermbilde 2013-11-12 kl. 17.30.57Skjermbilde 2013-11-12 kl. 17.31.03Skjermbilde 2013-11-12 kl. 17.31.07Skjermbilde 2013-11-12 kl. 17.31.13Skjermbilde 2013-11-12 kl. 18.09.33Skjermbilde 2013-11-12 kl. 18.09.46Skjermbilde 2013-11-12 kl. 18.09.52Skjermbilde 2013-11-12 kl. 18.10.03Skjermbilde 2013-11-12 kl. 18.55.52Skjermbilde 2013-11-12 kl. 21.44.40Skjermbilde 2013-11-12 kl. 21.44.44
er der ein ting eg elskar så er det tv-seriar med truverdige, sterke, kvinnelege roller. med sterk og truverdig meinar eg ikkje ei superdame, men ei menneskleg dame. som hannah horvath i girls, eller frances i frances ha, carrie bradshaw i sex & the city. feilbare, følsome, mennesklege og sjølvstendige. difor er eg litt flau over at eg ikkje eigentleg har følgt med på ally mcbeal før. det er jo sjølvsagt ikkje heilt på tryne at det er slik, i nitten-nittisju var eg fem år gammal og ally mcbeal var berre ein tv-serie på eit språk eg ikkje kunne som mamma såg på. seksten år seinare fann eg ally mcbeal på netflix, trykte play og eg skulle ønske eg hadde gjort det før. eg elskar den. elskar ally sine nevroser, tragedier, fantasiar og oppturar. så sjå ally mcbeal. for å le, smile, gråte, whatnots. om enn berre for nittitals musikk, mote og hårfrisyrar. kva er vel bedre enn det?

translation:
i’m in love with the tv-show ally mcbeal. 

 

october through instagram

instaoktober1

oktober byrja med kakao og søndagskos på ein vekedag med finaste anette på hotel bristol sin bibliotekbar. annbefalast!

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.18.04
verdas aller finaste hanne var i noreg (ho bur jo i los angeles) og kom til oslo. det var så fint. vi drakk vin og øl, spelte biljard, dansa til langt på natt på café sør og snakka om alt ein har å snakke om når det er eit heilt hav imellom ein og ein ikkje har sett kvarandre sidan jul.

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.18.14
eg og johanne møttest på kafé liebling ein søndag for å drikke kaffi og konspirere. kos kos kos.

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.18.25

 

eg vart sjuk og låg tre dagar i strekk i senga med høg feber. eg drakk rabarbara&bringebær saft, varm mjølk med honning, knaska paracetar og las & me skal bli omskapte.

instaoktober2

eg var på vikingskipsmuseet og på kon tiki museet. anbefalast!

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.19.08instaoktober3

eg tok eksamen i tverrfaglege kjønsstudier. skreiv om virginia woolf og mary wollstonecraft. og om undertrykking og girl power og besto (det var bestått eller ikkje-bestått, ingen bokstavkarakterar).

janne kom til oslo og vi dansa i prøverommet til monki.

instaoktober4

såg ellers for det meste slik ut. byrja å springe på tredemølle på treningssenter (ein vane eg har vore svært dårleg med å opprettehalde).

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.20.02

 

eg og johanne hadde konspirasjonskaffi att ein tysdag på litteraturhuset. då vi var ferdige å konspirere for dagen tok vi trikken til villa paradiso og delte ein pizza før vi møtte finaste åshild og eva utanfor saga for å sjå frances ha. som absolutt alle burde sjå fordi greta gerwig er fantastisk og det er filmen også.

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.20.14

eg fekk nye visittkort i posten frå moo og vart svært lukkeleg i sjela. feira sjølvsagt med raudvin.

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.20.25
eg byrja så smått å lese til eksamen og med kvalifiseringsoppgåva i estetikk.

instaoktober5

avslutta oktober med ein herleg halloweenfest saman med åshild, johanne og eva hjå luca. herregud så fint det var.

om du vil følge meg på instagram, så heiter eg kristinaaurore.

translation:
how my october looked like through instagram. you can follow my instagram, i’m called kristinaaurore

 

 

and the friday night blues

skal på jobb. fire til midnatt. bussen heim. sove. stå opp. jobb. elleve til seks. så fri. eg finn tid til småleg kvardagsluksus i dei få timane før og etter jobb. som å lage bananpannekaker og lese morgenbladet. sjå den nye episoden til white collar (som eg er verkeleg heilt fortapt i, eg vil også bli kunsttyv og forfalsker, neil caffrey style). drikke kaffi medan eg tar ein sigarett på plattingen mot hagen. sjå rimet i graset og tenke at det er november no.

Skjermbilde 2013-11-08 kl. 15.21.43

translation:
i have a lot of work and school. and i’m tired. and it is really getting cold outside and i have to realize that it is actually november now.

 

things i love on mondays

1. kaffi.

2. koray birand sine bilder av erin heatherton for elle russia. sjå alle her.

800x1093xerin-heatherton-koray-birand5.jpg.pagespeed.ic.tEpwU28MXM

3. dior homme sin nye film kampanje med robert pattinson.

4. Federico de Angelis sine bilder av Coco Rocha for L’Officielle Russia sin oktoberutgåve. elskar bilda og stemningen, for ikkje snakke om kleda stylist Ksenia Berezovskaya har valgt ut. flott fint fantastisk. sjå alle her.

coco-rocha-pictures2723x960xcoco-rocha-pictures9.jpg.pagespeed.ic.y9cqVLeGhG

5. den nye spelelista mi som er perfekt for måndagar når ein har heimekontor eller sit på bussen eller går til trening eller til butikken eller er på vorspiel. we’re driving caddilacs in our dreams

6. at serien don’t trust the b**** in apartment 23 ligger på netflix. elskar krysten ritter og james van der beek i den serien. vart knust då dei avlyste serien midt i andre sesong.

7. desse maleria av henry matisse.

c404566925d889d6d265d8c0fe4b5ca95c503f3820319da5581ebda06b3ab91dcfb7b968e185ca4a7162b13f59c4ed99

8. lovely things mappa mi på pinterest

c6d5c891bdf932d33dee6e77459187188939ca037b86aea2da5969342c97f83e542d73d5bd63dfa99603ff62e114a03df901dd4e3a3fd808cd6bf4c389474a6ad788f7aa3bac0a75721b602179727d8cd1d2685e01140a01e424e0033e2d691d

 

 

translation:
things i love on mondays.

post-eksamens dagar

Skjermbilde 2013-10-19 kl. 16.46.17

i går hadde eg min fyrste eksamen dette semesteret. to oppgåver, ti sider, skulle leverast. då er det fint å ha bestevennar som janne, som kjem til oslo og ofrar dei to fyrste timane i byen på å sitte på kafé med meg og lese opp statistikkar medan eg skriv dei ned. fint å feire med å gå rundt i byen med den personen som kanskje kjenner ein best i heile verda og snakke om alt frå livet og kjærleiken til gamle minner om då vi møttest og før vi visste at den andre eksisterte. etter at eg hadde sagt hadet til janne på togstasjonen og tatt tbana heim fekk eg ei melding frå fine åshild som hadde kjøpt ei flaske raudvin, men som ikkje ville drikke det den åleine. så eg satt meg sjølvsagt på tbana i vinterkåpa mi så fort eg kunne og tenkte at det er heilt okei at det nærmar seg vinter og at kulda river litt i både andletet og i bringa på kveldane. det er heilt okei når ein har raudvin og icona pop og fine folk rundt seg. ellers ser eg ut som eg gjer på bildet over om dagen. drikker kaffi frå kermitkopp. i dag har eg kjøpt meg ny kjole og skjerf og hue. i kveld skal eg drikke øl og danse.

translation:
yesterday i had my first exam, and my best friend janne came to town for the day and we sat at a café where she read me statistics and wrote them down. and after i had delivered it on the university server we walked around oslo talking about life and love and remembering what life was like before and remembering that there was a time when we didn’t know that the other person even existed. later i got a text from  åshild saying she had a bottle of red wine that she didn’t want to drink alone, so i of course hurried to the metro to drink it with her. and i tought that it doesn’t matter that winter is coming and that it’s cold, not when you have red wine, icona pop and good people around you.

oktobersøndagar.

Skjermbilde 2013-10-13 kl. 20.10.16Skjermbilde 2013-10-13 kl. 20.07.14Skjermbilde 2013-10-13 kl. 20.09.10
(foto linka)

oktobersøndagar burde brukast til lengre kafébesøk med notatbøker og penal, eller berre ei god bok. spontanturar til kon tiki museet og vikingskipsmuseet. frukost i senga, med juice, presskannekaffi og eggerøre på toast. på å gå rundt i byen med det nyaste albumet til veronica maggio på øyret og berre kjenne kroppen dunke litt medan ein ser seg om. ein burde gå meir rundt i byen og berre sjå seg om.

oktobersøndagar burde brukast til å drikke bringebær&rabarbara saft berre fordi det er godt. til å sjå episodar av seriar ein følger med på eller har gløymt ein følger med på eller berre fordi ein ikkje har noko anna å sjå på. til gamle filmar, som casablanca, breakfast at tiffany’s, duck soup, valley of the dolls, une femme est une femme og barefoot in the park. til altfor lange telefonsamtalar med mammaer eller bestevenner eller besteforeldre eller brødre eller folk ein alltid ellers gløymer å ringe.

til å lese alle dei utgåvene av morgenbladet ein kjøpte i løpet av veka, men endå ikkje har rukke å lese. til turar i skogen eller på fjellet, med kaffi eller sjokolade på termosen. til sykkelturar på kronglete stiar eller langs humpete fortau. til champagne til lunsj og raudvin til middag. til alt, untatt å vere åleine.¨

translation:

sundays should be used for sitting at a café for hours with a notebook and a pen, or just a good book. for impromptu visits to places like the kon tiki museum and the viking ship museum. breakfast in bed, with juice and coffee and scrambled eggs on toast. to walk around the city with veronica maggio’s latest album playing and just feeling your body pounding a little while you watch the people and the places. people should walk more around in the city and just watch. sundays should be used to drink raspberry&rubarb juice just because it’s good. for watching episodes of tv-shows you follow, or forgot that you follow or watch just because you don’t have anything better to watch. for old movies, like casablanca, breakfast at tiffany’s, duck soup, valley of the dolls, une femme est une femme and barefoot in the park. for way too long phone calls to mothers or best friends or grandparents or brothers or people you normally never remember to call. for reading all the issues of that paper you bought but didn’t find the time to read. for hikes in the woods or up the mountains, with a thermos filled with coffee or hot chocolate. for biking in terrain or on asphalt. for champagne for breakfast and red wine for dinner. for everything, except being alone. 

fine ting på blåe tysdagar

306366_183052368494856_168746150_n

1. miljøpartiet dei grønne kom inn på stortinget med eitt mandat.

2. alle sesongane av gilmore girls kom ut under bush-administrasjonen.

3. at demokratiet fungerar.

4. frode grytten si nye bok som handlar om the clash og snart skal bli mi.

5. liste over ord ein burde bruke oftare.

9ed1c9dd1ea543e51f001efb377e563a

6. erlend loe. berre det. erlend loe.

7. denne nettbutikken som selger litterære t-skjorter. eg ønsker meg spesielt desse:

Skjermbilde 2013-09-10 kl. 11.51.08Skjermbilde 2013-09-10 kl. 11.51.20Skjermbilde 2013-09-10 kl. 11.51.31Skjermbilde 2013-09-10 kl. 11.53.37Skjermbilde 2013-09-10 kl. 11.53.48 Skjermbilde 2013-09-10 kl. 11.53.58 Skjermbilde 2013-09-10 kl. 11.54.07

 

8. ingrid olava sitt nye album.

9. bloggen FraüLei.

10. mummitrollet.

dbf62c421e7082bd624f82135c87d145df1556695178457b63f4fa0dbb1453ace28a35547d98a2abfcfb7556c3be0610

 

ellers håpar eg at folk har vore flinke til å benytte stemmeretten sin. og om du ikkje gjorde det så har du inga grunn til å klage.

translation:

the right wings won the norwegian election yesterday and i am comforting myself with 1. the facts that the environment party got a seat in the parliament (stortinget),2.  that absolutely every singel season of the gilmore girls came out during the bush-administration. 3. that our democracy clearly works. 4. that frode grytten’s newest book is about the clash and that it will soon be mine. 5. with words i ought to use more often. 6. the norwegian author erlend loe. just because he is erlend loe. 7. this online store which sells t-shirts with bookprints on them!.8. ingrid olava’s newest album. 9. the blog FraüLei. 10. moomin. on a different note, i hope that people voted and took use of the right to vote, and to those who didn’t, you don’t really have any good reason for complaining of the outcome now. 

åh, vestland, vestland, når eg ser deg slik.

av og til får eg heimlengsel. ikkje i same forstand som då eg nettopp flytta til oslo og ikkje visste kvar eg skulle gjere av meg i hovudstaden fordi det var vinter og eg kjende tre fire personar og ting var relativt kjipt og alt eg ville var å sette meg på nattbussen heim. berre enkel heimlengsel slik at eg saknar å sitte på balkongen min og sjå på havet medan eg røyker og tar eit glas raudvin. at eg saknar å sjå andletet til mamma når eg snakkar med ho og lukte parfymen hennar og berre det å gje ho ein klem. saknar at hunden min trippar over golvet og hoppar opp på fanget mitt og sovnar. saknar veslebroren min som masar om vi må bake noko eller spele spel eller sjå ein pirates of the carribean film, eller harry potter. eller berre det å springe til postkassa for å hente posten når det er storm og vinden bles i 30 meter i sekundet og himmelen er mørkegrå og havet brusar som ein rista glasscola. enkle ting. ting eg gler meg til å sjå igjen, og ting som er deilig å forlate når eg reiser. i dag har eg litt slik heimlengsel. eg saknar september heime med hauststorm og allværsjakker. varme dusjar etter forblåste og gjørmete turar på fjellet. krabbefest med fine folk og krabbe som stefaren min har fanga sjølv då han var ute med båten og sat teiner dagen før. men eg har det likevel veldig fint. for det er endå ein liten bit av sommar att i oslo. og været er roleg og eg kan gå ut utan strømpebukse eller ytterjakke og eg drikk vin på operaen med marie og tar siste tbana heim etter øl på løkka og alt for mykje latter. eg les pensum og skriv oppgåver og jobbar og tar bilder og er opptatt men lukkeleg. så når eg ligg i senga på søndagskveldar og saknar krabbe og nordfjorddialekta og storm og havet, så ser eg på filmane eg har frå heime og tenker at det er jo ikkje så ALT for lenge til eg tar turen vestover att. og så siggar eg for siggens skuld og nyt at det endå er pittelitt sommar. høyrer på fjordårets speleliste og tenker på at for eit år sidan på denne tida budde eg jo faktisk i roma.

og når eg verkeleg saknar vestlandsgalskap berre ser eg denne videoen av bror min og onkelen min som jammar heime hjå farmor:

translation:
sometimes i miss home. not in the sense that i did when i first moved to oslo, but in a sense where i just miss familiar things. like the smell of my mums perfume and just to hug her. or sitting on my balcony having a cigarette and watching the ocean or running to get the mail when there’s a storm and the wind is going over 30 meters a second. and then i just watch these videos i made when i used to live there. of the landscape and of parties and my brother and my crazy uncle jamming in my grandmother’s living room. and then i just look forward to the next time i go home, whilst i am also really enjoying the fact that autumn has come with storms and all to the west, but here in oslo it is still some summer left before fall sets in. 

so… where are you, what do you do and why?

'favorites emerge / days rising through water'UntitledUntitled

2. eg har byrja å studere att! ved universitetet i oslo, på det humanistiske fakultet har eg så smått byrja på ein bachelor i estetiske studier og litteratur vitenskap. her studerar eg estetikk, kunsthistorie og litteraturhistorie. samt, dette semesteret, tar eg også eit enkeltemne innan kjønnsstudier. så ved siden av å vere fulltidsstudent, prøve å overleve to veker med fadderuka og skitbillig øl, så jobbar eg vakter på bensinstasjonen og prøver å få timane i døgnet til å strekke seg akkurat nok til at det går. og det går alltid.

3.  fordi eg er ein fotograf og skribent som ønsker fagleg og relevant tyngde som styrker dei to svært så ubeskytta arbeidstittlane. og kunsthistorie, estetikk og litteraturhistorie gjer nettopp det. samfunnsvitskapelege fag kan eg ta som fri einskildsemner ved sidan av. som eg gjer når eg tar tverrfagleg kjønnsforskning dette semesteret ved sidan av estetikk og amerikansk litteratur. fordi om eg aldri blir ein veldig god fotograf eller noko, så vil eg ha ein bachelor som kan gi meg jobbar innan emner eg likar, som på kunstmuseum eller i eit forlag. fordi det alltid er lurt å studere vidare uansett kva du studerar og ingen kunnskap er bortkasta kunnskap.

1.ellers er eg  endå i oslo, sjølvsagt. men mellom flytting, ny jobb, nytt studier, nye venner, migrener og akutt søvnbehov blir alt anna liksom skyvd unna. eg gir meg sjølv difor litt tid. til å komme inn i nye rutinar. kjenne meg heime i min nye heim. bli kjent med mine nye venner. bli kvitt migreneannfalla (som har plaga meg heile livet, men som den siste veka har det vore notorisk) og sove inn litt av søvnen som vart tapt i alt kaoset. det er livet mitt akkurat no.

ciao.