Category: kaffi&kvardag

januar 1901| death & life

AMCADIG_10310847789LESSING_ART_1039902864

Bilder: 1. Januar (Kalender), 1901 av Gustav Klimt. 2. Death & Life, 1910 – 1915 av Gustav Klimt 

eg forsvann. eg har ein tendens til å gjere det no og då. forsvinne. frå folk og stader. det er enkelt. beroande. det var hausten som kom og tok meg. slukte meg i timar fordelt på lesesalen, i seminar og på forelesningar; timar og dagar og helger med frilansarbeid; øl og vin og sigg. og mykje har skjedd og mykje skjer. til dømes vart diktet mitt “KVAL” publisert i litteraturtidsskriftet LASSO si siste utgåve i 2014. og eine bilde eg tok av Greenland Whalefishers i oktober vart i november publisert i MASS PROD sitt fanzine magasin PUNKULTURE i frankrike. veslebroren min sitt band, The Dandelion Deadbeats, vann bandwagon konkuransen 2014 og eg vart så stolt at eg grein offentleg for fyrste gong sidan 2012.

ellers har eg tatt 40 studiepoeng og gjort det bra på skulen. eg var i bergen tre gongar, to gongar for å ta bilder, ein gong for å besøke veslebror (21) og kristin og for å danse på scena. då det kjendes ut som om hausten skulle få heilt overtaket reiste eg og viktoria vekk og parterte ein elg, drakk raudvin og diskuterte prosjekt som vi tar med oss inn i det nye året. eg har sklidd på isen, tryna med handlevogn ned bakken mot birkelunden. drukke habanero-tequila og jäger. dansa til the rolling stones og the animals på revolver. drukke øl og snakka tull på cafe sara. skråla tekstane til MEXICO av lynni treekrem med marie og maren gjennom gatene på st.hanshaugen. fortapt meg i onkelp og den fjerne jævla slekta. sett lykke li halde den mest eksplosive og estetiske konserten eg nokon sinne har sett. i bunn og grunn forsvunne inn i meg sjølv og mitt eige. og det har vore så jævla bra. alle blåmerker til tross.

likevel er det litt godt at 2014 er over og at 2015 (som bokstaveleg starta med eit pang, då rakettane fauk mot oss og ikkje mot himmelen (det gjekk bra med alle)) er her. klarar eg dette semesteret er der ein god sjanse for at eg blir ferdig med bacheloren min eit halvår tidleg. ein tanke eg har blanda kjensler over; eg vil liksom ikkje gje slepp på blindern heilt endå. er for glad i studentlivet. for glad i å sitte time etter time på lesesalen på sophus bugges, drikke kaffi bak niels med rådet og fare på pubquiz på ugla annakvar onsdag – eller, i det minste prøve å fare på pubquiz på ugla annakvar onsdag. tida vil vise kva eg får til. eg blir litt småleg stolt over meg sjølv om eg klarar bacheloren på mindre enn tre år (men sjølvsagt berre dersom eg blir ferdig med eit godt snitt). komfortsida mi ligger i pretensiøs akademia og eg veit ikkje kven eg er utan det lenger.

og så skal eg frilanse meir. minst fem, muligens seks, frilansprosjekt ventar meg denne våren, og eg har tatt steget å registrert meg som enkeltpersonsføretak. FURORE | Tekst & Fotografi. skumle saker eg er stolt av. 2015 blir eit år med kaffi og arbeid. kristin er, som alltid, redd for at eg tar på meg for mykje. og det gjer eg sikkert. men eg likar å vere oppteken. likar å forsvinne i jobb og skule. eg fungerar best under press. har det best når eg er hektisk.

denne våren skal eg blant anna lese Faust, Voltaire, Flaubert og Dostojevski. eg elskar Dostojevski. eg skal også lese om moderne estetisk teori; om ranciére og den emansiperte tilskodaren. om kunst frå 1950 til 2000; habermas, post-modernisme, avant-garde og kitsch. og så skal eg ta opp att eit fag. kva eg klarar å faktisk få til veit eg ikkje. eg er ingen sta person, men eg er målbevisst. flink til å ville og få til det vil. så lenge eg har pengar til kaffikoppen min og ein pakke sigarettar er eg som regel nøgd med livet.

blogging kjem nok til å skje sporadisk. eg skal prøve å ikkje forsvinne att. skal prøve å halde oppdateringar om korleis det går med frilansing og skule og livet.  det blir nok mykje kunst, mykje litteratur og MYKJE skamlaus sjølvpromotering. saker som må til.

godt nyttår!

sommar

det er ordentleg sommar og eg har fridag. brukar fridagen med farmor og søskenbarn og tanter og onklar. på båttur og grilling og bading og sløving i skuggen. i morgon er det jobb att. eg jobbar omtrentleg 100% og brukar fritida på eit frilans foto-oppdrag og familie. neste helg blir det malakoff. då har eg pressepass og skal sjå att mange folk eg ikkje har sett på alt for lenge, høyre mykje god musikk, ta mange bilder og kose meg. og omtrentleg slik ser sommaren 2014 ut.

sycamores and owls and ultraviolence

Skjermbilde 2014-06-24 kl. 13.32.54

1. er tidvis i oslo og tidvis heime. har hatt sommarferie sidan 4. juni, flytta frå det blå huset til ein liten sentrumsnær krok og til og med endeleg funne søppelrommet og postrommet. har slutta i jobben på bensinstasjonen og leitar etter ny. leser helle helle sin “dette burde skrives i nåtid” og høyrer på lana del rey sitt nye album. jobbar med pitch og moodboard til eit nytt fotoprosjekt som skjer denne sommaren. det lynchiesque og dunkelt og spennande. les artiklar om tårekunst og drikker øl og kaffi på buler rundt om kring i oslo med folk eg ikkje har sett på alt for lenge. brune buler er bedre enn hipsterfiserte utestader.

2. har meldt meg opp til fag til hausten. 40 studiepoeng fordi eine eksamenen gjekk ikkje denne våren. sånt skjer. skriv ned pensumbøker. frå august av blir det tysk estetikk, barokk og modernisme og avant garde og surrealisme. det blir proust og kafka og joyce og woolf og dylan thomas. blir bra. gler meg til studiestart og gruar meg til eg er ferdig med bacheloren, sjølv om det er to år til. blindern er bra. gjengen er bra og kaffi bak niels er alltid bra.

3. snart er det malakoff att. og bedre enn det blir det jo ikkje.

Foto: Rose-Lynn Fisher

søndag, mars, flora & sjokolade

kk_300314_0002kk_300314_0001kk_300314_0012kk_300314_0014kk_300314_0015kk_300314_0027kk_300314_0029kk_300314_0061kk_300314_0034kk_300314_0038kk_300314_0036kk_300314_0054kk_300314_0040kk_300314_0063kk_300314_0068kk_300314_0069kk_300314_0070

på laurdag sendte eg melding til ane og spurte om vi ikkje kunne finne på noko fint på søndag. eg elskar jo søndagar, og saknar å ha fine, rolege søndagar med nokon. vi fekk med oss maren og møttes til kaffi på eds før vi tusla vidare til botanisk hage. vi åt årets fyrste uteis, gjekk gjennom fjellhagen, var innom viktoriahagen og rota oss inn på ei utstilling om sjokolade der det sto veldig mykje om luis XVs elskerinners og luis XIVs forhald til sjokolade. etter det tusla vi frå botanisk hage tilbake til løkka, der vi kjøpte jordbær til 13 kroner korga på sultan, sa hejdå til kvarandre og reiste kvar vår veg til kvar våre kvalifiseringsoppgåver. fin søndag.

du söker bråk, jag kräver dans

5455418522_ccb34ca48b_z

eg høyrer på linnea henriksson sitt nye album. drikker kaffi med viktoria og sara. kniser. ler. smiler og siggar kanskje litt for mykje. det er sol og det er berre litt snø her og der. vi setter oss på ein benk i sola og lar den varme oss opp innanfrå og ut. om det blir kaldt igjen no, så går eg i hi og kjem ikkje ut før ein gong i mai, seier eg til viktoria og ho er einig. vi går vidare. viktoria på harriet holters hus for seminar og eg på sophus bugge biblioteket for å lese. lese britisk litteratur. arcadia av stoppard og the dead av james joyce. må byrje på fyrste utkastet mitt snart. må velge oppgåve snart. skiftar til kunsthistorie. høyrer på podcastane frå forelesningane eg ikkje har hatt mulighet til å gå på. stressar. så jævla mykje å halde styr på. har vore så alt for dårleg student den siste tida. men det er måndag og sol og planane for veka byrjar å slå seg fast. jobb, øl, kaffi, seminar, forelesning,  kino osv. fuglane kvitrar og trestammane opp til humanistisk fakultet er dramatiske og mosegrønne. måndag og kaffi og vår. eg går eigentleg berre å ventar på mars.

translation:
it’s monday and the sun is out and i’m drinking coffee with friends, trying to catch up on my lectures, waiting for march to replace february. 

foto: hanna kristina metz

ting å gjere på ein fredag

– kline med ein bartender fordi du er full og han er kjekk.

– drikke kaffi med nokon som du ikkje har sett på alt for lenge.

– ete middag med nokon av dei kulaste folka.

– drikke øl.

– høyre på dancing in the streets av the mamas and the papas.

– sitte på biblioteket og lese noko som ikkje er pensum.

– bruke raud lebestift.

– ringe mammaen sin berre for å seie hei, eg er glad i deg og eg saknar deg.

– sjekke kontoen og sjå at ein har fått både lønn og stipend.

– sovne alt for seint.

visst är det vackert

Skjermbilde 2014-01-31 kl. 15.17.11Skjermbilde 2014-01-31 kl. 15.18.50Skjermbilde 2014-01-31 kl. 15.19.02

var i bergen i helga. drakk kanskje femti liter kaffi. og masse øl. dansa sving på femtitalsfest og var på nachspiel i ei leilighet med ei utstillingsdukke i skikle og julepynt i vindauget. kosa kjersti og kristin. kjøpte nytt skjørt og møtte att folk eg ikkje har sett på nærmare hundre år. give or take.

translation:
went to bergen this weekend. drank about fifty litres of coffee. and a lot of beer. went to a fifties party and dance swing and went to an after party in an apartment with a mannequin dressed in ski clothes and christmas decorations in the windows. lived with kjersti and kristin. bought a new skirt and met all the people i haven’t seen for about century. give or take.  

stemningsrapport frå lesesalen (sofaen).

BatspCWCYAA8wnV.png-large

prestasjonsangst. er litt usikker på kvifor, men av ein eller anna grunn har hovudet mitt bestemt seg for å gå gjennom ein sjølvrealiseringsperiode bukowski-style no, midt i eksamensforberedingane mine. så eg sit på verandaen og siggar og høyrer på depressiv musikk og synk ned i det store svarte holet av tankar om at dei absolutt aller fleste gjer det eg gjer bedre enn meg.

angst. fordi eg ikkje klarer å komme gjennom pensum. og alt eg vil er å sjå indie-filmar med michael cera i hovudrollen og gøyme meg under dyna for alltid. er lei av kaffi og migrene, lei av pensum og notatar. har aller mest lyst til å drikke vin og danse til dunkande musikk utan tekst.

dormiveglia // kantiansk depresjon

(foto milla tok av meg i 50-tals festen førre veke)

det er veka før eksamen. og ikkje berre ein eksamen, men to. rett etter kvarandre. og eg får ikkje sove om nettene for eg veit at eg ikkje er klar, veit at eg ikkje kjem til å klare å bli klar. er sint på meg sjølv fordi eg øydela alle dei gode rutinene eg hadde i byrjinga av semesteret. på eit eller anna tidspunkt ein stad mellom eksamen i oktober og no fall alle dei gode rutinene og strukturane mine saman. så no søver nesten ikkje, og så står eg opp, alltid ein time seinare enn eg har tenkt, og sit på lesesalen og leser, men det er ikkje fort nok eller bra nok og eg forstår mindre enn kva ein burde seks dagar før eksamen. har nevroser over kant sin smaksdom, spesielt slit eg med det tredje momentet og kva han meiner med at noko er formålstjeneleg utan formål. kanskje når eg får sove litt, neste helg, blir ting anneleis. søvn skal visst verke oppkvikkande har eg høyrt. personleg er eg meir ei kaffi og sigarettar type jente. men alt må jo prøvast ein gong, også søvn.

soundtrack: dormiveglia // kantiansk depresjon

translation:
it’s the final exams of the semester next week and i am not ready and am feeling down. the stress of it all has given me insomnia, a fever and anxiety. maybe when i get to sleep after the exams. maybe i’ll see things clearer and brighter. right now everything, myself in particular is shit.

adesso

Skjermbilde 2013-11-29 kl. 05.47.30 Skjermbilde 2013-11-29 kl. 05.47.17Skjermbilde 2013-11-29 kl. 05.48.47 Skjermbilde 2013-11-29 kl. 05.47.41

det er eksamensperiode og eg stressar mellom å skvise inn nok lesedagar mellom vaktene mine på jobb. stressar. stressar så eg gløymer å ete, så no henger jobbuksa mi berre akkurat oppe og eg må ta med belte på jobb. heldigvis har eg folk, som åshild, som eg kan møte på fridagar og drikke kaffi med, som kan roe nervane og som seier du trenger å slappe av, i dag er du med på fest. og så kler vi oss opp i 50-talls kostymer og dynkar håret tjue kilo hårspray før vi drikk oss susne på fransk og italiensk raudvin på tomme magar, synger hurra for deg til luca  og ronja som er bursdagsbarn, blir kjent med nye fine, diskuterar feminsme med tonar frå 50- og 60-talet i bakgrunnen. før i vi spring saman medan vi ler for å rekke siste trikken til siste tbana heim. (for så å komme heim, sovne og så vakne fem på natta tørst og full av eksamensnervar).

translation:
it’s the time for exams, and i’m stressing trying to find enough time to read between my shifts at work. stressing so much that i’ve started to forget to eat, making me have to bring a belt to work because my uniform has got way too big. luckily i have people, like åshild, whom i can meet on days off and have a coffee with, who says you need to relax, tonight we’re going to a party. and then we dress up in 50’s clothes and spray 50 tons of hairspray in our hair before we get tipsy on french and italian red wine, sing happy birthday to the birthday boy luca, get to know lovely new people and discuss feminism to sounds from the 50’s and 60’s in the background. before running whilst laughing to catch the last tram taking us to the last metro home. (just to get home, fall asleep and wake up at 5 am, thirsty and full of pre-exam anxiety).