Category: oh chérie artiklar

no rest for the wicked // sommar & frilans & festival

kk_200714_0034kk_180714_0167kk_180714_0267kk_180714_0243kk_180714_0006kk_180714_0007nellikenkk_180714_0020kk_180714_0028kk_180714_0054kk_180714_0059

mellom å jobbe omlag seks dagar i veka, drive på med tre fire frilansprosjekt og prøve å få inn så mykje tid saman med venner og familie som mogleg før sommaren tek slutt, var eg på malakoff festivalen på eid førre helg. for fyrste gong som presse med pressepass. det var ei helg fylt med gode venner, familie, god musikk og upåklageleg stemning. de kan lese meir om sjølve festivalen i artikkelen min for oh chérie her.

ellers lever eg, eg er berre veldig oppteken, som de kanskje forstår. det er eigentleg ganske fint. fint med prosjekt og pressepass og slikt. fint med fast jobb for sommaren. fint å føle eg får til noko. fint å vere med folk eg ellers brukar energi på å sakne. kanskje roar ting seg litt med semesterstart, men eg håpar eigentleg ikkje det. eg er rastlaus om dagen, har ikkje tid til å kvile eller roe ned. vil ikkje kvile eller roe ned. vil berre jobbe meir, bli ferdig med meir og starte på nye ting.

olymp de gouges

Skjermbilde 2013-09-02 kl. 11.50.20

denne gongen  fekk eg velje og skrive om månadens chérie hjå ohcherie. og eg valgte olymp de gouges. som levde under den franske revolusjon og blant anna skreiv kvinnerettserklæringa som ein reaksjon på at den franske menneskerettserklæringa frå 1789. om de vil lese meir så trykk her her her.

translation:

i got to choose this months chérie at the online magazine i write for, ohcherie. i chose olymp de gouges, who lived during the french revolution, and who, among other things, wrote the women’s rights declaration as a reaction to the french human rights declaration from 1789. it’s in norwegian, but you can read more here here here

og vi dansar i dryssande duskregn om natta – malakoff 2013

det var malakoff. og eg var der, som eg alltid er, med kamera, drikke og godt humør. dette året var litt annleis sidan eg ikkje berre var der for min eigen del, men også skulle skrive festivalartikkel for ohcherie. (trykk her). og det var fint. og det blåste og tidvis dryssa det ørsmå vassdråpar frå himmelen, men det gjorde ingenting. for det var malakoff. og vestlandet og musikk og livet. UntitledUntitledUntitled
Untitled
special kids unit! f.v. ola ulltveit-moe, jørgen haugland, vidar seljen melby, mathias degnepoll øren og bård linga. om de ikkje har høyrt på dei før, bør de gjere det no! dei er galne og dei er rå og dei er venner av meg! soundclouden deira finn de her.

Untitled

supermario tatoveringen til adrian!UntitledUntitledUntitledUntitled

ole med håret.
UntitledUntitled

kjærleik.

UntitledUntitled

campen såg omtrent slik ut, med juletrelys i trea og telt og folk og god stemning.UntitledUntitled

og ved siden av å ta bilder, sjå bad religion, the hives, the tallest man on earth, black debbath, honningbarna og så mange andre fantastiske band live, filma eg også ein god del:

og det var malakoff i eit nøtteskal.

translation:
malakoff rockfestival 2013!

 

beyoncé

Skjermbilde 2013-06-04 kl. 00.17.10

denne månaden var det eg som fekk velje og skrive om månadens chérie hjå oh chérie. og eg valgte sjølvsagt ei av dei fiercaste kvinnene eg veit om, nemle beyoncé knowles. så klikk dykk innom, les og kommenter. og for all del, SJÅ beyoncé sin sjølvbiografiske dokumentar life is but a dream. det er så visuellt vakkert og bodskapet og alt berre: gåsehud altså!

translation:

this month i got to choose and write about the webmagazine oh chéries chérie of the month. and i, of course, wrote about one the most fierce women i could think of, beyoncé knowles. 

 

i am a drinker with writing problems.

– brendan beham

som de allereie veit så skriv eg jamnleg små artiklar, eller kronikkar om de vil, for nettstaden ohcherie. noko eg elskar. dessverre har eg vore svært dårleg på å informere her på bloggen når eg har lagt ut ein ny artikkel. så difor tenkte eg at eg skulle legge ut linkane til dei tre artiklane eg så langt har skrive. framover skal eg bli flink til å legge ut link med ein gong artikkelen er ute.

ein ode til oslo

Skjermbilde 2013-04-01 kl. 17.08.08

frustrert kreativitet

Skjermbilde 2013-04-01 kl. 17.07.50

girl power 2.0

Skjermbilde 2013-04-01 kl. 17.08.27

 

om de ser godt etter vil de også legge merke til mange av bilda mine i andre sine artiklar hjå ohcherie også. sjølvsagt oppgitt med kjelde nederst i artikkelen. så veit de litt meir om kva eg driv med om dagen.

translation:
as you know i am writing some articles for the norwegian web-magazine, ohcherie, and since i’ve been very bad at letting you know when the latest article is out, i decided to make this post with links to all my articles. if you look closely at some of the other articles in ohcherie, you might see that many of them contain some of my photographs. so now you know a little more about what i am doing these days, besides school and work. in the future i’ll be much better at letting you know when my article is out. 

girls

Corpus ChristiMarie AntoinetteTinaArtek, un été en Crimée / A summer un Crimea
då eg var fire år gammal var spice girls det største i heile verda. eg og to av nabojentene i byggefeltet eg då budde i pleidde å samlast i ei stove, kle oss ut i fjær og kjolar, med mødrene våre sine alt for store høghælar og synge wannabe for full hals. det var kanskje fyrste gongen begrepet girl power byrja å manifestere seg sjølv i hovudet mitt. veslebror min på 19 seier alltid at sjølvsagt er han feminist, han har tross alt vakse opp med meg og mor mi og vore ein minioritet av testosteron i hushaldet. noko som alltid får meg til å flire. for om det var kjønnsdiskriminering i vårt hushald under min oppvekst, så var det eg som drog veslebror etter bukseselane og tvang han til å vere min personlege slave.

likevel så er feminisme er for meg så mykje meir enn kvinner som brenner bhar, lar håret gro villt alle plassar og hatar menn og sex. ekte feministar hatar ikkje menn og sex. ekte feministar elskar menn og sex. slik er det berre. feminisme handlar ikkje om at kvinner er overlegne mannen, det handlar ikkje om eit amazone samfunn eller om eit brennande hat mot det andre kjønn. det handlar i bunn og grunn om likestilling. om lik lønn for likt arbeid. om like rettar og like sjansar. det handlar om utdanning, arbeid og valg.

eg er heldig og har vakse opp i ein familie full av sterke, kunnskapsrike og suksessfulle kvinner. oldemora mi, som no er 96 år, var mor til fem og gift med ein sjømann. gift med mannen ho elska. og når han var på sjøen over lengre periodar var det ho som tok seg av barna sine, og tidvis også andre barn som trengde det. ho var, og er, det varmaste og snillaste og mest inkluderande menneske eg veit om.bestemor mi valgte å utdanne seg og vere yrkesaktiv kvinne på ei tid då dette ikkje var vanleg eller enkelt. ho vart lærar, gifta seg med bestefar min, fekk fire barn og jobba. ho var til og med ein av bakkvinnene til å opprette leirskuleordningane på 70-talet. og per dags dato så er ho den smartaste personen eg kjenner. bestefar min var den fyrste i bygda som trilla barnevogn. farmora mi er kanksje ei av dei modigaste kvinnene eg kjenner. i ei tid då skilsmisse verken var vanleg eller, på mange måtar, respektert. skilte ho seg og var aleinemor for tre gutar. ho jobba hardt og lot aldri nokon trakke på ho. ho er det beyonce, kelly og michelle kallar ein surviver.. eg har også ein heil bråte av flotte og flinke tanter og filletanter som alle, uten unntak, brillijerer i det dei gjer. dei reiser, dei snakkar fleire språk og dei er snille og varme og fantastiske og heilt ulike. og til slutt så har vi mammaen min. den flottaste, mest reflekterte, omsorgsfulle og støttande, varme mora eg kan tenke meg. mammaen min som studerte, jobba og var aleinemor for meg og veslebror (19) samstundes. som viser at ein kan ha den jobben ein ønsker, den utdanninga ein ønsker, det livet ein ønsker, så lenge ein jobbar for det. så lenge ein vil. uavhengig av noko anna enn vilje og valg og prioriteringar.

difor syns eg at det er så forferdelig kjedelig og trist at vi, i 2013, lever i eit samfunn som i staden for å fortelje unge jenter og kvinner om alt dei kan gjere og få til, er mest opptatt av å fortelje dei at dei ikkje er bra nok. ikkje tynne nok, pene nok, smarte nok, sexy nok, morosamme nok eller anstendige nok. ofte kan det verke som om media prøver å kviskre til underbevisstheten vår at: uansett kva du gjer, vil det aldri vere bra nok. er du ei karriere kvinne med ungar, ja, då er du sikkert ei iskald kjerring som aldri har tid til ungane sine eller bryr seg om deira velver. er du heimeverande mor? ja, då er du sikkert dum og utan ambisjonar eller mål i livet. er du feit er du lat. er du tynn er du anorektisk eller bulimisk. er du midt i mellom er du ikkje bra nok då heller, for då er du akkurat for feit til å vere tynn og for tynn til å vere feit. og alt dette her er heilt vannvidd.

eg kjenner heimeverande mødre som har mastergrad i økonomi men som velger å vere heime med barna sine nettopp fordi dei kan velge. eg kjenner karrierekvinner som er fantastiske og ganske svært så tilstedetverande mødre. og eg hatar tanken på at vi, 100 år etter at den norske kvinne offisielt fekk stemmerett, endå blir satt i slike stereotypiserte båsar om korleis vi er utfrå sivilstatus, yrkesstatus og utsjånad. spesielt trist blir eg når eg ser at desse båsane ofte er oppretta av kvinner. horestempel, kroppskompleks og baksnakking kjem oftare frå andre jenter enn menn. det at jenter er med på å halde jenter tilbake og øydelegge vårt eige syn på oss sjølv, knuser hjartet mitt. for vi er alle gode nok. vi kan alle gjere kva vi vil. vi må berre bestemme oss for det, arbeide for det, prioritere, satse og velge. det er tross alt nettopp det feminismen handlar om. fridom til å velge.

difor blir eg så lukkeleg og så motivert og inspirert når sterke, kunnskapsrike og talentfulle jenter går saman for å skape eit medium som svar mot all denne jentehetsen. eit medium for jenter med vett i skallen, avbalanserte skuldra, ambisjonar, kunnskapar og humor. eit medium som ikkje fortel deg kor mykje vekt du kan miste raskast, eller korleis du kan bli kvitt cellulittane dine. men som tar utgongspunkt i at du er fantastisk akkurat slik som du er, og berre vil motivere jenter til å fortsatt vere fantastiske og flotte og gro bein i nasen. og det heilt utan å kastrere mannfolk eller disse motebransjen. for ein kan vere feminist, mannegal og moteinteressert i ein og samme pakka. det lærte carrie bradshaw oss for lenge sidan. det gledar meg å fortelje at i dag vart eit slikt nettmagasin lansert og at i neste veke kjem det endå eit. og i motsetnad til kva folk ofte seier, så kan det faktisk aldri bli nok av det gode.

under arbeid

Skjermbilde 2013-01-25 kl. 18.54.13

under arbeid vart lansert i dag. det er eit spennande og interessant nettmagasin som appellerar til unge jenter og kvinner. under arbeid har som mål å vise eit sunnare syn på det å vere kvinne. eit magasin som handlar om girl power og alt det fantastiske av potensiale vi sit inne med. det handlar om virginia woolf, björk, frida kahlo, astrid lindgren, mødre og døtre. det handlar rett og slett om jenter. skrive av jenter for jenter. og eg syns det er heilt fantastisk.

oh cherie

ohcherie_01

fyrste februar blir nettmagasinet oh cherie lansert. dei flotte jentene bak dette magasinet er carina, ida og ulrikke, som muligens kjenner til frå bloggverda frå før. oh cherie er eit utruleg spennande prosjekt og appellerar til unge vaksne kvinner med vett i hovudet. om oh cherie har jentene bak sida skrive:

[trenger vi enda et nettmagasin for kvinner?] Vi gjør det. Det er behov for et nettmagasin skrevet av dyktige, sterke jenter. Det er behov for et nettmagasin som vil styrke jenters selvbilde og være litt feministisk, uten å bli for politisk. Vi trenger et nettmagasin som fremmer sunne verdier, fremfor å gi deg tips om hvordan du kan bli slankest mulig til sommeren. Vi vil være rett på sak og skrive morsomt, frekt og personlig. Tekstene skal ha gjenkjennelsesfaktor eller vekke ettertanke. Vi skal ha fokus på kultur, men skal også skrive om livet, sex, kjærlighet og tanker om det som skjer i samtiden.

kan det bli bedre?

translation: 
two new, norwegian internet magazines for girls and women are launching now. today under arbeid launched and on 1st of february oh cherie is launching. these two magazines are different from others, they are all about girl power and feminism and not about telling girls they need to be a certain way or look a certain way. because girls are fabulous just the way they are. and as a feminist i love this. i also wrote a text about how feminism isn’t about hating men, but about equality, education, work and most of all choice. bodily hair and fluids have absolutely nothing to do with the subject.