Category: verden

firenze dag 2

UntitledUntitledUntitled

vi byrja dagen med ein tur på museet, som del av pensum og kultiveringa av oss studentane. og fordi det er sinnsvakt fint å gå på museum. eigentleg var det ikkje lov til å ta bilder inne på museet, men eg ignorerte regelen av og til, når det var noko skikkeleg fint eg berre måtte få med. som taket som er mala av rafael om eg forstod alt riktig.

UntitledUntitled

etter museet åt vi panini, sinnsjukt god panini. du kunne sjølv velge kva du ville ha på, eg åt mozzarella, tomat, soltørka tomatar, aubergin, ruccula og ein artichokk mos som var heilt himmelsk. ikkje var det dyrt heller, rundt 4 euro.

Untitled

eg hadde gått heile helga å sett på nokre nydeleg sko i vindauget til miu miu som eg aldri i verda har råd til. men det kostar ingenting å prøve sko, så eg gikk så sjølvsikker (eigentleg heilt usikker) inn i butikken og spurte forsiktig om eg ikkje kunne få prøve dei, og det fekk eg. og så gjekk eg aldri tilbake til den butikken etterpå.

UntitledUntitledUntitledUntitled

om du er i firenze må du stoppe på gilli, dei har så sinnsjukt mange fine og gode søtsaker der! og dei finaste vindaugsutstillingane!

UntitledUntitled

utsikten av firenze frå hotellet.

UntitledUntitled

vi avslutta firenze med ein tur på hard rock café der vi åt middag. ein litt skuffande middag, men heilt ok og selskapet var jo superb. så då gjer det liksom ingenting. og det var firenze i eit nøtteskal. om ei stund kjem der nok ein liten film også, for eg filma ein del i firenze, må berre få tid til å sette meg ned å redigere den. inntil vidare, ciao mi amores!

translation: 
the last day of florence. we went to a museum, ate at a panini place that was really good, i tried on some way too expensive miu miu shoes that i will probably never be able to buy, just to know how they felt on my feet. ate sweets at gilli’s and admired their window display, admired the view from my hotel and ate dinner at hard rock café with the rest of the group before we headed home to rome. i filmed quite a lot in florence and will probably make some sort of movie out of the trip, but all in due time. until next time, ciao mi amores. 

firenze: dag 1


den nydelege utsikten frå det knøttvesle hotellrommet vårt.

etter ein sightseeing, byvandring og kviling, skulle vi møte opp ved ponte vecchio. klokka var kvart over sju, himmelen var ein blanding av oransj, kvitt, lilla, rosa og blått, det var nærmare 30 grader ute og nydeleg.

jorun!

ida var fin og glad, som alltid.

på veg til restauranten gjekk vi forbi huset der dostojevski skreiv “idioten”. litteraturnerden og dostojevskifanen som eg er, måtte eg sjølvsagt ta bilde.


gatene var trange og innsnirklete og kjempesøte.


agnes

marte var som alltid glad og fin

medan vi venta på maten vart vi servert brød (kvitt, sjølvsagt, for det fins nesten ikkje grovbrød i italia) og dei beste olivenane eg har smakt i heile mitt liv. eg åt opp alle sammen, med pittelitt hjelp frå sondre.

plutseleg var det mørkt. det er ikkje som i noreg om sommaren, at mørkret kjem snikande nesten heilt uforklareleg. her i italia er det lyst eit sekund, og mørkt det andre. men det gjer ingenting, for overalt er det små søte lamper og lys. trur eg likar italia aller best på kvelden faktisk.

eg åt spaggeti abbrieto, som er spaggetti i sterk tomat og basilikum saus. og den var så sinnsjukt god!

tor erik åt kylling

kjersti fekk salat med nydelege tomatar i.

UntitledUntitled

alle kosa seg med god vin og god mat.

Untitled

rett overfor restauranten var det utekino der dei spelte av pirates of the carribean 2, dubba på italiensk sjølvsagt.

UntitledUntitled

etter maten fann vi ut at vi ville ha is, så vi fann ein gelatteria. det er faktisk ingen spøk at dei har verdas beste is i italia. dei har det. og i alle verdas smakar. min favoritt kombinasjon er melon, blåbær og vanilje, eventuelt jordbær. (og ditta frå jenta som hatar norsk jordbær is!)

Untitled

så reiste vi tilbake til hotellet, satt oss på takterrassen og kosa oss med litt drikke før vi reiste vidare ut for å sjekke utelivet i firenze.

translation:
the first day of florence! 

i don’t know why i am still afraid if you weren’t real i would make you up

eg trur  kanskje eg underbevisst visste at eg kom til å skrive denne teksten no allereie før eg gjekk ut. visste at eg ikkje kom til å gidde å skru på taklyset, og difor skrudde på tastaturlyset før eg klappa igjen macen og sa hadet til tante renate og trond. visste det, fordi dette er siste sjansen eg har sjansen. om du forstår.

eg vart fødd her. på sjukehuset som eigentleg ikkje lenger kan kallast eit sjukehus. eg søkte skule her då eg var femten fordi eg ville bu ein plass der eg ikkje hadde nokon vonde minner, og dette og valdres var dei einaste plassane som poppa opp i hovudet mitt. eg vaks opp her, mentalt, vart den eg er no her. vart kjend med nokre av mine næraste vennar her, levde her. og no skal eg sei hadet. og eg trur eg visste det, då eg gjekk ut i kveld, at i dag kom til å bli dagen då eg kom til å kunne bringe meg sjølv til å skrive denne teksten.

de bør vite at i skrivande stund er eg ikkje edru. eg er ikkje dritings eller full, men passe brisen og passe lukkeleg og passe melankolsk. akkurat slik eg likar det best. i natt har eg dansa, sunge, smilt, ledd og møtt på folk eg ikkje trudde eg kom til å sjå igjen på ei veldig lang stund. i natt har eg sagt farvel, utan å seie det høgt til nokon. for ekte avskjedar skjer i mørkret, dei er usagte, løyndomsfulle og unødvendige. og eg skjønte det ikkje før eg sto berrføtt i ein sølepytt på veg heim igjen før nokon andre reiste heim att, og sang melissa horn stille til meg sjølv og var verken trist eller sint over minnene sangen eg sang vekte i meg. berre glad. glad for at den usikkerheten er over, glad for at eg her no, glad for alle minnene denne staden, som er det eg eigentleg skal skrive om, har gitt meg.

eg var fire år då eg flytta hit for fyrste gong på ordentleg. seks år då eg flytta her ifrå og seksten då eg flytta tilbake. dei ti åra i mellom er eit tiår eg ikkje er spesielt keen på å snakke om. der er fine stunder og der er særs vonde stunder, men det betyr ikkje ein skit. for sakens kjerne er at denne plassen, denne vesle tettstaden eg skriv om og prøver å beskrive, er den staden som har lært meg at ting blir bedre, at livet er eit eingongstilfelle, at verden er både magisk og vakker og vond og litt ør. at ein ikkje nødvendigvis treng å ta alt så høgtidleg. eg snakkar om staden eg kanskje har skrive mest om på denne bloggen. den eg har skrive om med mest lukke og innlevelse. staden der eg gjekk frå å vere seksten og verdsviter, til å bli tjue og vaksen og meir uviten om verda enn nokon sinne. (som mamma beskriv som det å bli vaksen). eg snakkar om eid. nordfjordeid.

for dette er den siste helga på lenge eg er her. den siste helga før, moglegvis jula, eg er ute på fest her. siste helga eg går gjennom eidsgata og møter på kjennsfolk og får klem og smiler til betjeninga fordi eg kjenner dei. for neste helg blir ikkje her. og helga etter, ja, nei, då er eg vekk. vekk til roma. då går eg vidare i livet. så dette er slutten på kapittelet som heiter kristina og eid. eit kapittel som har vore langt og turbulent og sårt og vakkert og fyllt av eventyr. eg trur det var litt difor eg gjekk heim så tidleg i dag. fordi eg ville høyre på den rette musikken, synge dei rette orda og ta innover meg faktumet at no er det farvel. på ordentleg. og det er trist og fint og alt på ein og samme stund. god natt.

 

– skal vi berre reise ein plass? vere vekke nokre dagar, berre gløyme kvardagen heilt og haldent?

-ja! skreiv eg tilbake. og så sat vi oss i bilen. vi kjørte heile natta, høyrde på spotifylister, stoppa på bensinstasjonar og busstopp for å strekke på beina og ta ein røyk. heile natta. så svingte vi inn på campingplassen i gøteborg og slo opp telt. var på tivoli og kjøpte ballongar og magnetar med fine ord på og kjørte berg og dalbane heile dagen. så kom tysdagen og vi sat oss i bilen igjen. kjørte heile natta (med unntak av eit stopp i oslo og på grensa). heilt til vi kom heim. og åtte timar etter sto eg på jobb igjen. trøtt og lukkeleg og full av sommareventyr.

we were a curious mix of funny face and faust.


på tysdag hoppa eg inn i baksetet på ein bil og lot den dra meg avgarde. vekk frå sogn og fjordane, forbi fjell og fjordar, til bergen. der møtte eg fine elise, som eg ikkje har sett sidan avslutningsfesten på vidaregåande i sommar. vi gikk på zupperia og tok ein øl og snakka om alt som var nytt og alt som var som før og alt slikt ein snakkar om når det er lenge sidan ein har snakka saman. så gikk vi til den blå steinen og møtte på siw og eirik og gikk til ein annan pub og drakk meir øl, før atle-hjørn ringte og sa at no var han ferdig på øving. så då sat eg på med han og overnatta hjå han og camilla.
 
på onsdag stod eg opp i ti elleve tida, koka meg kaffi, laga fin jordbær og blåbær frukost med appelsinjus og hørte på radioresepsjonen og tenkte at eg elskar bergen. verkeleg. så sprang eg ut døra, gikk meg vill mellom bilar, regn og fortau på minde allé ein times tid, til eg endeleg fann bystasjonen og møtte verdas finaste kristin på bystasjonen.

kristin var flott og fin og blid som alltid.

ho laga middag til meg, medan eg satt og tørka opp, for eg hadde gløymt paraplyen min hjå atle-hjørn og camilla og var søkkblaut gjennom jakka og på kjolen. medan vi åt snakka vi om framtida og løyndomar og gutar og slikt som berre veldig gode, veldig gamle venner snakkar om.

så fekk eg låne støvlane og ullkåpa til kristin, og gjekk ut på den vesle murbalkongen hennar og tok ein røyk og såg på nygårdsparken, som er så mykje finare enn folk ofte tenker over.

då vi var ferdige å ete flytta vi oss inn i stova for å drikke kaffi. kristin bur i typ verdas finaste leiligheit, med gamle bilder og piano og masse fine, rare ting i seg. som eg sjølvsagt alltid ta bilde av. kvar gong.

eg måtte rive hol i strømpebuksa mi for å bandasjere storetåa mi, som hadde fått gnagsår.

kristin har typ verdas kulast bad, med yndlingsmannen min, bob dylan på døra, fine klistermerker på spegelen og postkort og den svenske kongefamilien på skåpdøra.

i gangen hennar er det fullt av fine plakatar og skilt, og ein dag vil eg også bu ein stad der eg kan henge skilt i taket med fine namn som villaveien på seg.

det er seriøst den kulaste, finaste leilegheita i heile bergen og den gjer meg alltid så glad og framtidssjuk at eg nesten trur eg dør. bohemslottet kallar eg det, sjølv om det står kazaksthan på skiltet utanfor. og plutseleg, midt mellom framtidsplanar og kunsteriske ambisjonar, var klokka blitt så mykje at det var på tide å tusle ned til sentrum og møte mamma, som også var i bergen. og så sa eg hadet til kristin, og gikk ombord kommandøren, og lot den segle meg trygt heim til vesle, trygge, avskjerma nordfjord.

translation:
on tuesday i jumped inside the backseat of a car and let it take me away from sogn and fjordane, all the way to beautiful bergen. where i met up with elise, siw and eirik to get a beer, before my uncle, who was  at band practice, came and got me and i spent the night at his place. on wednesday i woke up around ten eleven, made a delicious strawberry and blueberry breakfast, listened to the radio and drank loads of coffee, before i had to run out into the rain and catch the bus into town where kristin was waiting for me. we made dinner, talked about our future and secrets and boys and all things that only really close, really old friends talk about. and then i borrowed her boots and wool-coat and went out on her stone balcony to have a cigarette and watch over the park (nygårdsparken) which is so much more beautiful than people often give it credit for. then i went around her apartment and photographed all the pretty things she has. and suddenly the time was so much that we had to put on our coat and shoes and go meet my mum, who was also in town. and then i had to say goodbye to kristin and board the boat, who sailed me safely back home.

roma

om litt meir enn seks månedar flyttar eg til roma. om litt meir enn seks månedar sit eg på flyet, fyrst frå sandane, så frå gardemoen, og legg, ikkje berre sogn og fjordane og det ustabile kystklimaet bak meg, men heile noreg. om litt meir enn seks månedar byrjar eg på nytt, på ein ny skule, i ein ny by, i eit nytt land. om litt meir enn seks månedar byrjar det. på ordentleg.

eg har fått ein del spørsmål om eg ikkje kan fortelje litt om roma. om kva eg skal og korleis og kvifor og alle desse kv-spørsmåla, og det kan eg jo. akkurat no veit eg ikkje alt. eg har ikkje fått all informasjonen endå, men eg kan fortelle litt det eg veit og korleis det heile har gått for seg.

kvifor? korleis?

ein laurdagskveld like før jul fann eg meg sjølv grinande på fortauet saman med ein av mine beste kompisar. inne var det fest, god stemning, lykkerus og mange fine folk eg ikkje hadde sett på fleire månedar. og ute i nysnøen sat eg og hulka utan å heilt vite kvifor. ti minutt i forvegen sat eg inne og hadde ein av dei kosligaste kveldane på lenge, men så, når vi for ut for å ta ein røyk, så berre løsna alt. noko som overraska både meg og kompisen eg var ute med, for eg er verkeleg ikkje ei som gret i fylla.
mellom hulk og hikst høyrer eg meg sjølv seie ting eg berre før har turt å tenke. om kor liten og fastlåst eg føler meg her, om kor sliten eg er. seier eg føler eg står konstant i ro, at eg er låst fast her, i sjølve definisjonen av bygdenoreg, for alltid. og nye tårer får nytt liv medan eg tenner røyken som tross alt var grunnen til at vi gikk ut. “det trur ikkje eg. er det nokon frå denne velse innavlsplassen som kjem seg nokon stad i livet, så er det du, men…” orda hans dør ut og eg ser på han med spørsmål og maskara i augene. “ok, eg berre seier det rett ut… gjer noko med det då. om du er lei av nordfjord, flytt. er det jobben som er gale, slutt. berre ikkje la deg bli ein av dei som går rundt å skuldar problema sine på verda. ikkje bli ei av dei som går rundt å seier at det er jobben din sin feil at du aldri blei det du ville bli, at det er bygda sin feil at du aldri flytta. du er bedre enn det, du veit bedre. og du veit at du, av alle, kan komme deg dit du vil!” eg flirer gjennom eit slør av eyeliner og tårer, for om det er nokon som alltid veit kva dei skal seie for å oppmuntre, så er det han. “stump røyken no” seier han, “så går vi inn og har det helveta kjekt!”
ei veke seinare ringer eg janne. “eg har gjort noko heilt sjukt!” seier eg når ho tar telefonen. “kva då?” spør ho, og eg ventar nokre sekund for dramatisk effekt. “eg har søkt skule i roma!” og det er kvifor og korleis. rått og ekte.

kva?

eg kan ikkje heilt hugse kven det var som sendte meg linken, eg trur kanskje det var åshild eller anette i ein samtale på twitter, men eg hadde sett den lenge før eg tenkte noko skikkeleg over den. lenge før mitt vesle “samanbrot” i jula. eg hadde eigentleg ikkje tenkt så mykje på det. eg har vore for opptatt med andre spørsmål, som kva er det eigentleg eg vil bli? kva utdanningsveg må eg ta for å bli det? tenk om det er feil utdanning? eg trudde liksom at det var desse spørsmåla som var dei viktige. dei ansvarlege, vaksne spørsmåla ein må spørre seg sjølv når ein kjem til dette stadiet i livet. kva stadiet det no enn er. og det er jo dei rette spørsmåla, så lenge ein kan komme med dei rette svara, så lenge ein veit at denne utdanning, den skal eg ha, den er mi resten av livet. det kan ikkje eg. ikkje endå i alle fall.

det heiter kulturakademiet og er litt slik som gateway. her kan ein velge å studere anten på bali, i barcelona eller i roma, i anten eit semester eller ta det som eit årsstudium, som eg skal. ein kan studere idéhistorie, kulturforståing eller kulturhistorie, og så må ein ta ex.phil og ex.fac ved siden av. kulturakademiet samarbeidar med høgskulen i vestfold og all undervisning foregår på norsk, samstundes som ein har tilbodet om å ta kurs i italiensk og spansk. eg kjem til å ta eit årsstudium i kulturhistorie med ex.phil, ex.fac og italiensk.

foto: linka til kjelde

translation:
in about six months i am moving to rome for a year. many of you have asked what i am doing there and if i could make a post about rome. i haven’t gotten all the information yet, but i can tell you what i know. i am moving to rome to study cultural history, ex.phil and ex.fac for one year at kulturakademiet (norwegian for the culture academy). kulturakademiet is a norwegian organization, similar to gateway college, and is based in rome, barcelona and bali. and also i am learning italian while i’m there, which is going to be amazing. photo: linked to source.

menn med skjegg, syklar med blomar og skeive hus

tre ting.

éin. menn er eksepsjonelt kjekke i amsterdam. og dei har skjegg. og dei syklar. dei fem dagane eg har vore i amsterdam, har eg vore konstant avstandsforelska i kvar einaste kjekke mann med skjegg som sykla. det er ikkje lite.

to. det er syklar over alt. fine syklar, slike ein draumer om å ha, og som fins i gamle filmar. av og til finn ein eksepsjonelt fine syklar, syklar pynta med fine korger eller blomar. slikt likar eg.

tre. så og sei alle hus og bygningar i amsterdam er skeive. og kjempetrange. det skal visst vere fordi det før var pålagt ein ekstra skatt etter kor vidstrakt huset var. slikt er også fint å tenke på. av og til ser ein to identiske hus vedsiden av kvarandre. det er faktisk ganske sjeldan, for alle husa er som regel ulike, men om det fins to like hus i ei gate, ligg dei vegg i vegg. dei kallar det tvillinghus, og dei ligg alltid rett vedsiden av kvarandre.

translation:
three things.
one. the men in amsterdam are exeptionally handsome. and they have beards. and the ride bikes. for the last five days i’ve been constantly in love with every handsome man with a beard riding a bike. that’s a lot.
two. there are bikes everywhere. pretty bikes, like the ones you always wished you had, the ones you see in old movies. sometimes people dress up their bikes, with flowers or pretty baskets. i like that.
three. basically every house in amsterdam are crooked. and supernarrow. that’s because there used to be an additional tax according to how wide your house was. i think that’s nice to know. a cute funfact. also, sometimes there are two identically built houses, which is very uncommon in amsterdam, and if there are two identical houses, they always lay side by side. they call them twinhouses and they are always wall to wall. always. 

 

i just <3 nice girls

dei to siste dagane har vore ganske slik. amsterdam er herleg, kanskje den vakraste byen eg veit om. vi held oss for det meste til dei ni gatene, med vintagebutikkar og søte kaféar med lula magazine, rosete, rosecupcakes og porselen som gir ein gåsehud. i morgon blir det van gogh. van gogh og ein tur på kanalen. det blir fint.

trykk på bilda for å komme til flickren min, der ligg det endå fleire bilder. suss suss.

translation:
the last two days have been like this. i love amsterdam, it might be the most beautiful city i know. we basically keep wandering around along the nine streets, where there are heaps of vintagestores and cute cafés with rosetea, rose-cupcakes, lula magazine and porcelain that gives you goosebumps. tomorrow we are going to see van gogh and take a trip down the canals. it’s going to be nice. click on the photo’s to get to my flickr page, where there are even more pictures. kiss kiss.

 

amsterdam

no sit eg på flyplassen på sandane og ventar på flyet til oslo. om nokre timar sit eg på grünerløkka med anette og har reisefeber og drikk kaffi og slikt fint. og nokre timar etter det igjen sit vi på flyet til amsterdam. vermeer, van gogh, no kjem eg.

foto: linka til kjelde

translation: 
i am currently sitting on the airport at sandane, waiting for the plane to oslo. in a few hours i’ll be sitting in grünerløkka in oslo with anette, just waiting for the hours to go by, and a few hours after that again, we’ll be on the plane to amsterdam. vermeer, van gogh, look out!  photo: linked to source