Category: foto

fredagsinspo: olivia bee

medan eg byrjar fredagen min på biblioteket med ein kopp alt for varm og alt for sterk kaffi, og redigerar bilder frå DRM Klikk konserten eg var fotograf på i går – ville eg berre dele med dykk nokre av bilda til olivia bee, som eg er heilt forelska i om dagen. så sjukt estetiske, harde og skjøre samstundes. fargane, tonane, grovheten i korna og eksponeringa. eg berre elskar.

1_9052_905 905lovegold_6_905 8408-15_905 3208476297_a868e97771_b_905 3660465171_fb2b36f7c1_b_905 3771707270_0c6b196161_b_o 3876658518_0320a76ffd_b_905 4088003950_0dd8c5ff2e_b_905 4528558359_d49e6afd4d_o_905 4781374146_a55bc37962_b_905 5064432750_c3be288442_o_905 5239856328_07d0328190_o_905 5424000362_5fcbd73d08_o_905 5482895573_4cae4c0901_b_905 6221772128_2fcca9e7cd_b_o 6297856982_754d970a89_o_905 6313825465_e32b9f7ea7_b_905 6723589719_1e409e8ffd_b_o 6832275740_0d22291f14_b_905 6861365531_57f550da54_b_905 7412902066_2401d3caf6_h_905 7729328536_a5b31ca302_b_o 7729753778_47134d6d94_o_905 cheyenne3_905 Gravure_1_905 Gravure_9_905 lovers2_905 M_905 wwater2_905 yes_6346-26_edit_905

translation:
while i’m sitting at the library editing pictures from yesterdays DRM Klikk concert, i wanted to show you olivia bee’s photographs, which are my sole inspiration these days. such incredibly lovely pictures!

visst är det vackert

Skjermbilde 2014-01-31 kl. 15.17.11Skjermbilde 2014-01-31 kl. 15.18.50Skjermbilde 2014-01-31 kl. 15.19.02

var i bergen i helga. drakk kanskje femti liter kaffi. og masse øl. dansa sving på femtitalsfest og var på nachspiel i ei leilighet med ei utstillingsdukke i skikle og julepynt i vindauget. kosa kjersti og kristin. kjøpte nytt skjørt og møtte att folk eg ikkje har sett på nærmare hundre år. give or take.

translation:
went to bergen this weekend. drank about fifty litres of coffee. and a lot of beer. went to a fifties party and dance swing and went to an after party in an apartment with a mannequin dressed in ski clothes and christmas decorations in the windows. lived with kjersti and kristin. bought a new skirt and met all the people i haven’t seen for about century. give or take.  

2013/14: you don’t mess with the supreme

kk_311213_0028kk_311213_0025kk_311213_0027kk_311213_0045kk_311213_0056kk_311213_0077kk_311213_0082kk_311213_0097faakkitcavakk_311213_0107kk_311213_0117kk_311213_0139kk_311213_0137

den aller siste dagen i 2013 samlast vi ein liten gjeng hos meg for å ete middag og skåle med cava. eg hadde laga mamma si thai kyllingsuppe med lime, blåst opp ballongar med eg skreiv fine ord på og pynta med glitter, og hengt opp julelys i vindauget. og vi tok bilder under julelysa med ballongar, og skreiv ned all dritten frå 2013 og kasta det inn i peisen medan vi såg det brenne opp og bli til aske. vi drakk cava og tuborg og dansa litt og snakka og lo og hadde det overstadig fint og kosleg. då klokka nærma seg midnatt tok vi tbana til national, med ekstra cava i bonaquaflaske og stjerneskot i veska. vi rakk fram til aker brygge akkurat i tide til fyrverkeriet, vi kyssa og klemte kvarandre godt nyttår før vi tusla vidare til ein fest på løkka der det var endå meir cava og prosecco og øl. eg tok nattbussen heim klokka tre og tenkte at dette må ha vore den finaste nyttårsfeiringen på fleire år.

translation:
the last day of 2013 i invited a few friends over for dinner and wine. i made my mum’s famous thai chicken soup, blew up champagne coloured balloons which i wrote beautiful things on, and i hung up christmas lights in the window. and we took a lot of pictures with the balloons and wrote down all the bad stuff that happened in 2013, wrapped it up in our palms and threw it into the fireplace where we watched it burn and turn to ashes. we drank cava and beer and danced a little and talked and laughed and had a really really good time. when midnight started to approach we took the metro to aker brygge where we watched the fireworks and kissed and hugged each other happy new year. after the fireworks we walked to another party at grünerløkka where there were even more cava and prosecco. i took the night bus home and thought that this must be the best new years eve in years.

 

frida gustavsson & boe marion

800x516xfrida-scandinavia-shoot1-800x516.jpg.pagespeed.ic.NqfrtqQIR2800x516xfrida-scandinavia-shoot3-800x516.jpg.pagespeed.ic.m-Fei7c2XT800x516xfrida-scandinavia-shoot5-800x516.jpg.pagespeed.ic.r4hrAiCijk800x516xfrida-scandinavia-shoot6-800x516.jpg.pagespeed.ic.COHRhyz0jG800x516xfrida-scandinavia-shoot7-800x516.jpg.pagespeed.ic.uMxsA2Z2wl800x516xfrida-scandinavia-shoot8-800x516.jpg.pagespeed.ic.s7cpwu--nG

 

er forelska i denne bildeserien til boe marion for scandinavia s/s/a/w. modellen er svenske frida gustavsson og de kan sjå heile bildeserien her. elskar spesielt svartkvitt bilda og fargetonane i det øverste bildet.

dormiveglia // kantiansk depresjon

(foto milla tok av meg i 50-tals festen førre veke)

det er veka før eksamen. og ikkje berre ein eksamen, men to. rett etter kvarandre. og eg får ikkje sove om nettene for eg veit at eg ikkje er klar, veit at eg ikkje kjem til å klare å bli klar. er sint på meg sjølv fordi eg øydela alle dei gode rutinene eg hadde i byrjinga av semesteret. på eit eller anna tidspunkt ein stad mellom eksamen i oktober og no fall alle dei gode rutinene og strukturane mine saman. så no søver nesten ikkje, og så står eg opp, alltid ein time seinare enn eg har tenkt, og sit på lesesalen og leser, men det er ikkje fort nok eller bra nok og eg forstår mindre enn kva ein burde seks dagar før eksamen. har nevroser over kant sin smaksdom, spesielt slit eg med det tredje momentet og kva han meiner med at noko er formålstjeneleg utan formål. kanskje når eg får sove litt, neste helg, blir ting anneleis. søvn skal visst verke oppkvikkande har eg høyrt. personleg er eg meir ei kaffi og sigarettar type jente. men alt må jo prøvast ein gong, også søvn.

soundtrack: dormiveglia // kantiansk depresjon

translation:
it’s the final exams of the semester next week and i am not ready and am feeling down. the stress of it all has given me insomnia, a fever and anxiety. maybe when i get to sleep after the exams. maybe i’ll see things clearer and brighter. right now everything, myself in particular is shit.

adesso

Skjermbilde 2013-11-29 kl. 05.47.30 Skjermbilde 2013-11-29 kl. 05.47.17Skjermbilde 2013-11-29 kl. 05.48.47 Skjermbilde 2013-11-29 kl. 05.47.41

det er eksamensperiode og eg stressar mellom å skvise inn nok lesedagar mellom vaktene mine på jobb. stressar. stressar så eg gløymer å ete, så no henger jobbuksa mi berre akkurat oppe og eg må ta med belte på jobb. heldigvis har eg folk, som åshild, som eg kan møte på fridagar og drikke kaffi med, som kan roe nervane og som seier du trenger å slappe av, i dag er du med på fest. og så kler vi oss opp i 50-talls kostymer og dynkar håret tjue kilo hårspray før vi drikk oss susne på fransk og italiensk raudvin på tomme magar, synger hurra for deg til luca  og ronja som er bursdagsbarn, blir kjent med nye fine, diskuterar feminsme med tonar frå 50- og 60-talet i bakgrunnen. før i vi spring saman medan vi ler for å rekke siste trikken til siste tbana heim. (for så å komme heim, sovne og så vakne fem på natta tørst og full av eksamensnervar).

translation:
it’s the time for exams, and i’m stressing trying to find enough time to read between my shifts at work. stressing so much that i’ve started to forget to eat, making me have to bring a belt to work because my uniform has got way too big. luckily i have people, like åshild, whom i can meet on days off and have a coffee with, who says you need to relax, tonight we’re going to a party. and then we dress up in 50’s clothes and spray 50 tons of hairspray in our hair before we get tipsy on french and italian red wine, sing happy birthday to the birthday boy luca, get to know lovely new people and discuss feminism to sounds from the 50’s and 60’s in the background. before running whilst laughing to catch the last tram taking us to the last metro home. (just to get home, fall asleep and wake up at 5 am, thirsty and full of pre-exam anxiety).

girl of my dreams

UntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitled

 

kjøpte issue 17 av lula magazine på søndag. og som alle andre utgåver av lula, er den fylt med herlege bilder, tekstar og fine ting. om ein skal unne seg noko ein søndag, så er lula eit veldig fint alternativ.

translation: 
i bought the 17th issue of lula magazine on sunday. and, like every other issue of lula, it was filled with lovely picture, texts and things. if you ever want to give yourself something on a sunday, lula magazine is a great alternative.

halloween, raudvin og kornete svartkvitt bilder

UntitledUntitledUntitledUntitledUntitled

 

her er pokre bildet frå halloweenfesten til luca. halloweenfestar burde bestå av altfor kornete svartkvitt fotografier, av røykmaskiner, fargalyspærer, god musikk, innandørs sigging, kostymer, raudvin drukke frå tynne, høge syltetøyglas, smale gangar fulle av kåper og sko og berføtt springing for å rekke siste trikken til siste tbana heim. men mest av alt burde dei bestå av fine folk og god stemning.

translation:
here are some pictures from luca’s halloween party. halloween parties should consist of grainy black and white photographs, smoke machines, good music, coloured light bulbs, indoor smoking, costumes, drinking red wine from tall and thin jam-glasses, narrow hallways filled with coats and shoes and running barefoot through the streets to catch the last tram to the last metro home. but most of all it should consist of nice people and a good vibe. 

october through instagram

instaoktober1

oktober byrja med kakao og søndagskos på ein vekedag med finaste anette på hotel bristol sin bibliotekbar. annbefalast!

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.18.04
verdas aller finaste hanne var i noreg (ho bur jo i los angeles) og kom til oslo. det var så fint. vi drakk vin og øl, spelte biljard, dansa til langt på natt på café sør og snakka om alt ein har å snakke om når det er eit heilt hav imellom ein og ein ikkje har sett kvarandre sidan jul.

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.18.14
eg og johanne møttest på kafé liebling ein søndag for å drikke kaffi og konspirere. kos kos kos.

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.18.25

 

eg vart sjuk og låg tre dagar i strekk i senga med høg feber. eg drakk rabarbara&bringebær saft, varm mjølk med honning, knaska paracetar og las & me skal bli omskapte.

instaoktober2

eg var på vikingskipsmuseet og på kon tiki museet. anbefalast!

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.19.08instaoktober3

eg tok eksamen i tverrfaglege kjønsstudier. skreiv om virginia woolf og mary wollstonecraft. og om undertrykking og girl power og besto (det var bestått eller ikkje-bestått, ingen bokstavkarakterar).

janne kom til oslo og vi dansa i prøverommet til monki.

instaoktober4

såg ellers for det meste slik ut. byrja å springe på tredemølle på treningssenter (ein vane eg har vore svært dårleg med å opprettehalde).

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.20.02

 

eg og johanne hadde konspirasjonskaffi att ein tysdag på litteraturhuset. då vi var ferdige å konspirere for dagen tok vi trikken til villa paradiso og delte ein pizza før vi møtte finaste åshild og eva utanfor saga for å sjå frances ha. som absolutt alle burde sjå fordi greta gerwig er fantastisk og det er filmen også.

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.20.14

eg fekk nye visittkort i posten frå moo og vart svært lukkeleg i sjela. feira sjølvsagt med raudvin.

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.20.25
eg byrja så smått å lese til eksamen og med kvalifiseringsoppgåva i estetikk.

instaoktober5

avslutta oktober med ein herleg halloweenfest saman med åshild, johanne og eva hjå luca. herregud så fint det var.

om du vil følge meg på instagram, så heiter eg kristinaaurore.

translation:
how my october looked like through instagram. you can follow my instagram, i’m called kristinaaurore