En etter en
Eg lagde ein film. Låten er av DRM Klikk og heiter “En etter en”. Den er å finne både på soundcloud og på spotify.
Eg lagde ein film. Låten er av DRM Klikk og heiter “En etter en”. Den er å finne både på soundcloud og på spotify.
Richard Diebenkorn, Seated woman wearing polka-dot blouse, 1967.
Ein av mange nye ting i det siste er at eg er blitt illustrasjonsansvarleg for litteraturtidsskriftet Bøygen. Noko som sjølvsagt er veldig spennande og artig.
Mi oppgåve er i hovudsak å samle inn illustrasjonar og velje ut dei som kan vere aktuelle for den kommande utgåva. I høve dette så ønskjer eg å utlyse her blant anna at vi søker illustrasjonar. Temaet for neste utgåve er MYTER og det står heilt ope for tolkning. Vi ønsker illustrasjonar, fotografi, skisser, måleri, kva enn du har som du har som du trur kan passe. Alle bidrag som blir tatt med i utgåva vil sjølvsagt bli ordentleg akkreditert i tidsskriftet.
Dersom du ønskjer å bidra med illustrasjonar til Litteraturtidsskriftet Bøygen, er det berre å sende inn! Fristen for innsending er 20. august og bidrag kan sendast anten direkte til min epost: post (@) kristinaaurore.com eller til boygen.bidrag (@) gmail.com. Du har sjølvsagt også høve for å sende inn tekstbidrag, tema og innsendingsfrist er det same. Tekstbidrag sendast direkte til Bøygen sin bidrags epost.
Håper på mange flotte illustrasjonar og fotografier i inboxen framover!
på torsdag hoppa eg på toget og tura til bergen. for å møte folk og for å drikke øl, men aller mest fordi på fredag så var det lanseringsfest for bandet til veslebror (21), the dandelion deadbeats, sitt nye album “the ballad of dan the lion”. det var øl og konsert, sterk blitz og bevisst ufokuserte linser. sjukt fint. sjukt artig. albumet kan du høyre på spotify her. men aller helst burde du kjøpe det. for så jævla bra er det at du burde legge pengar i det.
1. Florence + the Machine sin nye singel & musikkvideo; WHAT KIND OF MAN. [det beste med sangen er kanskje heilt i byrjinga før gitarriffet når ho synger: “i already had a sip/ so i reasoned i was drunk enough to deal with it” truer words have never been spoken, me thinks].
2. Philip Trengove sine backstage-bilder frå GILES’ AW15 runway show i London.
3. At veslebror (21) sitt band, the Dandelion Deadbeats nyleg slapp sin fyrste singelen, Hoodlum Havoc, frå det kommande albumet sitt, the Ballad of Dan the Lion, på spotify. Den kan de høyre her! Og så må de høyre radiointervjuet Jon Erik (veslebror og gitarist) og Jarle (vokalist og gitarist) hadde tidlegare i veka HER! [eg er superstolt storesyste].
4. Lykke Li og Gucci
5. Basquiat.
ellers så drikker eg mykje kaffi. et loff med sjokade til frukost og pasta til middag. skriver kvalifiseringsoppgåve om john keats og gjer meg klar til å ha framføring om friedrich kittler i moderne estetisk teori. det er vår i oslo og sol og kvardagen er enkel og fin. det var på tide med mars no.
mellom å jobbe omlag seks dagar i veka, drive på med tre fire frilansprosjekt og prøve å få inn så mykje tid saman med venner og familie som mogleg før sommaren tek slutt, var eg på malakoff festivalen på eid førre helg. for fyrste gong som presse med pressepass. det var ei helg fylt med gode venner, familie, god musikk og upåklageleg stemning. de kan lese meir om sjølve festivalen i artikkelen min for oh chérie her.
ellers lever eg, eg er berre veldig oppteken, som de kanskje forstår. det er eigentleg ganske fint. fint med prosjekt og pressepass og slikt. fint med fast jobb for sommaren. fint å føle eg får til noko. fint å vere med folk eg ellers brukar energi på å sakne. kanskje roar ting seg litt med semesterstart, men eg håpar eigentleg ikkje det. eg er rastlaus om dagen, har ikkje tid til å kvile eller roe ned. vil ikkje kvile eller roe ned. vil berre jobbe meir, bli ferdig med meir og starte på nye ting.
i februar hadde johanne fødselsdag og vart [endeleg] tjue år, & det måtte vi sjølvsagt feire med kake, vin, øl, ballongar og andy williams. vi dansa, lo, hoppa i senga, sprang gjennom frogner og knuste ølflasker fordi det er artig og i seg sjølv nesten litt poetisk og fordi vi ville, noko som eigentleg var god nok grunn for oss. vi sang på bussen [undskuld] & det var veldig, veldig, veldig fint.
[eg har vore veldig veldig veldig treig med å redigere desse bilda og filmen, men eg har vore veldig veldig veldig busy dei siste månadane også].
translation:
johanne turned 20 years old, which we celebrated with cake, wine, beer, balloons and andy williams on saturday. we danced, laughed, jumped on the bed, ran through oslo, broke beer bottles on the pavement because it’s fun, annoyed people by singing on the bus etc. it was so much fun.
på laurdag sendte eg melding til ane og spurte om vi ikkje kunne finne på noko fint på søndag. eg elskar jo søndagar, og saknar å ha fine, rolege søndagar med nokon. vi fekk med oss maren og møttes til kaffi på eds før vi tusla vidare til botanisk hage. vi åt årets fyrste uteis, gjekk gjennom fjellhagen, var innom viktoriahagen og rota oss inn på ei utstilling om sjokolade der det sto veldig mykje om luis XVs elskerinners og luis XIVs forhald til sjokolade. etter det tusla vi frå botanisk hage tilbake til løkka, der vi kjøpte jordbær til 13 kroner korga på sultan, sa hejdå til kvarandre og reiste kvar vår veg til kvar våre kvalifiseringsoppgåver. fin søndag.
dei siste fire vekene forsvann frå meg, men det har for det meste vore bra. eg har vore på beitostølen og stått på slalom, eg har dansa på sawol på grønland med viktoria, lest fvonk av erlend loe, ete nugatti med skei ut av boksen, sett nesten alle sesongane av scrubs på netflix. vore fotograf for grønn ungdom, gått i kvinnetog og laga ein mini-film om det for oh chérie. eg har gått på forelesningar og seminar, og eg har skulka forelesningar og seminar. kvar tysdag og fredag har eg kollokvie. då drikker vi alt for mykje kaffi og kjederøyker medan vi prøver å samle opp motet til å vere saklege og fokusere på faget. alt i alt går det veldig fint. til tross for at mobilen min ligger på varmekablane på baderomsgolvet og tørkar, i håp om at den mirakuløst skal fungere når den er tørr [det kjem ikkje til å skje]. dei siste fire vekene har eg også vore meir motivert og inspirert enn på lenge, så her kjem ei lita liste over mine favorittsaker akkurat no:
vivienne westwood.
denne musikkvideoen
denne spelelista som eg høyrer på konstant. where have you gone joe dimaggio?
T.S. Eliot sitt dikt the love song of j. alfred prufrock
håkan hellström filmen känn ingen sorg