Category: musikk

my thoughts are stars i cannot fathom into constellations

– john green

-ts. eliott

woody allen vart 77 år her om dagen og sigurd rós sin musikkvideo fjögur pianó er det vakraste eg har sett på lenge. eg røyker paramount sigarettar for å spare pengar og prøver å skrive, sjølv om eg aldri blir fornøgd eller inspirert nok. oslo er kaldt, men friskt. eg ser my so called life og freaks and geeks medan eg skriv ned fine sitat som minner meg om korleis det var å vere seksten og usikker. i kjøleskapet står der kake og eg er sjeldan åleine. og dette er livet akkurat no.

bilder og tonar som varmar og beskyttar mot novemberkulden

.Untitled1920'sUntitledUntitledI Want To SleepHotel de passe, rue Quincampoix 1932post-kissUntitledUntitledTinaUntitledUntitledUntitledUntitledUntitled8Untitled

eg har aldri vore nokon stor tilhengar av månaden november. den er for kald og for mørk og heilt forferdeleg, grusomt keisam. dessutan er det så alt for lett å kjenne seg einsam og frostig i november. så utruleg enkelt å berre få nok, få nok av slafs og sludd og snø og det konstante skifte mellom minus- og plussgrader, og berre isolere seg frå resten av omverda og gå inn i ein pitteliten mørketidsdepresjon. eller, novemberdepresjon, som eg kallar det. difor har eg laga meg ei lita november speleliste på spotify. ei liste som varmar og livnar opp og roar ned alt på samme tid. ei liste ein kan ha i bakgrunnen når ein jobbar, som ein også kan skru på høgste volum og danse og skråle uhemma med til i stova. musikk ein kan nynne på når ein går til butikken for handle, som varmar fingerspissane når ein står på terrassen og tar ein røyk og saknar vår, sol og varme meir enn nokon sinne ellers. november november og langt vekke frå sol og varme, kalde gufs i hjartet heiter den. mest fordi det er så kaldt i noreg og det var så varmt i roma og det gjer meg ufatteleg trist.

translation:
november is one of the worst months of the year if you ask me. i’ve therefore made a playlist on spotify just for the occasion. a november list. with music you can have in the background while you work or study, but also music you can turn up to maximum volume and dance and sing yourself away to. music to hum to while you’re walking to the grocery store, music that warms your fingertips when you are standing outside in the cool air trying to have a cigarette, longing for spring and sun and warmth. it is called “november november og langt vekke frå sol og varme, kalde gufs i hjartet

oktober oktober oktober: nytt design og ny speleliste


det er torsdag, om ein times tid får eg fin fint besøk frå noreg av susanne, og det feirast med nytt bloggdesign og spotifyliste. oktober oktober oktober er for det meste indieband med mannlege vokalistar som syng med hese stemmer om kjærleik og livet og svik og sex og poesi. musikk ein kan høyre på når som helst, kvar som helst og som berre passar seg best om hausten.

translation: 
the blog has had a make-over! and also i want to sare with you my oktober oktober oktober playlist on spotify, it is perfect for autumn.  

tenk å vere ei jente i ein pete doherty-sang

i går var eg på pete doherty konsert. vi kom fem minutt før det offisielt byrja. eg, kjersti, kristin og jorun. norske jenter på britisk rockekonsert i roma. lokalet var lite, mørklagt og lukta ei blanding av weed, sprit og røyk. akkurat slik ein eigentleg forventar seg at ein intimkonsert med pete doherty er. litt dodgy, litt shabby og veldig rock n roll. med hovudet heva og skuldrane senka bak i ein slags “eg-gir-vel-faen-i-kva-du-trur” haldning, ankom vi lokalet. fann baren og bestilte ein jäger shot og ei øl. oppvarmingsbandet hadde allereie spelt ei stund. dei sang på italiensk, men rock er internasjonalt og kan dansast til på alle språk. vi pressa oss fram i folkemengda. klokka vart kvart over, så halv, så kvart på, og så kom han. anntok scena som det var si eiga stove. ordna munnspelet og plukka opp gitaren og eg kunne ikkje hjelpe å tenke at han minna meg om bob dylan. ein litt korrupt versjon av bob dylan. eg elskar bob dylan. intro ord, opptelling, trommespel, sang. you can’t stand me now, fuck forever, carry on up the morning, delivery. og eg sang med. til og med på sangane eg ikkje hadde hørt før. og øla forsvann og musikken var hypnotiserande og vi smilte til kvarandre, og vi lo og ropte høgre enn stemmene vår tillot. ropte stachiamo tutta. destroy everything. ødelegg alt. og vart kjend med gutane bak oss. kjekke menn med skjegg og rocka t-skjorter. og eg tenkte; tenk å vere ei jente i ein pete doherty sang. tenk om livet var like vakkert som ein pete doherty sang. tenk om livet var slitte dongeribukser og skinnvestar kjøpt på vintage butikkar i roma. tenk om det var hattar og øl og intimkonsertar med gode band. om livet handla om rock and roll, om å kline med ein framand mann med skjegg som knapt snakkar engelsk på ein konsert i ein by du knapt kjenner. det hadde vore fint. det hadde vore magi. og eg er ingenting om ein truande når det kjem til magi. og når eg, mykje seinare på natta, snubla heim ikledd mi nye, svarte, band t-skjorte, nynnande på oh no you can’t stand me now, you can’t stand me now. tenkte eg at alle jenter er jenter i pete doherty sangar. alle jenter er inspirasjonen. for alle jenter er rock and roll, det er oss dei skriv om. dei av oss dei aldri har møtt, oss dei mista, dei av oss dei lengtar etter, dei av oss dei får småglimpt av på togstasjonen. vi er alle jenter i rock n roll, uansett om vi ankjem i kashmir genser og pariserflette, eller om vi kjem i skinnvest og slitte dongeri. vi er alle jenter og vi er alle rock and roll og vi kan alle gjere nettopp kva vi vil og vi kan alle gi faen i kva andre tenker. og det er jævla fint spør du meg.

foto: kristin og jorun

pete doherty lista mi

translation: 
yesterday i went to a concert with pete doherty and it was amazing.  

fine urørt artistar de bør høyre på #1

unnveig aas. eller ulfedott, som ho heiter på twitter. sjølvutnemnd bohem som skriv og syng heilt fantastisk. minner litt om first aid kit, noah and the whale, susanne sundfør og bon iver, om de likar slik musikk. og det bør de jo, for det er heilt nydeleg musikk. fantastisk musikk. åh, eg kunne prata om kor vakker slik musikk er til den dagen eg dør.

“unnveig synger og spiller middelmådig skranglefolkpop” står det på sida hennar, men det er ingenting middelmådig over det. det er sårt og vakkert og skjørt. og sjølv elskar eg skranglefolkpop.

Out of his hands.  berre sinnsvakt vakkert, minner meg om benjamin francis left, the tallest man on earth og bright eyes. slik fin musikk. det er som honning og knust glas samstundes. akkurat slik musikk bør vere.

trykk på bilda for å komme til urørt profilen. de har sikkert høyrt om dei for lengst, men eg måtte berre dele fordiom. det er slik. som med bob dylan. urørt er kanskje eit av dei finaste konsepta eg veit om. det fins så mange flotte og talentfulle artistar der ute, som aldri blir høyrt. urørt er med på å endre dette. eg elskar det. det er noko av det finaste eg veit.

translation:
two of my favorite urørt artists. unnveig aas and out of his hands. they both sort of sound like shattered glass and honey, which is exactly how beautiful music is supposed to sound like. i love them. click on the pictures to get to their urørt profiles, there you can download and listen to their music.

ikkje fåkk med kjærligheten

eg har laga ei ny speleliste. ei ein kan sovne til om natta, og vakne opp med om morgonen. ei å høyre på når ein går gjennom gater og store folkemengder, eller når ein sit åleine og arbeider. den er februarsol, kjølige brisar, sommarfuglar i magen og bein fulle av blåkular etter litt for mange turar på isen. den ligg liksom midt mellom forelska og vonbroten. den handlar rett og slett om å ha det bra, og å skru av verda ei lita stund og berre vere til.

ikkje fåkk med kjærligheten

foto: linka til kjelde

translation:
i’ve made a playlist on spotify  that i thought i’d share with you. it is about the sun i february, cold breezes down your coat, bellies full of butterflies and legs full of bruises after one too many trips on the ice. it sort of lies somewhere in between in love and heartbroken. it’s about being ok, about just turning the world off for a little while and just being. photo: linked to source.