Category: musikk

release party | the ballad of dan the lion

kk_240415_0058hårkandrekkristiankjonerikkevenogmartekjohanneskalicek4jarlek7vidark3128569101112vidar2ktirilkstinekkvålesatankoleklottek

 

på torsdag hoppa eg på toget og tura til bergen. for å møte folk og for å drikke øl, men aller mest fordi på fredag så var det lanseringsfest for bandet til veslebror (21), the dandelion deadbeats, sitt nye album “the ballad of dan the lion”. det var øl og konsert, sterk blitz og bevisst ufokuserte linser. sjukt fint. sjukt artig. albumet kan du høyre på spotify her. men aller helst burde du kjøpe det. for så jævla bra er det at du burde legge pengar i det.

 

 

the yoko ono project

kk_140415_0053HANNEHANNE2førre veke spelte hanne og alex sitt band the yoko ono project på blå. eg var der for å filme og drikke øl og ønske lukke til. her er tre bilder frå konserten, seinare kjem filmane til å komme også. god stemning.

 

mars. | ting som inspirerar meg akkurat no.

1. Florence + the Machine sin nye singel & musikkvideo; WHAT KIND OF MAN. [det beste med sangen er kanskje heilt i byrjinga før gitarriffet når ho synger: “i already had a sip/ so i reasoned i was drunk enough to deal with it” truer words have never been spoken, me thinks].

2. Philip Trengove sine backstage-bilder frå GILES’ AW15 runway show i London.

1111310111130011113131111311

3. At veslebror (21) sitt band, the Dandelion Deadbeats nyleg slapp sin fyrste singelen, Hoodlum Havoc, frå det kommande albumet sitt, the Ballad of Dan the Lion, på spotify. Den kan de høyre her! Og så må de høyre radiointervjuet Jon Erik (veslebror og gitarist) og Jarle (vokalist og gitarist) hadde tidlegare i veka HER! [eg er superstolt storesyste].

Skjermbilde 2015-03-03 kl. 12.09.26

4. Lykke Li og Gucci

5. Basquiat.

basquiat

basquiat2 basquiat3 basquiat4

ellers så drikker eg mykje kaffi. et loff med sjokade til frukost og pasta til middag. skriver kvalifiseringsoppgåve om john keats og gjer meg klar til å ha framføring om friedrich kittler i moderne estetisk teori. det er vår i oslo og sol og kvardagen er enkel og fin. det var på tide med mars no.

no rest for the wicked // sommar & frilans & festival

kk_200714_0034kk_180714_0167kk_180714_0267kk_180714_0243kk_180714_0006kk_180714_0007nellikenkk_180714_0020kk_180714_0028kk_180714_0054kk_180714_0059

mellom å jobbe omlag seks dagar i veka, drive på med tre fire frilansprosjekt og prøve å få inn så mykje tid saman med venner og familie som mogleg før sommaren tek slutt, var eg på malakoff festivalen på eid førre helg. for fyrste gong som presse med pressepass. det var ei helg fylt med gode venner, familie, god musikk og upåklageleg stemning. de kan lese meir om sjølve festivalen i artikkelen min for oh chérie her.

ellers lever eg, eg er berre veldig oppteken, som de kanskje forstår. det er eigentleg ganske fint. fint med prosjekt og pressepass og slikt. fint med fast jobb for sommaren. fint å føle eg får til noko. fint å vere med folk eg ellers brukar energi på å sakne. kanskje roar ting seg litt med semesterstart, men eg håpar eigentleg ikkje det. eg er rastlaus om dagen, har ikkje tid til å kvile eller roe ned. vil ikkje kvile eller roe ned. vil berre jobbe meir, bli ferdig med meir og starte på nye ting.

i remember my dreams // bon voyage

må berre tipse og fortelle at kompisen min, kristoffer, spelar i bandet wearecastor, som kjem ut med sitt aller fyrste album, bon voyage,  7. februar, og at promovideoen dei har laga til annleiinga er noko av det absolutt kulaste og råaste og finaste eg har sett på lenge! det var alt. ci vediamo.

 

self-titled

eg er forelska i beyoncé sitt visual album. dette er kunst. kompleks, estetisk, herleg kunst. dette er slikt eg elskar. dette er grunnen til at eg gjer det eg gjer og studerar det eg studerar. fy faen så bra. vil oppfordre alle til å bruke rundt 300 kroner på seg sjølv denne jula. 145 kroner på beyonces visual album på itunes og resten på ei flaske vin og noko sjokolade eller anna godt. sett deg i senga på rommet ditt og sjå gjennom heile albumet. drikk vin. la deg inspirere og affektere (nei eg veit ikkje om det siste er eit faktisk ord, men fåkk it). for ja. fy faen så bra.

translation:
i’m in love with beyoncé’s new visual album. it is art, it is complex, aesthetic, wonderful art. i love it. 

frå arkivet: time has changed us

eg fann denne ultrakorte filmen eg laga i mai til ei oppgåve i bildekommunikasjon. den er ikkje noko mesterverk eller slikt, men den er jo litt søt. og så har eg jo ikkje vist han til nokon før, så her er den. versågod. (ps: musikken er av fantastiske unnveig aas, eller ulfedott som de kanskje kjenner ho som på twitter).

translation:
while trying to organize my mac i found this video i made in may for a school assignment in visual communication. it’s really short and by no means any masterpiece, but i find it a bit sweet. and also i haven’t shown it to anyone, so why not? (ps: the music is by the fantastic unnveig aas, or ulfedott as some people may know her on twitter)

special kids unit @ betong

UntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitled

 

på fredag var det konsert med special kids unit på betong, og sidan dei er pusekattane mine fekk eg komme backstage og ta bilder. det var så koslig! øl, rock, gamle venner og god stemning. til tross for lite publikum. ingenting er kjekkare enn når galne vestlendingar kjem saman over øl, rock og faenskap. fin fredag.

translation:
on friday special kids unit played at betong in oslo. and since they’re old friends of me i got a backstage pass and was their photographer for the night. it was so much fun! beer, rock, old friends and great atmosphere. in spite of the small audience. nothing is more fun than when west-norwegians get together over beer, rock and crazyness. good friday. 

we are the reckless, we are the wild youth

A Man Said to the UniverseI cravesky phenomenon #2EscapistBride To BeUntitled

 

and if you’re still breathing, you are the lucky ones, ’cause most of us are heaving through corrupted lungs. setting fire to our insides for fun, collecting names of the lovers that went wrong. 

and if you’re still bleeding you are the lucky ones, ’cause most of our feelings are dead and they are gone. 

it was a flood that wrecked our home

and you caused it.

and my eyes are damp from the words you left ringing in my head when you broke my chest. 

and if you’re in love you are the lucky one, ’cause most of us are bitter over someone.  

and you caused it

eg har fått ein ny favorittsang. youth heiter den og spelast av daughter. den er full av såre ord og skjøre monologar. enkel, men så intens og kompleks samstundes. poetisk heroin. eg klarar ikkje skru den av.

translation:
i’ve got a new favorite song. it’s called youth and is played by daughter. it is full of vulnerable words and delicate monologues. simple, though intense and complex at the same time. poetic heroin. i can’t find the strength to turn it off.