Category: roma

dei aller siste dagane i roma

UntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitled

her er eit knippe med bilder frå dei siste dagane i roma. det var sol og varme og vin og pakking, og kle som hang til tørk overalt og kjersti og oda og herremin som eg saknar det!

translation:
here are some pictures from the last days in rome. sun, warmth, wine, packing, clothes hanging to dry everywhere and kjersti and oda and oh my god how much i miss it! 

ci vediamo bella roma, mi amore

UntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitled

no reiser eg. heim til noreg. ikkje meir trasking ned pellegrino for å fare på barnum for å drikke god kaffi, vere på internett og ete herleg gulrotsuppe. ikkje meir vin i trastevere, kveldsturar forbi colosseum, øl på abbey’s, middag på mimi e coco eller bar del fico. ikkje meir is hos grom. ikkje meir kaffi på guglielmos eller fleire frantiske joggeturar ned vittorio emanuele II for å rekke den siste tabacchien før den stenger. no er det heim til noreg. heim til snø og vinter og vind og kalde nasetippar. kakao, kanelbollar, svart kaffi, hanskar, julestemning og norsk mat. og det er jo sabla fint det også, men det er lite som slår 23 grader ein måndags formiddag i november.

translation:
i am moving back to norway now. ciao beautiful roma, i will miss you so much!  

q&a: mi chiamo kristina, sono norvegese, vivo a roma

i dag har eg budd i roma i ei heil veke. ei veke fyllt med raudvin, kjekke menn med skjegg som seier eg liknar på bonnie i bonnie and clyde, pasta, pizza, espresso, platon, aristoteles, descartes, gnagsår, airconditionforkjølelse, hetebølge frå sahara, og gelatto. jævla mykje gelatto. vi har ikkje hatt stabilt internett i leiligheita, så eg har ikkje fått blogga så mykje som eg hadde tenkt, og difor tenkte eg at no, sidan vi startar eit nytt kapittel på bloggen og i livet mitt, så kunne vi hatt ein spørsmålsrunde. så dersom det er noko de lurer på anngåande roma, meg, eller kva det skal vere, spør i veg! så skal eg svare så godt eg kan!

enn så lenge, ciao bella e bello!

translation:
today i have lived in rome for exactly one week. it’s been a week filled with red wine, handsome men with beards who insist i look like bonnie in bonnie and clyde, pasta, pizza, espressa, plato, aristoteles, descartes, blisters, aircondition cold, heatwave from sahara and gelatto. loads and loads of gelatto. since we haven’t had any stabil internet connection in our apartment this past week, i haven’t been able to blog as often as i wanted to. and therefore i thought that it might be a good time now, since the blog and myself are starting a new chapter, to have a q&a session. so ask me anything you want to, about me, rome, anything!

until next time! ciao bella e bello!

ciao bella, mi roma amore

eg bur ikkje lenger i den vesle bygda heilt ute ved havet løynd mellom dei dramatiske vestlandsfjella. eg vaknar ikkje lenger av måseskrik og bølgebrus, men av susande rushtrafikk og vekkerklokka mi som kviskrar stille og forsiktig at no må eg stå opp. roma, det er byen min no. eg les exphil og jack keruack, røyker på balkongen, den nye balkongen min, på rommet mitt. ser rett i lønnetre og fotgjengarar. traskar til skulen og et pasta til eg sprekker. det gjer eg no. det er mi rolle no. livet er fint. fint med ny by og ny tatovering.

foto: privat.

translation: 
i don’t live in my little village way out west by the ocean, hidden between the dramatic mountains which are typical for the western-norwegian region. my doesn’t start with wavesounds and seagulscreams, but by sounds of passing traffic and my alarmclock whispering me out of sleep. rome is my city now. i read philosophy and jack keruack, smoke on my balcony, my new balcony. looking straight into mapletrees and pedestrians. i walk to school and i’ve eaten enough pasta to feed a nation. life is good. good with a new town and a new tattoo. 

roma

eg føler eg har ein påhengsmotor i ræva. det er liksom siste innspurt og eg må komme meg i mål, om ikkje søkk eg, druknar, forsvinn, sluttar å vere til. så dramatisk som det enn må høyrest ut, så er det nett slik det kjennest. der er berre så mykje å gjere, og så lita tid å få det gjort på. for kvar gong eg får kryssa av noko på lista mi, kjem der eit nytt punkt eg må hugse på.
– hugs å ordne forsikringa. sjekk.
– hugs å send namneendringsbeviset til skulen. å faen, det var sant!
– hugs å kjøp nye koffertar!!! sjekk.
– rydd ut av pikerommet. working on it.
– jobb. working on it (bokstavleg talt).
– janne sin bursdag. sjekk.
– janne sin farvelfest på laurdag. working on it.
det tar liksom aldri slutt. lista fortsetter i det uendelege. og så blir eg trøtt og utmatta, sliten, lei og sur. for migrene og gløymer å ete. svimer av og svimlar på jobb og tenker kvifor i helvete orkar eg dette kjøret? og så kjem eg på det. jo, nettopp fordi eg om 11 dagar sit på flyet. fordi eg om 12 dagar vaknar opp i ei nydeleg leiligheit i roma. at eg om 14 dagar har byrja studiane. difor. difor. på grunn av roma. eg har ein påhengsmotor i ræva ved namn roma og den driv meg langt ut på havet, vekk frå alt eg kan og kjenner. og eg elskar det. eg kan sove når eg dør. då kan eg sove jævla lenge. i mellom tida seier eg ingenting anna om dagen enn ciao og arrividerci til alle eg kjenner og er glad i. og det er både vondt og fint.