Category: looks&thesuperficialness

days ahead

UntitledUntitledUntitledvaknar opp til grå morgonar, hallongrottor i vindaugskarmen (curtasy of the swedes), les doppler av erlend loe og prøver å finne ut korleis eg skal ta grep om livet mitt.Untitled

har kjøpt ny jakke. sauefóra skinnjakke á la hundre prosent fake. den er frå zalando og held meg varm og fin på kjølege vårdagar medan eg lengtar til sommar.UntitledUntitled

 

sit ein god del på edvards kafé på schous plass med anette og marita. vi drikk kaffi og balanserar skule- og prosjektarbeid med sjokolade, bollar og koseprat. alt i alt er ting veldig fint om dagen. travelt, stressande, men fint. det er jo tross alt vår. og lyst til halv ni på kvelden. og plussgrader. og då blir jo vi nordmenn automatisk litt meir lukkelege i sjela.

translation:
i wake up to grey mornings, raspberry cookies in the windowsill (curtasy of the swedes i live with). i am currently reading doppler by norwegian author erlend loe and i am trying to figure out how i am going to go about my life. i’ve bought a new fake leatherjacket for this spring. i bought it at zalando,  it’s really pretty and really comfy and i love it. i spend a lot of time at edvards café at schous plass, with anette and marita, we’re balancing working on our school work and different projects, and just drinking coffee and catching up. all in all good days. busy, stressful, but nice. after all it is spring, and light until eight thirty in the evenings and mildly warm outside, and that makes us norwegians automatically a lot happier than during the dreaded winter. 

julesveisen

nyfarga og nyklipt (janne klipte det på badet med ei sløv papirsaks to timar før vi for ut på laurdag) og nykrølla. eg har kanskje verdas strittaste hår. det er tynt og mjukt og heilt utan volum, så når eg skal ordne meg på håret er det som regel berre ein ting som er viktig for meg, å livne det opp og få det til å verke litt tjukkare enn kva sant er. og som regel når eg skal krølle det, så er det berre bortkasta tid og energi, for uansett kor mange liter hårspray eg brukar, eller kor lenge eg held krølljernet, så vil krøllane ha jemna seg igjen etter førtifem minutt og all form for liv og volum vil vere vekke. no har eg derimot funne ein måte som gir meg nettopp dei krøllane eg ønsker utan at dei forsvinn. du treng varmespray, tørrsjampo, hårmousse, (mykje) hårspray, rettetang, tupperingskam og hårbørste.

♥ vask håret kvelden før – håret mitt er så tynt og glatt at det er ikkje noko poeng å prøve å krølle det når det er nyvaska, for krøllane berre glir ut.

♥ spray håret med tørrsjampo. heilt inn i røttene, slik at det løftar seg litt og håret ikkje blir feitt (slik mitt blir ganske fort)

♥ ha i hårmousse og føn det raskt med hovudet oppned, slik at det løftar seg pittelitt til.

♥ ta ein liten flik av hår, tvinn det saman (flett det, berre at du deler det i to delar i staden for tre), vri fletta rundt to tre fingrar og ta fingrane ut.

♥ legg “hårrullen” i  rettetanga og press ned, hald rettetanga på plass i mellom 30 til 45 sekund og slepp ut. ikkje løys opp fletta, men spray den og la den henge der medan du tar resten av håret.

♥ når du er ferdig med heile håret så sprayar du det ein gong til, før du løyser opp alle flettene og sprayar ein gong til.

♥ børst forsiktig gjennom håret for å fordele krøllane. spray. grei ut og rot til krøllane med fingrane.

♥ tupper krøllane forsiktig oppover, men ikkje børst dei ut, spray.

♥ tupper pittelitt heilt opp med hårrota og grei det ut (ikkje på krøllane) med fingrane til det ser naturleg ut.

♥ spray håret ein siste gong over og under, bruk fingrane til å rote det litt til og voila.

om dette er slik ein etter boka lagar krøllar med rettetang og om det er den lettaste måten, veit eg ikkje. men det er den einaste måten som eg til dags dato faktisk har fått til å lage krøllar som held og varar. for mitt hår tok heile seansen om lag 30 minutt og resultatet er ein litt messy, bohem-nostalgisk sveis. og ja, det var mitt hårtips denne torsdagskvelden.

translation:
a sort of tutorial for how i make my curls.