Category: kle&fæzzjån

There’s the moon asking to stay long enough for the clouds to fly me away

UntitledUntitledUntitled

då mamma var i roma, hadde ho med seg noko heilt fantastisk vakkert i kofferten sin, nemleg kåpa eg bestilte på nettet i slutten av september. den er svart og fin og og varm og nydeleg og eg er reint forelska i den!

translation:
when my mum came to rome, she brought with her something utterly fantastic and beautiful in her suitcase, the wintercoat i ordered online in the of september. it is black and warm and beautiful and i am completely and utterly in love with it.  

to be inspired by and to marvel over

på pinteresten min finn de ei mappe som heiter style and fashion. der ligg all inspirasjonen min. alt som eg skulle ønske eg hadde i skapet mitt. for ikkje å snakke om den fotoinspirasjonen dei gir! kjeldene er lenka eller oppgitt på pinterest.

translation:
on pinterest i have a board called style and fashion where you can find all my inspiration. everything i wish was in my closet. not to talk about how much the images inspire my photography. sources linked on pinterest. 

åttande mars totusenogtolv

gratulerer med dagen alle flotte jenter og kvinner der ute! i ære av kvinnedagen har eg på meg den raudaste lebestiften eg eig og tatt på meg ein av favorittkjolane mine, som farmor sydde til seg sjølv for tredve førti år sidan.

det er mange forskjellige meiningar om kvinnedagen der ute. mange trur at feministar er sure, bittre damer som lar håret under armane gro og som brenn bh-ane sine fort som svint dersom noko støter dei. dette er feil. det er så feil som ein kan få det. feminisme handlar ikkje om frittgroande hår eller brennande bhar, det handlar om likeverd. om å ha dei samme rettane som menn, utan å måtte be om det. det handlar om lik lønn for likt arbeid og om å sjølv velge korleis ein vil sjå ut, utan press frå mediaverda. det handlar ikkje om eit illebefinnande mannehat og eit ønske om å kastrere alle av det motsatte kjønn, langt i frå, faktisk så elskar vi menn. menn er herlege, fantastiske, nødvendige. dei som har det synet er ikkje i mine auge feministar, dei er ekstremistar. eg skal ikkje gå alt for mykje inn på det, men om de ønsker å lese litt meir om kvinnedagen og feminismen, har mariell og sandra skrive to flotte innlegg (klikk på namna), som demonstrerar dette på ein heilt nydeleg måte. eg håper de alle kosar dykk i dag, og at de feirer dykk sjølve og mødrene dykkar, bestemødrene og oldemødrene. for det er dei som har gjort det mogleg for oss å ha alt vi har i dag.
SKÅL!

translation: 
happy women’s day all of you lovely girls and women out there. i hope you are all feeling lovely and appreciated. in honor of eight of march, i am wearing the most red lipstick i own and one of my favorite dresses, which my grandmother sewed for herself about forty years ago. there are many different opinions about this day, many thinks that feminists are bitter, old hags who let their armpit hair grow wildly and burn their bra’s at any given oppertunity. this is not true. not true at all. feminism is simply about wanting the same rights as men, without having to ask for it. with out having to work even harder for it. not that hard work is bad for you, but you get my point. it is about getting the same wages for the same job, about dressing the way you want to dress, without the media telling you how wrong you are. it is not about hating men and wishing them all castrated, not at all, because we LOVE men. men are great, lovely and necessary. people who mean otherwise, are not feminists in my eyes, they are extremists. i won’t go too much into this, but if you want to read more about feminism and what it is about, mariell and sandra both wrote two awesome posts today (just click their names), explaining it. i hope you are all having a great day, and that you use it to appreciate yourself and your mothers, grandmothers and great-grandmothers, after all, they are the ones who made everything we have today possible. 
CHEERS! 

julesveisen

nyfarga og nyklipt (janne klipte det på badet med ei sløv papirsaks to timar før vi for ut på laurdag) og nykrølla. eg har kanskje verdas strittaste hår. det er tynt og mjukt og heilt utan volum, så når eg skal ordne meg på håret er det som regel berre ein ting som er viktig for meg, å livne det opp og få det til å verke litt tjukkare enn kva sant er. og som regel når eg skal krølle det, så er det berre bortkasta tid og energi, for uansett kor mange liter hårspray eg brukar, eller kor lenge eg held krølljernet, så vil krøllane ha jemna seg igjen etter førtifem minutt og all form for liv og volum vil vere vekke. no har eg derimot funne ein måte som gir meg nettopp dei krøllane eg ønsker utan at dei forsvinn. du treng varmespray, tørrsjampo, hårmousse, (mykje) hårspray, rettetang, tupperingskam og hårbørste.

♥ vask håret kvelden før – håret mitt er så tynt og glatt at det er ikkje noko poeng å prøve å krølle det når det er nyvaska, for krøllane berre glir ut.

♥ spray håret med tørrsjampo. heilt inn i røttene, slik at det løftar seg litt og håret ikkje blir feitt (slik mitt blir ganske fort)

♥ ha i hårmousse og føn det raskt med hovudet oppned, slik at det løftar seg pittelitt til.

♥ ta ein liten flik av hår, tvinn det saman (flett det, berre at du deler det i to delar i staden for tre), vri fletta rundt to tre fingrar og ta fingrane ut.

♥ legg “hårrullen” i  rettetanga og press ned, hald rettetanga på plass i mellom 30 til 45 sekund og slepp ut. ikkje løys opp fletta, men spray den og la den henge der medan du tar resten av håret.

♥ når du er ferdig med heile håret så sprayar du det ein gong til, før du løyser opp alle flettene og sprayar ein gong til.

♥ børst forsiktig gjennom håret for å fordele krøllane. spray. grei ut og rot til krøllane med fingrane.

♥ tupper krøllane forsiktig oppover, men ikkje børst dei ut, spray.

♥ tupper pittelitt heilt opp med hårrota og grei det ut (ikkje på krøllane) med fingrane til det ser naturleg ut.

♥ spray håret ein siste gong over og under, bruk fingrane til å rote det litt til og voila.

om dette er slik ein etter boka lagar krøllar med rettetang og om det er den lettaste måten, veit eg ikkje. men det er den einaste måten som eg til dags dato faktisk har fått til å lage krøllar som held og varar. for mitt hår tok heile seansen om lag 30 minutt og resultatet er ein litt messy, bohem-nostalgisk sveis. og ja, det var mitt hårtips denne torsdagskvelden.

translation:
a sort of tutorial for how i make my curls.