Category: om kristina

kristina, 4 år.

før det var kristina 9 år på flatraket eller kristina 16 år hybelbuar på eid. før det var kristina 19 år heime på loftet til mamma, var det kristina 4, 5 og 6 år på høgebakkane. i det brune huset til tante berit og onkel svein, som då budde på langeland og som no er grått. det var kristina, jon erik og mamma mot verda, og det var nokre av dei finaste åra i livet mitt. i dag fann eg eit fotoalbum, eller, meir scrapbook, frå den tida, og her er nokre bilder frå då:

og så fann eg ein ting til når eg rydda ut av mamma sin bag frå sjukepleiestudiene (den er gammal og i skinn og skal vere med meg overalt), nemleg eit dikt eg skreiv i notatboka hennar då eg ein dag var med ho på forelesning:

så der har de eit lite eseløyre av nokre frå dei finaste barndomsminna eg har. fleire bilder finn de på flickr kontoen min, her.

kva er det finaste barndomsminnet ditt?

ps: kjenar = å skjenne, kjefte, som i fyfy, det er ikkje lov. 

 

 

translation: 
i found some old pictures of me, my brother and my mum from when we lived in a brown house in nordfjordeid, which was probably some of the best years in my childhood. i also found an old poem i wrote in my mums notebook one day when i went with her to a lecture. for more pictures, visit my flickr page here. do you have a favorite childhood memory? 

2011: januar – mars

januar:

2011 byrja med storm utan like, så eg sto inne og tok bilde av fyrverkeriet. folk måtte skyte opp rakettane frå jordene og håpe at vinden ikkje var så sterk at dei flaug inn i husa. eg skreiv nyttårsforsett.

eg var mykje på kafé med fine sondre, sissel og viviann. eg gikk konstant med raud lebestift og det var raude merker på kaffikoppane mine støtt.

vi hadde russerevy, med lady gaga, else kåss furuseth, luksusfellen og drive-in sjukehus og fekk strålande kritikkar frå lokalavisa.

eg kjøpte nye moleskine bøker i høve det nye året. ein almanakk og ei notatbok til inspirasjon og tekstar.

eg hadde alice in wonderland fotoshoot med Anniken.

finaste anette sendte hjartemagasinet til meg i posten og eg hadde det med meg overalt i veska, slik at eg bestandig kunne bla i det.

og vi hadde russekro med afterski tema, med fyll og fanteri og alt som høyrer russen til.

februar

hadde eg sløyfe i håret og raud lebestift nesten støtt. kjøpte eg meg ny vinterkåpe med magisk brosje på. vaska eg opp mykje, etter meg og dei to eg budde med, og det var ikkje alltid like kjekt.

var eg på fest med fine folk.

kom CT på besøk frå stockholm

var eg bort på hybelen til andrea og såg på disneyfilmar og drakk kaffi nesten kvar dag.

sat eg mykje på biblioteket og tok mange photoboothbilder av meg sjølv medan eg leste politikk og samfunnsfagleg engelsk.

såg kvardagen ganske slik ut. fin og lys og alt for kald.

vart det vinterferie med gode frukostar, haruki murakami, kaffi og te.

og fint vinterferiebesøk av sissel og sofie og eg hadde nyfarga mørkeraudt hår.

var eg sjuk og snufsen og ville berre gøyme meg under dyna for alltid.

mars

fekk eg mange fine bøker i posten. drakk mykje kaffi med finaste janne på ikkje-fine torsdagar, og ting var veldig opp og ned, men så gikk det seg til, som det som regel gjer.

kom finaste lene til eid og det blei rock and roll på ekte janne, kristina og lene vis.

såg eg mykje gilmore girls og prøvde å vere flink til å ete frukost om morgonen, noko som gikk så som så.

sofie blei 19, noko som berre måtte feirast!

eg reiste til sandane for å ta bilder av veslebror til opptaksprøva mi til bilder nordic. eg skreiv mykje, til dømes om fuglen i tapeten, det var kaldt ute og gikk mykje med selbuvottane eg fekk av sissel til jul.

translation:
my year in pictures part 1: january – march. 

kristina aurore

(eg låner denne lista frå hjartesmil, for den var så fin).

eg er 19 år og liksom vaksen, men som oftast kjenner eg meg ikkje vaksen i det heile tatt. sjølv om eg betalar rekningar og skatt og har ekte visakort.

eg likar folk som ikkje tar seg sjølv så høgtideleg og som kan le av at det kom ei lita boble ut munnen deira når dei snakka utan å undskulde seg sjølv i det store og heile. å sitte på bussen med heilt ny speleliste på øyret og late som om ein lever eit anna liv ein annan stad og kven ein er saman med og slikt. å vakne til nytrakta kaffi, nybakt brød(scones, bollar) og ei fersk avis. å gå ut i vinden og opne jakka opp og late som om ein flyr. ryan gosling.

eg et helst smoothies, salat og pasta. og vafler, kveitebollar, ballerinakjeks og scones. og avocado, sogndalsepler, raude eller blå druer, bananer og cashewnøtter.

eg seier ja til vinkveldar med fine folk, å fare på fest med fine folk, fotooppdrag, skriveoppdrag, å lese høgt til veslebror min på 10 (og til veslebror min på 9 og syster mi på 10), å lage sveler og koke kaffi, å komme på besøk sjølv om det er ein time unna og bussen går om ti minutt. til alt som gjer meg og dei rundt meg glad.

eg seier nei til kvitteringar, posar på butikken (som regel), å ta sider i saker eg ikkje har noko med, å klippe håret mitt kort, kjøtt og absinth.

eg er flink til å seie litt småteite ting for å få folk til å smile og løsne opp stemninga, le høgt og smile, lage pastasaus, drikke kaffi, utsette konfrontasjonar, ta eit steg tilbake og puste ut og tenke meg om. stå for det eg meiner og seie i frå om eg må.

eg irriterar meg over folk som seier at eg ikkje får nok jern, b12 eller protein i meg fordi eg er vegetarianer, folk som må fornedre andre for å få det betre med seg sjølv, folk som sjikanerar folk med downs syndrom på internett (skam dykk!), dobbelmoralisme, egosentrisme, lærerar og arbeidsgiverar og generelt maktpersonar som misbrukar makta si, frp, og orkanen berit.

eg les båten om kvelden av tarjei vesaas, bøkene som ligg rundt om kring på rommet mitt (på golvet, i bokhylla, på bordet, i senga), diktsamlingar, skjønnlitteratur og nekrologane i lokalavisa.

eg er finast når eg er lukkeleg anntar eg. litt halvfull med stjerner i auga, latter i halsen og i litt for høge hælar. kanskje.

eg ler av dårlege vitsar, kleine situasjonar (i etterkant), fine minner og tåpeleg argumentasjon.

eg er ein typisk nostalgisk slutten-av-tenåra jente, med raud lebestift, svart eyeliner, gamle kjolar, med speilrefleks, fransk ordbok og pulverkaffi i veska.

eg har aldri tatt bil sertifikatet, men det må eg nok gjere no ganske snart (for det går nok ikkje å køyre moped i desember). vore utanfor europa eller latt andre få bestemme kva eg skal gjere.

eg er glad for at eg har mammaen min, søskena mine og besteforeldra mine. alle saman. at eg er ein av dei menneska som greier å halde kontakta med folk sjølv om ein flyttar vekk og ikkje ser kvarandre så ofte. at eg tar ansvar og er sjølvstendig, sjølv om det er skummelt.

eg trivst ikkje i kleine situasjonar eller konfrontasjonar. då blir eg veldig klein og får ein sånn snodig nervøs latter. å vere rundt store folkemengder over lengre tid. eg treng stillheit.

eg er redd for at noko skal skje søskena mine og dei folka eg er glad i.

eg elskar å reise, oppleve nye ting, møte nye folk, skrive, fotografere og å terge veslebror min på 18.

eg set pris på lånekassesystemet, vennane mine og alle dei som trur på meg.

eg trur på at alt som skjer fører med seg noko nytt og godt, at ein må ta det som det kjem, på albert einstein og at alt ordnar seg til slutt, om ikkje heilt slik ein hadde sett det for seg.

translation:
a list i borrowed from hjartesmil, because it was so beautiful. translation to come later.