Category: spørsmål og svar

Q&As: roma, oslo, kristina

i det siste har eg fått ein god del spørsmål, både via forskjellige sosiale medier, men også på privaten om forskjellige ting i livet mitt. så eg tenkte eg kunne svare på nokre av dei spørsmåla eg har fått mest i det siste no. og hei, om de sit inne med noko det lurer på, så er det berre å spørre, så lagar eg eit nytt innlegg om ei lita stund med svara.

UntitledUntitledUntitled

kva gjer du på no?
no om dagen studerar eg fotografi halvårig ved bilder nordic school of photography i oslo. det har eg gjort sidan februar i år, og studiet varer fram til slutten av juni. ved siden av skulen jobbar eg som frontliner for greenpeace på deltid, og så skriv eg små kronikkar for oh cherie og så bloggar eg sporadisk og drikk kaffi/øl/vin med fine folk.

kva skjedde med roma, skulle ikkje du vere der eit heilt år?
jo, etter rett så hadde eg jo sagt at eg skulle vere i roma eit heilt år (eller to semester). men skulepengane er ganske dyre og å bu i roma er ganske dyrt. så medan eg var der nede fyrste semester tenkte eg at eg kunne sjekke kva alternativ eg hadde om eg eventuelt bestemte meg for å hoppe av etter fyrste semester. eg søkte på bilder nordic, kom inn og sa til kulturakademiet at sjølv om eg elska å bu i roma og syns det var veldig fint og flott og fantastisk, så hadde eg bestemt meg for å ikkje ta kulturhistorie frå februar av likevel. noko som gjekk heilt fint. bilder nordic er jo også ein privatskule og krev skulepengar, men sidan kulturakademiet er under paraplyen til høgskulen i vestfold (som er offentleg), så får ein ikkje stønad frå lånekassen til skulepengane, noko eg blant anna får no til bilder nordic.

trivst du på skulen?
eg elskar skulen min. og sit ofte med dårleg samvit for at eg føler eg har alt for liten tid til skulearbeid og fotoprosjekt, sidan eg tidvis jobbar veldig mykje. men miljøet, kreativiteten, alt på skulen, likar eg veldig veldig godt. det føles rett.

UntitledUntitledUntitled

trivst du i oslo?
dette er eit litt meir kinkig spørsmål, og eit spørsmål eg får alt for ofte. spesielt etter at eg skreiv denne kronikken for oh cherie. det som er med oslo og meg, og kvifor eg ikkje alltid er like glad og lukkeleg her, som eg var i roma til dømes, er fordi kvardagen min er mykje meir hektisk her. eg har dagar då eg har mange innleveringar, skule frå halv ni til fire og jobb frå kvart over fire til ti. eg er konstant i tidsklemma, og det gjer at eg ofte kjenner meg utilstrekkeleg. spesielt når eg gløymer at eg har lova å møte venner til kaffi eller middag ein dag, eller når eg dobbeltbookar meg og så har eg eigentleg ikkje annleiing til å møte nokon av dei likevel. eller endå verre når eg gløymer skuleoppgåver eg burde ha levert inn, og så stressar eg med å løyse det, og det blir eit halvferdig hastverk. dessutan har det vore vinter så lenge. eg er ikkje ei av dei jentene med sollys i sjela, eg treng sola på himmelen, og fargar rundt meg for å fungere. så denne evige vinteren har vore som tjæresand på hjartet mitt. MEN! no kjem våren, og eg har komme inn i ein slags dysfunksjonell rutine som fungerar for meg. og eg har mange fine venner i oslo. det er berre kvardagen som tidvis manglar magi og er overausa med vinter og kulde.

kva er planane dine framover?
eg har ikkje planlagt noko lenger enn til august. alt eg veit er at eg skal gå på skulen til slutten av juni. jobbe. drikke øl. malakoff festivalen.

kva vil du bli når du blir stor?
eg vil skrive kronikkar og bøker, ta bilder og reise verda rundt. som alle andre.

UntitledUntitledUntitled

er det ikkje skummelt å utdanne seg innan kunstneriske yrke/fag?
dritskummelt. tullar alltid med at eg kjem til å ende opp som kassadame på kiwi heime.

har du kjærast?
eg er singel og lukkeleg og likar å kysse menn med skjegg og tatoveringar når eg har drukke litt for mykje øl.

kunne du tenke deg å flytte tilbake til roma?
eg elskar roma. men, eg veit ikkje om eg kunne tenkt meg å flytte tilbake dit med det fyrste. ikkje fordi eg ikkje trivst eller noko, for den byen er så vakker og å bu der er så fint. men fordi eg har budd der no. eg har gjort meg kjend i gatene, fått mine stamplassar og levd la dolce vita. no er der nye byar og land og verdsdelar eg vil bu i. som london og københavn, berlin, paris, marrakech, new york, san fransisco… men eg kjem alltid til å reise tilbake til roma. berre for å rusle i gatene langs via giulia og trastevere og tenke på då eg budde i roma og levde på raudvin, røyk og fersk pasta til 1 euro kiloen.

UntitledUntitledUntitledkjem du til å flytte tilbake til sogn og fjordane når du er ferdig utdanna?

nei. eg elskar sogn og fjordane, og spesielt ytre nordfjord. det er jo her eg kjem frå. her folk kjenne meg og eg kjenner dei, og difor så kan eg sakne det så mykje at det riv i lungene. men eg veit at om eg flyttar tilbake kjem det til å rive endå meir. eg kjem alltid til å komme heim når eg har sjansen. og det kjem alltid til å vere litt vondt når eg reiser att, men eg kjem nok aldri tilbake for godt.

tjener du noko pengar på bloggen og foto?
blogg: nei. det hender eg tar på meg frilansoppdrag i foto, men akkurat no så har eg ikkje så mykje tid, og eg er dårleg på å reklamere for meg sjølv.

kan ikkje du skrive ei bok?
hehe. ein dag når eg har noko å skrive om kan det hende det kjem ei bok. til då blir det småtekstar og tankesurr.

er det noko meir de lurer på, skrik ut.

allonsy, alonso!

translation: a few answeres to the most common questions i’m asked.

q&a: mi chiamo kristina, sono norvegese, vivo a roma

i dag har eg budd i roma i ei heil veke. ei veke fyllt med raudvin, kjekke menn med skjegg som seier eg liknar på bonnie i bonnie and clyde, pasta, pizza, espresso, platon, aristoteles, descartes, gnagsår, airconditionforkjølelse, hetebølge frå sahara, og gelatto. jævla mykje gelatto. vi har ikkje hatt stabilt internett i leiligheita, så eg har ikkje fått blogga så mykje som eg hadde tenkt, og difor tenkte eg at no, sidan vi startar eit nytt kapittel på bloggen og i livet mitt, så kunne vi hatt ein spørsmålsrunde. så dersom det er noko de lurer på anngåande roma, meg, eller kva det skal vere, spør i veg! så skal eg svare så godt eg kan!

enn så lenge, ciao bella e bello!

translation:
today i have lived in rome for exactly one week. it’s been a week filled with red wine, handsome men with beards who insist i look like bonnie in bonnie and clyde, pasta, pizza, espressa, plato, aristoteles, descartes, blisters, aircondition cold, heatwave from sahara and gelatto. loads and loads of gelatto. since we haven’t had any stabil internet connection in our apartment this past week, i haven’t been able to blog as often as i wanted to. and therefore i thought that it might be a good time now, since the blog and myself are starting a new chapter, to have a q&a session. so ask me anything you want to, about me, rome, anything!

until next time! ciao bella e bello!

excuse me for forgetting, but my mind is otherwise involved.

eg såg nettopp at eg hadde gløymt eit spørsmål i q&a innlegget, anngåande dialekta mi og korleis eg snakkar. no hatar eg eigentleg å høyre meg sjølv snakke, men sidan eg faktisk har laga ein kort youtube film om det så får de høyre likevel. så ja, slik snakkar eg. (og ja, lyd og rørsle er ikkje in sync i filmen).

translation:
i forgot a question in the q&a post. it was about how i spoke and my dialecht, so, even though i hate my own voice, here is me. speaking. in my dialecht.

svar på spørsmål

det tok litt tid, men eg har endeleg svart på alle spørsmåla dykkar så godt eg kan. 

kva vil du bli når du blir “stor”? 
eg vil bli noko som handlar om kunst og foto og skriving. fotograf og skribent altså. men, som eg og to andre kunstneriske venner av meg fann ut av ein kveld på byn i oslo, så er ikkje dette dei mest sikra yrka, så vi blir vel nav-gjengen om fire år, haha.
mørk eller lys sjokolade?
ja, takk – begge deler! (men stratos er best!)
kva er det siste du tenkjer på før du sovnar om kvelden?
at det er så og så lenge til eg skal stå opp (eventuelt at eg kan sove så lenge eg vil, om det er tilfellet) og på kva eg vil gjere neste dag og på eventyr, stjerner, meteorittar og kvitebjørn kong valemon.

(bilde er linka)
tre ting du vil gjere før du dør!
ha ein affære med ein fransk kunstnar
bu i eit atelier i paris, gå i slitte dongerishorts og kvite herreskjorter som eg knyt på magen medan eg malar halvgode bilder på kvite lerret, tar bilder av mennesker i gata og skriv surrealistiske dikt berre eg forstår.
reise jorda rundt.
har du ein favorittstad?
balkongen på rommet mitt her heime. den er liten og med oversikt over heile bygda og utsikt rett i havet. der kan eg sitte og sjå på sauene og menneska og båtane og bølgene, og ta ein røyk medan eg høyrer på musikk og berre er til. meg og tankane mine og musikken.
og favorittplagg?(bilete)
laura ashley kjolen min som eg kjøpte hjå tonica vintage i oslo

og “hello, sailor” kjolen (her har janne den på seg frå fotoshooten eg hadde for nokre veker sidan) som eg kjøpte på bik bok (faktisk) då eg var i haugesund i oktober.
favorittartist?
PJ Harvey har vore min favorittartist sidan barneskulen. ho, jim morrison, tom waits og the Clash. eg har hatt same the Clash lommeboka sidan eg var typ 13 år.
kva er den beste tida på døgnet/året?
på døgnet er det vel heilt tidleg om morgonen når ein ikkje har dårleg tid og ein går rundt i kimono eller undertøy og drikk rosete og kaffi medan ein flirer av p3 morgon eller les ei avis eller noko. men også på kvelden når det er mørkt ute og ein kan krype inn i eit godt ullteppe eller ei dyne og lese ei bok eller sjå ein film. sjølvsagt med ein kopp te i handa. den beste tida på året for meg er alltid våren, for då blomstrar alt til liv igjen og ein vaknar på ein måte frå den lange vinterdvalen. og så kan ein byrje å prøve seg på å gå i kjole utan strømper (og bli forkjøla sjølvsagt). men eg er også veldig glad i september.
Hvilket kjærlighetsforhold er yndlingskjærlighetsforholdet ditt, i fiksjonens verden, og hvorfor?
Jane Eyre og Edvard Rochester. fordi det fins vel eigentleg ikkje noko meir romantisk og merkeleg og fantastisk forhald, som det dei to har? eit ekte, 1800-tals, gotisk kjærleiksforhald ingenting kan måle seg med.

(bildet er linka)
Hvis du skulle ha drukket morgente, spist frokost, og delt seng med en bokkarakter for resten av livet ditt, hvem?
åh! for eit fabelaktig og vanskeleg spørsmål! eg veit ikkje om eg har eit definitivt svar på det
Og når vi først er i gang; hvilken bokkarakter får æren av å bli med deg på hyttetur?
jack keruac (sjølv om han fins då), av openberre grunnar,
Og hvilken forfatter tar du veldig veldig gjerne en øl eller fjorten med?
Ernest Hemingway, for han berre åh. han kunne fått lov å blitt med meg heim også.
Hva skal til for at du skal forelske deg i en gutt?
eg likar høge gutar, markante, men fine, andlet, sterke armar, store hender og auger som er akkurat passe intense. (for mykje intensitet i auga frikar meg ut).
ka gjør du nå for tiå?
eg bur heime i den vesle heimbygda mi og jobbar som brukarstyrt personleg assistent på fulltid for als pasienten min som eg har jobba med i over to år. jobben er herleg, men situasjonen er vond. for eigentleg skulle eg ha begynt på bilder nordic no, men eg måtte sei frå meg plassen fordi eg ikkje har råd til både skulepengar og bustad og alt som kjem med. men planen er å frilanse litt som skribent og fotograf, om nokon vil ha meg, sjølvsagt.

(heimbygda mi, flatraket)
spille du/ eller har spillt et dataspill?
eg spelte ein del sims på ungdomsskulen. og første året på vgs spelte eg mykje bubbles på facebook. men bortsett frå det er det ikkje så mykje dataspel eg kan skryte på meg. eg er flink i scrabble og trivial pursuit då, om du vil spele brettspel meg ein gong?
typ på playstation?
mario cart, supermario bros og super mario 64
har du/ eller e du litt geek?
eg er kjempegeek! russenamnet mitt var, nokså ufrivilleg, frøken google, og då eg var i hellas med sissel ville ho at eg skulle kjøpe ei ‘fuck google, ask me’ t-skjorte. men eg trur det er meir fordi eg kan vere veldig besserwisser, og det syns eg eigentleg ikkje er noko å skryte av.

har du kjæreste?
nei.
hvis ikje e du forelska i noen akkurat nå? og hvis du e fortell gjerna litt om det!
dessverre er eg verken i eit forhald eller forelska i nokon. og sjølv om det er ganske greit eigentleg (for herrejesus så utruleg stress det kan vere å vere forelska!), så er det jo også litt trist då.
ka e den beste filmen du har sett detta året?
midnight in paris. den er berre, åh, kjærleik!
og hvis du konne sett ein film fra 80-tallet kass ville det vært?
eg elskar 80-tals filmar! eg har nesten alle molly ringwald filmane på dvd og hadde faktisk eit lite maratonn her for litt sidan. men pretty in pink, den er vel den desidert finaste. ved siden av the breakfast club og nightmare on elm street (første)
såg du på beverly hills 90210 på 90-tallet?
no var eg typ 0 – 7/8 år på nittitalet, men eg såg reprisene som gikk etter skuletid i byrjinga av 2000-åra.
hvis du gjorde det kem va du forelska i?
DYLAN!
har du noen favoritt tvserier du ser på?
skins, mad men, pan am, gilmore girls, 2 broke girls og supernatural. ja, og buffy også då, sjølvsagt.
favorittsang akkurat nå?
lua av bright eyes, the cave av mumford and sons, skinny genes av eliza dolittle og titanium av sia. sånn circus. 
(bildet er linka)

Jeg lurer på hva du gjør når du er helt alene, kanskje noe som er litt flaut? (Jeg løsner for eksempel ofte på beltet i buksa og lar magen leve sitt eget liv. Også tisser jeg med dodøra åpen.)
eg setter på noko skikkeleg dansemusikk (som abba) og går bananas med dansemovsa. eg gjer det til og med på nattevakt. og så pleier eg å snakke med hunden og diskutere med meg sjølv høglytt. men eg er litt paranoid og redd for at nokon plutseleg skal stå der og le av meg. ja, og så går eg som regel rundt i kimonoen min. sånn bestandig.
Hva gjør du hvis du skal snu en litt dårlig dag om til en fin en?
eg kokar te, ringer kristin eller janne og snakkar med dei om alt godt og alt gale. og så ler vi av kjærleiksdrama og teite gutar og jenter som lagar drama ut av ingenting. og når vi blir heite i øyra legg vi på, og då set eg meg på madrass-sofaen på rommet mitt, tenner te-lys, kokar te, set på musikk og les vogue uk eller elle uk, eller hamsun eller cora sandel eller noko i den duren der.
Hvor stor familie har du?
STOR. eg er skilsmissebarn og har typ fem brødre og ei syster. og kvåle slekta tar opp så og sei heile sogndal også, så vi er ganske mange.

Hvilke farge er din favoritt farge?
marineblå, burgunderraud og sennepsgul
Hva slags jobb har du?
eg er brukarstyrt personleg assistent (pleieassistent) hjå ein als-pasient. det har eg vore dei siste to åra, og vil sei at eg hjelper pasienten min med daglege gjeremål (alt frå stell, mat, til klesvask – alt mogleg) og passar på at alt er bra helsemessig.
Hvilke tvserier liker du å se på?
sjå svar lenger oppe. og så må eg innrømme at eg har fått ein guilty pleasure ting for glee. og eg er på team finchel.
Filmer som du kan se om igjen uten å bli lei?
notting hill, amélie, paris je’taime, lost in translation, blue valentine og the extraordinary adventures of adele blanc sec.
hvilke artister liker du?
spotifyprofilen min finn de her, der finn de det mest omfattande.
Hvilke land har du vært på reise til?
sverige, danmark, tyskland, england (språkreise i torquay i 2007), tjekkia, frankrike, hellas, spania… eg kjem ikkje på fleire! var på den russiske grensa ved kirkenes då, om det teller?


Jeg lurer på hva du blir mest inspirert av, og hva du liker (musikk, film, kunst osv)
hm… det er så mykje! alt frå mote, bilder på flickr, filmar, bøker, sitat, anekdotar, korleis lyset treff støvet når eg vaknar om morgonen. det høyres kanskje teit ut, men alt er like relevant. venner og familie inspirerar meg og folk som har komt seg til toppen despite all odds, og dei som rett og slett berre er dyktige. til dømes har eg ein kjempe fascinert av emma watson, sofia coppola, kirsten dunst og autumn de wilde, fordi dei er alle kvinner i ulik alder frå ulike bakgrunnar, med ulike yrker, men som alle har utmerkt seg i det yrket på ein kreativ og genuin måte (spør du meg), og det respekterer eg og det inspirerer meg. når det kjem til kva eg likar så er eg utruleg glad i kunst, foto, musikk, film, litteratur, mote, politikk… eg har mange interesser.
Hva slags musikk foretrekker du, og har du et yndlingsband/artist??
eg likar mykje forskjellig musikk, men metal, punk (skikkeleg), indie og alternativ er vel det eg høyrer mest på. artistar… akkurat no høyrer eg mest på ane brun, pj harvey (alltid), mumford and sons, velvet underground, adele og tom waits.
hvordan ser favorittantrekket ditt ut?
kanskje litt slik:

(bilda linka til lookbook)

hvordan type bøker liker du best? (sjanger, handling eller språk viktigst og sånne ting)
ehm… eg leser eigentleg det meste. men det viktigaste for meg er vel eigentleg ikkje sjølve handlinga, men meir utviklinga til personane på godt og vondt, helst knytt til eit vidunderleg fint språk. sånn ca.
Hvilken Brontë-søster liker du best?
charlotte brontë. for ho skreiv yndlingsboka mi.
Hvilken epletype liker du best?
sogndalsepler! helst dei frå kvåle!

Yoga eller pilates?
yoga! eg elskar yoga!
Hvilken Maria Mena sang er finest?
høyrer eigentleg ikkje så mykje på maria mena, men kanskje where were you?
Hvilken Veronica Maggio-sang er finest?
ingen kläder!
Hvilket PJ Harvey-album er finest?
vanskeleg!! stories from the city, stories from the sea, is this desire og  white chalk. men eg er utruleg glad i det nye albumet hennar også, let england shake!