Category: mat

fyrste laurdagen heime i noreg.

UntitledUntitledUntitledUntitledUntitled

eg gjekk fin tur rundt bygda saman med finaste sofie og vesle saravovven min!

UntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitled

så kjørte stefar min meg inn til barmsund til ferjekaia, der eg venta på ferja over til finaste barmen, der eg skulle besøke verdas mest fantastiske kristin, som også var heime denne helga.

UntitledUntitledUntitled

barmen ferja er så kosleg!

Untitled

vi drakk kaffi og raudvin, kristin skifta strengar på eine gitaren deira og så prata vi om alt og ingenting før vi fann ut at det var på tide å lage mat.

Untitled

og då måtte det bli krabbe

Untitled

og blåskjellsuppe

Untitled

og hummer og kreps

Untitled

pappaen til kristin (pappa myklebust) og kristin

UntitledUntitledUntitled

nam nam nam!

UntitledUntitled

far og datter!

Untitled

kristin dekte på til festbord

Untitled

den beste blåskjellsuppa eg har ete nokon sinne!

Untitled

vi snakka, såg upperdog, åt meir og kosa oss, som vi alltid gjer når vi er på barmen. fin fin laurdag!

translation: 
the first saturday back in norway. i went hiking around the villiage with my good friend sofie and my dog, sara. then my stepfather drove me to barmsund where i waited for the ferry to take me to barmen, where my oldest and best friend, kristin and her father, were waiting. kristin was, as luck would happen, also home this weekend. we drank red wine and coffee, talked and talked and talked and laughed. and then we made food. crab, blue mussel soup, lobster and other shellfish. we ate way to much, talked and laughed and had a great time, watched the norwegian movie upperdog. a great saturday!

den siste søndagen i september

UntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitled

den siste søndagen i september sto eg opp kvart på ni om morgonen, vaska av meg nattas sminke og tusla nedover vittorio emanuele II til den lokale matbutikken. der handla eg inn alt frå müsli, egg og avokado til norsk laks (som, utan å kødde, er rævdyrt i utlandet). gjekk heim att og laga stor og fin søndagsfrukost til meg og kjersti. for søndagar treng store, fine frukostar med heilt eigen spotify-liste. og også fordi i morgon er haustferien vår over og det er tilbake til forelesningar og oppgåveskriving og då treng ein å avslutte ferien på den finaste måten mogleg. nemleg frukost. frukost er botemiddel mot alt vondt.

translation:
It is the last sunday in september and i celebrated it by making a huge breakfast early this morning for me and my room-mate kjersti. i even made a completely new spotify-list for the occasion.  

søndagsomelett

sidan det er søndag, og sidan det er morsdag, var det sjølvsagt at i dag måtte eg lage noko ekstra godt til frukost (det var vel meir brunsj). så eg bestemde meg for å lage denne omeletten, som i mine auger er verdas beste omelett, og eg tenkte eg skulle dele oppskrifta med dykk. den er lett som berre det!

hakk opp ein raudlauk, ein stilk vårlauk, ein fersk champignon og ca tre cherrytomatar.

ta tre egg og litt melk (ca 1 dl, kanskje litt mindre) og pisk saman til ei jamn blanding. ha oppi ei klype salt, litt peppar og dryss litt rosmarin over og bland godt.

byrj med å surre laukane til dei er glinsande og mjuke.

når laukane er klare surrar du cherrytomatane og soppen saman med lauken til alt er “karamelisert” og mjukt.

hell over eggerøra og riv opp litt cheddar, som du fordelar på toppen av omeletten. la det steike på middels til lav varme (på induksjonsovn opp til ni i varme, sto denne på grad 4 i ca ti til femten minutt). medan omeletten steikast kan ein rydde opp, koke kaffi og dekke bordet. når omeletten er gjennomstekt brettar du den saman som ei pannekake. sikkert ikkje naudsynt, eg berre syns det er litt artig å gjere det, også ser det så proffesjonelt ut syns eg. hihi. denne oppskrifta er nok til to til tre personar. ekstra godt blir det dersom du kuttar opp nokre ferske cherrytomatar vedsiden av, med litt pesto og fetaost. nam. brunsjen er komplett med ein brennheit kopp svart kaffi, eit glas melk og ei fin bok du ikkje har lese før. i mitt tilfelle, lolita, som kom i posten i går. bon appétit og gratulerer med morsdagen til alle flotte mødrer der ute!

translation:
since it’s mothersday in norway today, and also a sunday, i figured i should make something special for brunch, so i decided to make, what i believe to be the best omelet in the world. all you need is red onion, spring onion, about three cherry tomatoes (and three for later), one fresh champignon, pesto, feta-cheese, three eggs, some milk, salt, pepper and rosemary. start by chopping up the vegetables. then mix the eggs, milk (a bit less than 1 dl), salt, pepper and rosemary separately from the vegetables. start by sautéing the onions (a bit unsure of the translation there), when the onions are tender and glistering, you sauté the mushroom and tomatoes along with the onions. after about two or three minutes on the stove, you pour the eggmix over the vegetables, grate some cheddar over it and let it cook slowly on medium to low heat (took about ten to fifteen minutes). while you are waiting for it to finish cooking, you can clean up and set the table. when it’s done wrap it once (it’s so much fun to do!) and cut yourself a piece. this recipe is enough for two to three people. the omelet is taken to an even higher standard when accompanied with some fresh cherrytomatoes, some pesto and feta-cheese on the sides. the brunch is complete with coffee, milk and a book you’ve never read before, which in my case is lolita. bon appétit and happy mother’s day to all you mothers out there! 

frukost i volda

müsli med blåbærjogurt, sjokolademelk og kaffi. også kalla frukostkjærleik.

i går sto eg opp tidlegare enn eg har gjort på fleire månedar, pakka med meg macen, kamera, toalettsaker og pysjamas og hoppa på bussen til volda. just like that. med lana del rey sitt nye album på øyret, la eg bak meg flatraket, måløy, ytre nordfjord og til slutt heile sogn og fjordane. i volda venta finaste andrea på meg. vi gikk tur, åt sushi og snakka om kva som var nytt sidan sist og kva planar vi har framover og slikt som ein snakkar om når ein ikkje har sett kvarandre på veldig lenge. fin torsdag, fin fredag.

translation:
yesterday i decided to jump the first bus to volda and go visit my friend andrea, whom i haven’t seen for ages. we went for a walk, talked about what was new and our plans ahead and all those things you talk about with friends you haven’t seen in a long while.