Category: ymse

Obs. Nytt. Obs.

Skjermbilde 2016-02-21 kl. 22.05.44

Eg har bestemt meg for å berre blogge frå heimesida mi kristinaaurore.com frå no av. Det føles berre meir riktig. Det er portfolioen min. Greit å ha ei side å forhalde seg til. Greit å ha eit domenenavn som er meir profesjonelt.

Det kjem ikkje til å bli ein veldig privat og personleg blogg. Det kjem til å vere ein blogg om ting som opptek meg. Mykje kunst. Mykje musikk. Litteratur. Muligens små utsnitt frå ein kvardag. Så ønsker du å følgje med vidare er det sjølvsagt veldig hyggeleg.

KRISTINAAURORE.COM/BLOGG

ci vediamo

buon natale

god jul. ver gode med kvarandre. kos dykk med denne historia (som er heilt sann), og som alltid får meg til å smile.

markjordbær, blåklokker og lyden av bølger som knuser mot fjæresteinane.

i dag vakna eg etter å ha gått heim i brålysningen av dagen. eg drakk ein kopp kaffi, vaska vekk nattas glitter som ikkje lenger var på augelokka, men i heile andletet mitt. og så gjekk eg ut. sa hei til dagen og satt meg i farmor sin bil som kjørte meg til to av dei vakraste skapningane på denne jord. til to av dei vakraste stemmene og lattarane og andleta og freknene eg veit om, og som eg høyrer og ser så alt for sjeldan. stemma og latteren og andletet og freknene og det kvite håret til veslesyster mi, elise. stemma, latteren, andletet, freknene, tøysefaktene og motet til veslebror min, andreas. vi gjekk på tur i fjæra, kasta flyndresteinar og hørte bølgene bruse mot fjæresteinane. vi plukka blåklokkebukett og fann markjordbær på vegen. og så, like plutseleg som eg kom måtte eg reise. og ingenting er så vanskeleg som å måtte sei hadet til nokon du nettopp har sett att på nesten eit år. men løyndomen min er, at i morgon ser eg dei att og då skal vi leite etter fleire markjordbær og kanskje gå på fjellet og ha piknik og slike ting som er fint og sommarsleg og minnerike. det er så viktig at det er minnerikt.

raudvin, onsdag, sigarettar, patti smith, parisbohemen og susanne sundfør.

det er onsdag, klokka er ti over halv seks på ettermiddagen og eg sit på balkongen min, drikk raudvin rett frå flaska og røyker marlboro. eg har på meg den raudoransje kjolen eg kjøpte på eid for akkurat ei veke sidan, og gule sko, like gamle. det strøymer fransk pop frå sekstitalet frå høgtalarane til macen min og eg les susanne sundfør sitt intervju i musikkmagasinet eno. ein kan sei mykje om susanne, men eg likar ho. ho er dyktig, ho er menneskleg, ho er kunstnar. eg tar ein sup til av flaska, tenner ein ny røyk og tenker at eg også vil vere kunstnar. så inderleg at eg kanskje vil det for mykje. for mykje til at det kan bli noko bra. ein ny sang slår takt og eg kjem på at det var akkurat slik patti smith tenkte då ho og robert mapplethorpe budde i den vesle leilegheita si i brooklyn. og patti smith vart jo kunstnar, ein av dei største i vår tid, spør du meg. ikkje at eg trur eg nokon sinne blir like stor som ho. så lenge eg kan skape noko og tjene nok av det til å betale husleige, rekningar og ei flaske raudvin i ny og ne, er eg nøgd. berømming fristar ikkje så mykje, eg vil berre vere fri. frå samfunnet og normer. eg vil vere parisbohem på tjue-talet. ha pseudointellektuelle samtalar med hemingway om litteratur og kunst, som i woody allen sin midnight in paris. men parisbohemen er død. om ikkje utrydda, og det gjer meg så inderleg trist. eg veit det er ein klisjé å sei at ein føler ein er fødd i feil epoke, men eg gjer det. eg snakkar liksom ikkje same språket som dei rundt meg. ser ikkje dei same situasjonane eller bekymringane. eg ser kun moglegheiter. om vegen er stengd, la oss klatre over gjerdet då, for faen.

då eg vakna i dag tidleg, var himmelen blå og sola skein, no er det ettermiddag og sola ligg løynd ein stad mellom himmelen og skodda. alt er grått og grønt. grå himmel, grå sjø, grøn mark. det er alt her er, det er alt eg er. det og raudvinslepper. på twitter heiter det emoonsdag, på facebook vesle laurdag, for meg er det ein stad midt i mellom. akkurat som onsdag i seg sjølv. midt i mellom himmel og helvete. eg lurer på kor mange gongar den setninga er skriven før? mellom himmel og helvete, det er jorda det, for alle som trur på slikt. eg veit ikkje kva eg trur på. i alle fall ikkje gud, og ikkje satan heller. før sa eg at eg trudde på menneska, på fakta, men eg veit ikkje. det einaste eg med handa på hjarte kan sei eg trur på, er kunsten. kunsten å puste, å leve, å skape, å bevege ein fot foran den andre. å stramme stemmebanda, munnen og bevege tunga slik at det formar seg ord og setningar å meining. tenk så mykje vi faktisk skaper kvar dag utan å ein gong tenke over det. det er nestan overveldande.

når røyken sloknar skal eg gå inn igjen og rydde ferdig rommet. det er det eg eigentleg driv med i dag. ryddar opp rotet mitt, ryddar hovudet mitt. kristin sa ein gong til meg at ho har det ikkje roleg inni seg, om det er rotete rundt ho. eg veit kva ho meiner. dei siste vekene har eg levd i eit tjernobyl av kle og bøker som har lagt slengt over alt kring meg. eit kaos. no skal eg gjere som susanne sundfør, forvandle kaos til kosmos. kanskje blir det enklare å vakne om morgonen då? kanskje blir det enklare å skape noko ordentleg då? kanskje kan eg skrive ei setning og vite at den ikkje har blitt skriven av hundretusen andre, hundretusen gongar før. det ligg mange opne vegar løynd i eit kanskje.

foto: linka til kjelde.

translation:
sitting on my balcony a wednesday afternoon, smoking marlboro, drinking red wine straight from the bottle and reading art-magazines. wondering what will happen in the future and how it will be and waiting for the future to arrive.  

60 spørsmål på ein fredag

1. kor gamal er du om fem år?
24 going on 25

2. kven var du minst to timar rundt i dag?
veslebroren min på 10, eskil, og mamma

3. kor lang er du?
170

4. kva var den forrige filmen du såg?
the tree of life

5. kven ringte du sist?
janne

6. kven ringte deg sist?
mamma

7. kva stod på den forrige sms’en du fekk?
haha! haha! haaaahaaaa! (frå janne)

8. føretrekk du å ringa eller senda sms?
ringe. for då kan eg få avtalt og sagt alt på fem minutt, i staden for å vente i ei æve på ny melding.

9. er dine foreldre gifte eller skilte?
skilte

10. når såg du mamman din sist?
klokka 0800, då ho kjørte meg på jobb

11. kva farge har du på augene?
dei skifta farge, på passet mitt står det: fleirfarga.

12. når våkna du i dag?
06.45… tidlegvakt.

13. kva er din favorittjulesang?
mitt hjarte alltid vanker. det er oldemor sin favorittsang og er berre finast. det er vår sang.

14. kva er din favorittplass?
å sitte i grillhytta med kristin på barmen om sommaren når sola byrja forsvinne i havet og himmelen er raud og nesten i flammar. og sjølvsagt, ei flaske raudvin. men også huset i valdres på seinsommaren.

15. kva plass likar du minst?
måløy. berre fordi alt er grått og vått og mørkt der. eg føler det er vinter i måløy heile året.

16. kvar trur du at du er om ti år?
new york kanskje? eller london? eller københavn? paris? ein eller anna metropol, der eg sit og skriv og fotograferar og omringar meg med flotte menneske og god stemning.

17. kva skremte deg mest om natta som liten?
det å sovne. eg var redd for at kroppen min skulle glømme å puste.

18. kva fekk deg til å le hardt seinast?
ein mail eg fekk av janne, veldig intern humor, haha.

19. kor stor er senga di?
dobbel.

20. har du stasjonær eller bærbar datamaskin?
har ein søt, liten macbook pro, som eg elskar meir enn livet sjølv.

21. søv du med eller utan klede?
begge deler.

22. kor mange puter søv du med i senga?
akkurat no fire/fem

23. kor mange land har du budd i?
kun noreg, men flyttar til italia om nokre månader og så var eg på språkreise i england, torquay, då eg var 14/15.

24. kvar har du budd?
stårheim, nordfjordeid (førde), måløy, valdres/heggenes, måløy, flatraket, nordfjordeid og no flatraket. eg pleier å sei at om plassen høyres for liten til å vere verkeleg, så har eg sikkert budd der.

25. likar du sko, sokkar eller berrføtt?
berrføtt!

26. er du sosial?
ja, det vil eg sei.

27. kva er din favorittis?
hylleblomst. og vanilje og sjokolade.

28. kva er din favorittdessert?
jordbær, blåbær og bringebær med heimelaga vaniljesaus.

29. likar du kinamat?
ja, men ikkje all kinamat.

30. likar du kaffe?
elskar det over alt på jord. har drukke minst fire koppar dagen sidan eg var 13.

31. kva drikk du til frukost?
eg et eigentleg ikkje frukost, men om eg gjer det, så blir det ein smoothie eller noko egg av ein sort.

32. søv du på nokon spesiell måte?
på magen.

33. kan du spela poker?
nei.

34. likar du å kosa?
eg er inga klengedukke, men eg likar ein klem og ein suss i ny og ne.

35. er du eit avhengighetsmenneske?
nei. bortsett frå kaffi og sigarettar, dessverre.

36. kjenner du nokon med samme bursdag som deg?
ja! harry, ikkje potter, men ryland.

37. vil du ha born?
trur ikkje det.

38. kan du nokon andre språk enn norsk?
engelsk, tysk, skandinaviske språk og spansk. og til hausten lærer eg italiensk på skulen eg skal gå på.

39. har du nokon gong vore i ein ambulanse?
nei

40. føretrekk du havet eller eit basseng?
havet. eg har vokse opp med havet, vi er venner.

41. kva brukar du helst pengar på?
buss og reise, mat og ting. herrejesus så mykje pengar som går til… ting!

42. eig du dyre smykker?
flettaringen min i gull som eg fekk arva av mamma.

43. kva er ditt favorittprogram på tv?
skins, dei fire fyrste sesongane. sherlock (!!), mad men og supernatural.

44. kan du rulla med tunga?
ja

45. kven er den morsommaste personen du kjenner?
sondre, janne, mamma og, åh, eg kjenner så mange herlege, morosamme mennesker!

46. søv du med kosedyr?
nei

47. kva har du som ringelyd?
street parade av bigbang

48. har du klesplagg frå du var liten?
vi har ei eske på loftet, trur eg. og så har eg gitt nokre av finkjolane mine til veslesyster mi.

49. kva har du nærast deg no som er raudt?
stripene på genseren min

50. flørtar du mykje?
trur eg eigentleg er ganske dårleg på å flørte. eg berre er meg sjølv og  smiler og ler eg.

51. kan du bytta olje på bilen?
om du med det meinar helle olje på panseret, ja, om du meiner som i mekanikeropplegg, nei.

52. har du fått ei fartsbot nokon gong?
eg har ikkje sertifikatet, så nei

53. kva var den forrige boka du leste?
leste oppatt epp av axel jensen. den er så rar og fin.

54. leser du avisa?
nrk og aftenposten på nett, og så hender det at eg les i lokalavisa. då les eg nekrologane.

55. abonnerer du på noko magasin?
lula!

56. dansar du i bilen?
masse. masse.

57. kva for radiostasjon høyrte du på seinast?
eg høyrer på radioresepsjonen på p3.

58. kva var det siste du skreiv ned på eit papir?
betal rekningar før ut med jobben!

59. når var du i kyrkja sist?
bryllupet til atle-hjørn og camilla i sommar

60. er du lukkelig?
sånn midt i mellom. sånn heilt ok.

foto: privat. trur lista fyrst kom frå elsa?

translation:
60 questions on a friday. the list has been circulating the internet lately, but i think maybe elsa was the first to share it?

ingenting som kommer innenfra er feil, uansett hvor mørkt og grumsete det er.

– bertine zetlitz.

foto: linka til kjelde.

eg tenker mykje på desse orda om dagen. det er det vakraste og mest sanne eg har høyrt på lenge. vi må slutte å frykte vår eigen brutalitet og mørkre, det er slik vi lærer å sette pris på lyset og gleden.

translation:
“nothing that comes from inside of you is wrong, no matter how dark and beat up it may be” – bertine zetlitz (roughly translated). i’ve been thinking about these words a lot lately. they’re so beautiful and so true. i think it is really important that people stop fearing their own brutality and darkness, i think it is only through knowing that side of us that we can learn to appreciate our light and joy.  photos are linked to source. 

og solen tente lyn i farget glass

eg er heimem åleine. i peisen gnistrar og kviskrar det av gran og flammar, gjennom glaset dansar dei saman i ein perfekt vals som konsumerar dei begge. eg høyrer på erik bye, det er som å lese ein bestefar si dagbok. som sungne dikt. vare, enkle, som ein kniv i sjela.

eg er trøtt og vil sove, men det er for tidleg på kvelden til at det lønner seg. dagen er ikkje ferdig endå. eg tar meg eit glas raudvin og lyttar. kviskrar dei einsame orda, kviskrar dei saman, gir dei makar, så dei ikkje er så einsame lenger. tar på meg teppet, sjølv om det sikkert er godt over 30 grader i stova. flyt vekk i tankar av fiksjon og røynd.

det er nesten litt latterleg at november snart er over, så langdryg som oktober var. likevel er det lenge til januar. lenge til februar og amsterdam. lenge til mars og konsert. lenge til april og lysare kveldar. lenge til mai og tjue årsdagen min. lenge til juni og varme. lenge til juli og malakoff. lenge til eg veit kva skular eg kjem inn på, og kva eg ikkje kjem inn på. lenge til eg veit kvar eg flyttar og kva eg skal studere. oslo, bergen, stockholm, københavn, england, frankrike, usa? korleis kan tida vere så komplekst relativ? korleis kan den bevege seg så raskt og endå stoppe heilt opp? eg forstår det ikkje.

eg ser og høyrer og forstår og svarar, men det er eigentleg ikkje så viktig. og peisen kviskrar at den brenn, og at brannen sluknar, som eit bevis på at tida faktisk går. sjølv om det ikkje kjennest slik. og eg vil sjå fine filmar, men kjem ikkje på kva som er fine lenger, eller kva bøker som er gode. og folk kjem heim ei langhelg frå studiene, og alt blir som før. men så kjem måndagen, og dei set seg på bussen og reiser tilbake til framtida si, og eg reiser på jobb og så heim igjen. og då kan tida vere så relativ som den berre vil, for alt er akkurat som det var uansett.

eg kan ikkje ringe nokon, for eg har ikkje telefon før i morgon ein gong. og det søndag og raudvin, og erik bye ber meg om å lytte til djupet, om å høyre på maneten stemme sine strengar, medan han syng sin blåe salme. men det er vinter, og både manetane og sommarfuglane er borte. og sjølv om eg ikkje er synsk, så veit eg at dagen i morgon ikkje blir min beste dag, men berre endå ein dato på kalenderen. berre endå ei tidlegvakt. endå ein busstur.

vi ser nesten ikkje sola her lenger, det er for det meste overskya.

la oss gå med bare ben langs dine stier, og mens morgendugget kjøler våre tær, vil du lære meg hva jord og himmel sier, til den som uten skam kan bøye sine knær. – vesle jente, erik bye

translation: 
i am  drinking red wine and listening to erik bye songs while the fireplace is burning. somehow it feels as if time moves so fast and yet just stands still. at times i feel everyone is moving forward with their lives except me.