Skip to content

bent or broken, it’s the family tree, each branch a part of a part of me

this is my tree, and it’s a good old tree.

in this house i want to live


alle kjelder finn de her.

for tjue år sidan i dag

vart eg fødd. i dag skal eg feire den, fyrst med familieselskap opp hjå oldemora mi, som blir 85 om nokre dagar (saman er vi 105 år i år!), og så med roadtrip og fest, saman med dei to beste jentene, janne og lene. ein fin bursdag. fin fin bursdag.

translation: today is my birthday! i am 20 years old!

kaleidoskop

vi tar pauser fordi vi er slitne. pauser fordi vi ikkje har meir å gi. og så legg vi oss ned, på senger, i sofaer, på marka, på golvet, på asfalten. og vi stirrer opp, lukker og opner auga i trufast takt. tar inn det vi ser. tar inn det vi tenker. ser tak, ser mørke, ser lys, ser himmel. langt vekke, som i ei boble, høyrer vi lydar som minner oss på kva som eigentleg er. men vi skrur ned volumet. lukkar auga og opnar dei ikkje, men ser for oss det vi såg for eit splittsekund sidan. ser for oss stjernetåke og solstormar. ser for oss skyer som klumpar seg til figurar. ser for oss lysekroner som dinglar som i eit kaleidoskop. ser for oss det, til vi ikkje høyrer anna enn det stille suset av våre eigne lunger som fyller og tømmer seg, den stille tromminga av hjartet som spenner og løsnar seg og fyller årer og tømmer vener for blod. luft og blod. og det går opp for oss at det er alt vi er og alt vi kjem til å bli, og den dagen lungene tømmer seg utan å fylle seg att, den dagen hjartet strammar seg utan å løsne, er den dagen vi ikkje er meir. den dagen kaleidoskopet sluttar å snurre og vi ser at alt er speil og illusjon og vi blir eitt med det. og så sovnar vi. søv ein stille søvn, ein djup søvn som berre kjem ein gong i blant, når ein verkeleg treng det, når ein endeleg er trygg. og når vi vaknar er vi utkvilt og vi forstår; vi tar pauser fordi vi er slitne, vi vaknar fordi vi må.

foto: linka til kjelder.

break my body, hold my bones

eg vaknar av lyset. sengekleda mine er kvite og lyseblå, krøllete, nyvaska. eg gnir meg i auga og blir svart på hendene, eg har ikkje hugsa å fjerna sminken før eg la meg. i nokre minutt blir eg liggande ubevegeleg. stirrar i taket og prøver å tenke. tenke tilbake. eg karrar meg opp og ser på meg sjølv i spegelen. eg er eit lerret av tusen fargar. raudt hår, utsmurt sminke, frekner, blåkular. det gjer vondt å bevege seg. vondt å sette eine foten foran den andre. det er trim å danse i fleire timar på høghelte sko. men det var jo så verdt det der og då. til tross for alle knall og fall. vi lo jo, vi lo mykje. og det er jo litt fint også då, med stjerneskodde på armen og verdskart på beina.

translation: 
about waking up after a party and finding your body completely covered in bruises because you danced and fell and laughed all night.  

raudvin, onsdag, sigarettar, patti smith, parisbohemen og susanne sundfør.

det er onsdag, klokka er ti over halv seks på ettermiddagen og eg sit på balkongen min, drikk raudvin rett frå flaska og røyker marlboro. eg har på meg den raudoransje kjolen eg kjøpte på eid for akkurat ei veke sidan, og gule sko, like gamle. det strøymer fransk pop frå sekstitalet frå høgtalarane til macen min og eg les susanne sundfør sitt intervju i musikkmagasinet eno. ein kan sei mykje om susanne, men eg likar ho. ho er dyktig, ho er menneskleg, ho er kunstnar. eg tar ein sup til av flaska, tenner ein ny røyk og tenker at eg også vil vere kunstnar. så inderleg at eg kanskje vil det for mykje. for mykje til at det kan bli noko bra. ein ny sang slår takt og eg kjem på at det var akkurat slik patti smith tenkte då ho og robert mapplethorpe budde i den vesle leilegheita si i brooklyn. og patti smith vart jo kunstnar, ein av dei største i vår tid, spør du meg. ikkje at eg trur eg nokon sinne blir like stor som ho. så lenge eg kan skape noko og tjene nok av det til å betale husleige, rekningar og ei flaske raudvin i ny og ne, er eg nøgd. berømming fristar ikkje så mykje, eg vil berre vere fri. frå samfunnet og normer. eg vil vere parisbohem på tjue-talet. ha pseudointellektuelle samtalar med hemingway om litteratur og kunst, som i woody allen sin midnight in paris. men parisbohemen er død. om ikkje utrydda, og det gjer meg så inderleg trist. eg veit det er ein klisjé å sei at ein føler ein er fødd i feil epoke, men eg gjer det. eg snakkar liksom ikkje same språket som dei rundt meg. ser ikkje dei same situasjonane eller bekymringane. eg ser kun moglegheiter. om vegen er stengd, la oss klatre over gjerdet då, for faen.

då eg vakna i dag tidleg, var himmelen blå og sola skein, no er det ettermiddag og sola ligg løynd ein stad mellom himmelen og skodda. alt er grått og grønt. grå himmel, grå sjø, grøn mark. det er alt her er, det er alt eg er. det og raudvinslepper. på twitter heiter det emoonsdag, på facebook vesle laurdag, for meg er det ein stad midt i mellom. akkurat som onsdag i seg sjølv. midt i mellom himmel og helvete. eg lurer på kor mange gongar den setninga er skriven før? mellom himmel og helvete, det er jorda det, for alle som trur på slikt. eg veit ikkje kva eg trur på. i alle fall ikkje gud, og ikkje satan heller. før sa eg at eg trudde på menneska, på fakta, men eg veit ikkje. det einaste eg med handa på hjarte kan sei eg trur på, er kunsten. kunsten å puste, å leve, å skape, å bevege ein fot foran den andre. å stramme stemmebanda, munnen og bevege tunga slik at det formar seg ord og setningar å meining. tenk så mykje vi faktisk skaper kvar dag utan å ein gong tenke over det. det er nestan overveldande.

når røyken sloknar skal eg gå inn igjen og rydde ferdig rommet. det er det eg eigentleg driv med i dag. ryddar opp rotet mitt, ryddar hovudet mitt. kristin sa ein gong til meg at ho har det ikkje roleg inni seg, om det er rotete rundt ho. eg veit kva ho meiner. dei siste vekene har eg levd i eit tjernobyl av kle og bøker som har lagt slengt over alt kring meg. eit kaos. no skal eg gjere som susanne sundfør, forvandle kaos til kosmos. kanskje blir det enklare å vakne om morgonen då? kanskje blir det enklare å skape noko ordentleg då? kanskje kan eg skrive ei setning og vite at den ikkje har blitt skriven av hundretusen andre, hundretusen gongar før. det ligg mange opne vegar løynd i eit kanskje.

foto: linka til kjelde.

translation:
sitting on my balcony a wednesday afternoon, smoking marlboro, drinking red wine straight from the bottle and reading art-magazines. wondering what will happen in the future and how it will be and waiting for the future to arrive.  

inspirasjon

de har nok merka det, at eg ikkje har vore spesielt inspirert i det siste. eg har vore ganske trøtt, sove ein del, jobba litt og brukt fritida mi mest mogleg med venner. eg har kosa meg mykje, men når inspirasjonen forsvinn, er det liksom som om gleden i kvardagen også blir litt nedtona. eg treng kreativiteten for å ha det fint, eg treng å skape noko, om det så berre er små finurlege setningar i notatboka, eller overeksponerte bilder frå eit eingongskamera. berre å ha den der gleden, det vesle stikket av stolthet i bakhovudet som seier dette har eg laga, den er så mykje meir nødvendig enn eg har tenkt over. så her er litt inspirasjon til alle dykk som, lik meg, har slitt litt med å finne den i det siste.

1. flickrfavorittar

2. fine tumblrsider:

fuck yeah nebulas (stjerneskodde!<3)

scientific illustration

fuck yeah medicaldiagrams

3. bilder frå då eg var lita og søt

kva inspirerar dykk no i vårsola?

alt er linka

translation: 
i’ve been sort of uninspired lately, so today i thought i’d make a list over things that inspire me: 1. flickr, 2. these tumblrs and 3. pictures from when i was a little girl. everything is linked.

sidan sist

har eg besøkt verdas finaste oldemor

drukke kaffi og snakka mykje med finaste hanne, som var heime i påska



festa mykje, ledd mykje og smilt mykje. jobba litt og sove mykje.

kva har du gjort i det siste?

translation: 
since last time i’ve visited my great-grandmother, astrid. had coffee and visited hanne, who was home for easter. partied a lot, laughed a lot and smiled a lot. worked and slep loads. what have you been up to lately?

the unbearable lightness of being.

det er påske og det snør, ute er alt kvitt og grønt og blått. veslebror er komme heim på ferie. det går i kaffi, bøker og musikk. er sosial frå tid til anna også. men det er litt deilig å berre skru av verden og opne boka.

translation:
it’s the easter holidays. the snow has returned and outside everything is green, white and blue. my oldest youngest brother has come home for the holidays. he mostly sleeps. i spend my time drinking coffee, reading and listening to music. occasionally i socialize, but there is just something so easy and relaxing about turning off the world and opening a book.  

 

kristin, prinsessa på barmøy.

“h-hei” eg er ni år og har nettopp flytta til flatraket. vi er sju stykk i klassen, med meg, og alle har kjent kvarandre sidan fødselen. “heihei!” ho er eit år eldre enn meg og går i femte klasse. har langt, lyst krøllete hår og pannelugg. det er storefri og vi spelar på same lag i kule. det minner om slåball, berre at ingen vinner, noko som kanskje er grunnen til at det er så kjekt også. vi er begge på utelaget, vår oppgåve er å prøve å få takar (tar imot ballen før den treff bakken) eller å skyte ein av spelarane på innelaget medan dei spring frå den vesle sirkelen og til fristedet på andre sida av fotballbana. og dei som spring frå fristedet og tilbake til innelaget. greier vi det, kjem vi inn og vi ledar. det er liksom slik at dei som er på innelaget når klokka ringer, dei har vunne. “aleksander seier at du har hest” innelaget står alle på friplassen og nektar å springe, så det er ikkje så mykje å gjere. ikkje før det berre er éin spelar igjen på inneområdet må dei ta mot til seg og gallopere over bana. siste spelar har alltid tre slag. det er visst rettferdig. “ja, ein fjording, han heiter nesjar” “åh! er han hingst?” “nei, vallak” “kva det betyr?” “at han er kastrert” “kva det betyr?” “at han ikkje kan bli pappa, trur eg” “åja” eg har aldri kjent nokon som har eigen hest før. utanom ridelæraren min, eva, men ho har jo ein heil stall full av hestar og det blir jo noko anna. eg er ni år og har ridd i over eit år. heime under senga mi har eg ein raud pappmasjé sparegris, som eg lagde i tredje klasse då eg budde i måløy og gikk på skram. opp i den ligg alle gebursdagpengar og julepengar eg har fått. eg er ni år og eg sparar til hest. “ehm, kan eg komme på besøk og ri på hesten din?” ho ser i bakken usikkert og eg bit meg i leppa. “eg kan ri altså, eg har ridd i over et år, eg kan både trave og gallopere åleine” “det er ikkje det” seier ho og eg kjenner eg raudnar i andletet og magen synk. “det er berre at… han er litt vanskelig om dagen, men når han roar seg kan du komme på besøk!” janett er sistemann inne og skyt kuleballen langt bak, vi spring for å få tak i den. heile innelaget er på samla flukt. klokka ringer og vi har tapt.

denne historien blir, av ein eller anna merkeleg grunn, alltid ein del av samtalen etter eit glas vin. det var fyrste gongen eg og kristin snakka. “åh, nei! må vi snakke om det!” pleier eg å småle, medan eg gøymer meg bak ei pute, raud som ein tomat i andletet. “kva?” pla kristin sei, “eg syns det er søtt eg! ei søt historie!” “nei, det er kleint!” men eigentleg er det jo ikkje det. no, elleve år etter, er den berre søt. artig. litt rar. litt som oss. ikkje visste vi då, den dagen i 2001, at  det skulle bli byrjinga på eit langt og fint venskap. no er kristin ein av dei næraste vennane eg har. ei av dei få som har sett meg gråte edru, den personen eg ringer fyrst om noko skjer. fjernadopterte systre.

vi spelte trombone saman i korpset (det var kristin som lærte meg å spele trombone). vi har vore på lange rideturar på øya ho vakste opp på, barmen. då eg var seksten budde eg der med ho og familien og hadde min aller fyrste ordentlege jobb i rakfiskbedrifta deira. vi har sett alle ringenes herre filmane i extended version, laga oss biff og drukke raudvin midt på natta då vi var femten, seksten år gamle (før eg vart vegetarianer då eg var sytten). den aller fyrste, ordentlege, konserten eg var på, var dream theater i oslo-spektrum saman med ho då eg var femten. vi budde på plaza i rommet ved siden av far hennar, kledde oss i heil svart og var så slitne i føta på slutten av konserten at sjølv om vi ville dei skulle spele i sju timar til, var vi nesten litt letta over at det var over og vi kunne tusle tilbake og kvile. då kristin flytta til sandane for å gå på musikklinja, var eg ofte på besøk, på den vesle hybelen hennar og draumde om året som kom, då eg sjølv skulle flytte på hybel og vere “vaksen”. eg skulka skulen då ho hadde eksamenskonsert i 2010, og reiste til sandane for å sjå ho. ho spelar piano og syng bedre enn dei fleste og ein dag kjem ho til å bli kjend. sånn ordentleg kjend og alle kjem til å vite kven ho er, men ingen kjem nokon sinne til å forstå nettopp kor fantastisk ho er – både som musiker, men også som menneske. no bur ho i bergen og er lukkeleg forelska i ein flott fyr, håret hennar er brunt og ho har pannelugg igjen. eg ser ho ikkje så ofte, men det gjer liksom ingenting. for når vi fyrst ser kvarandre igjen, er det som om ingenting har endra seg og alt er som før. og sjølv om vi lever to heilt forskjellege liv, veit vi så og sei alt det viktige som skjer i den andre sitt. fjernadopterte systre. kristina og kristin mot verda. eg kunne fortalt mykje meir, men det er liksom litt slik at nokre ting er heilage. nokre ting er ikkje meint for alle å vite.

translation: 
the story of me and my best friend, kristin.